Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Andre Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40

Forrige kapittelNeste kapittel

Dei ti boda
20Gud tala alle desse orda:
   
 2 Eg er Herren din Gud, som førte deg ut frå Egypt, ut frå slavehuset.
   
 3 Du skal ikkje ha andre gudar enn meg.
   
 4 Du skal ikkje laga deg gudebilete, inga etterlikning av noko som er oppe i himmelen eller nede på jorda eller i vatnet under jorda.  5 Du skal ikkje tilbe dei og ikkje la deg lokka til å dyrka dei! For eg, Herren din Gud, er ein nidkjær Gud som straffar borna i tredje og fjerde slektsledd for synda til fedrane når dei hatar meg,  6 men viser trufast kjærleik i tusen slektsledd mot dei som elskar meg og held boda mine.
   
 7 Du skal ikkje misbruka namnet til Herren din Gud, for Herren lèt ikkje den gå fri som misbruker namnet hans.
   
 8 Hugs på sabbatsdagen og hald han heilag.  9 Seks dagar skal du arbeida og gjera all di gjerning, 10 men den sjuande dagen er sabbat for Herren din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di, korkje slaven din eller slavekvinna di, korkje buskapen din eller innflyttaren som bur i byane dine. 11 For på seks dagar laga Herren himmelen og jorda, havet og alt som er i dei; men den sjuande dagen kvilte han. Difor velsigna Herren sabbatsdagen og helga han.
   
12 Du skal heidra far din og mor di, så du kan leva lenge i det landet Herren din Gud gjev deg.
   
13 Du skal ikkje slå i hel.
   
14 Du skal ikkje bryta ekteskapet.
   
15 Du skal ikkje stela.
   
16 Du skal ikkje vitna falskt mot nesten din.
   
17 Du skal ikkje trå etter huset til nesten din. Du skal ikkje trå etter kona til nesten din, slaven eller slavekvinna hans, oksen eller eselet hans eller noko anna som høyrer nesten din til.
   
18 Heile folket var vitne til torebraka og lynglimta, lyden av bukkehorn og røyken frå fjellet. Folket såg det og skalv og vart ståande langt borte. 19 Dei sa til Moses: «Tal med oss du, så skal vi høyra! Men lat ikkje Gud tala med oss, for då kjem vi til å døy.» 20 Då sa Moses til folket: «Ver ikkje redde! Gud er komen for å setja dykk på prøve, og for at de skal frykta han så de ikkje syndar.»
   
21 Så vart folket ståande langt borte, medan Moses nærma seg den tette skodda der Gud var.
Altaret
22 Herren sa til Moses: Dette skal du seia til israelittane: De har sjølve sett at eg har tala med dykk frå himmelen. 23 De skal ikkje laga dykk nokon gud ved sida av meg. Gudar av sølv eller gull skal de ikkje laga dykk.
   
24 Eit altar av jord skal du laga for meg. På det skal du ofra brennoffera og fredsoffera dine og småfeet og storfeet ditt. Overalt der eg lèt namnet mitt nemnast, skal eg koma til deg og velsigna deg. 25 Men om du lagar eit steinaltar for meg, skal du ikkje byggja det av hoggen stein. For bruker du meisel på steinane, vanhelgar du dei. 26 Du skal ikkje gå opp til altaret mitt på trapper, så du ikkje skal koma til å blotta deg framfor det.
2 Mos 20,8 viser til 2 Mos 23,12, 2 Mos 31,13ff, 2 Mos 34,21, 2 Mos 35,2f, Jer 17,21f, Esek 20,12
Note: sabbatsdagen: kan òg omsetjast «kviledagen». ▶festar og høgtider.
2 Mos 20,24 viser til 5 Mos 12,5
Note: ▶offer og soning.
Forrige kapittelNeste kapittel

27. oktober 2021

Dagens Bibelord

Lukas 13,22–30

Les i nettbibelen

22Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste. 23Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei: ... Vis hele teksten

22Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste. 23Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei: 24«Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det. 25Når husherren først har reist seg og stengt døra og de står utanfor og bankar på og seier: ‘Herre, lat opp for oss’, då skal han svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå.’ 26Då kjem de til å seia: ‘Vi har ete og drukke i lag med deg, og du underviste på gatene våre.’ 27Men han skal svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!’ 28Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike medan de sjølve er kasta utanfor. 29Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike. 30Då skal nokre som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, bli dei siste.»