Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ første brev til korintarane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16

Forrige kapittelNeste kapittel
11Etterlikna meg slik eg etterliknar Kristus!
NÅR FORSAMLINGA KJEM SAMAN (11,2–14,40)
Kvinnene i forsamlinga
 2     Eg rosar dykk for at de hugsar på meg i alt og held fast på dei overleveringane som eg har gjeve vidare til dykk.  3 Men eg vil de skal vita at Kristus er hovudet for kvar mann, mannen er hovudet for kvinna, og Gud er hovudet for Kristus.  4 Ein mann som har noko på hovudet når han bed eller talar profetisk, vanærar hovudet sitt.  5 Men ei kvinne som bed eller talar profetisk utan å dekkja til hovudet, vanærar hovudet sitt, for det er det same som å vera snauklipt.  6 Vil ikkje ei kvinne ha noko på hovudet, kan ho like godt klippa håret av seg! Men er det ei skam for ei kvinne å klippa eller barbera håret av seg, må ho dekkja seg til.  7 Men mannen skal ikkje ha noko på hovudet, for han er Guds bilete og ære. Men kvinna er mannens ære.  8 For mannen vart ikkje til av kvinna, men kvinna av mannen.  9 Mannen vart heller ikkje skapt for kvinna skuld, men kvinna for mannen skuld. 10 Difor skal kvinna, for englane skuld, ha noko på hovudet som teikn på sin rett. 11 Men i Herren er ikkje kvinna uavhengig av mannen, og mannen er ikkje uavhengig av kvinna. 12 For liksom kvinna vart til av mannen, så blir mannen fødd av kvinna; men alt er av Gud. 13 Døm sjølve! Sømer det seg for ei kvinne å be til Gud utan noko på hovudet? 14 Lærer ikkje sjølve naturen dykk at det er ei vanære for mannen å ha langt hår, 15 medan det er ei ære for kvinna? For det lange håret er gjeve henne til slør. 16 Men vil nokon skapa strid om dette, så skal de vita at den skikken har ikkje vi, og heller ikkje Guds forsamlingar.
Herrens måltid
17 Når eg no gjev dykk mine påbod, kan eg ikkje rosa dykk for samkomene dykkar. Dei er meir til skade enn til nytte. 18 For det første høyrer eg at de er ueinige når de kjem saman i forsamlinga, og eg trur at det er noko i det. 19 For det må vel vera oppsplitting i flokkar hos dykk, slik at det kan bli klårt kven som held mål. 20 Når de så kjem saman og er samla, er det ikkje Herrens måltid de held. 21 For når de held måltid, tek kvar og ein fram sin eigen mat, og den eine er svolten, den andre drikk seg full. 22 Har de ikkje hus så de kan eta og drikka heime? Eller foraktar de Guds forsamling og lèt dei som ikkje har noko, sitja med skam? Kva skal eg seia til dette? Skal eg rosa dykk? Nei, for dette rosar eg dykk ikkje! 23 For eg har teke imot frå Herren det eg òg har overgjeve til dykk:
        Den natta Herren Jesus vart sviken, tok han eit brød,
24 takka, braut det og sa: «Dette er min kropp, som er for dykk. Gjer dette til minne om meg!» 25 Like eins tok han begeret etter måltidet og sa: «Dette begeret er den nye pakt i mitt blod. Kvar gong de drikk av det, gjer det til minne om meg!» 26 For kvar gong de et dette brødet og drikk av begeret, forkynner de Herrens død, heilt til han kjem. 27 Den som et brødet og drikk Herrens beger på urett vis, syndar mot Herrens kropp og blod. 28 Kvar og ein må prøva seg sjølv, og så skal han eta av brødet og drikka av begeret. 29 For den som et og drikk utan tanke for Herrens kropp, han et og drikk seg sjølv til doms. 30 Difor er det mange veike og sjuke hos dykk, og nokre sovnar inn. 31 Om vi dømde oss sjølve, vart vi ikkje dømde. 32 Men når vi blir dømde av Herren, blir vi refsa, så vi ikkje skal bli fordømde saman med verda.
   
33 Difor, mine sysken: Når de kjem saman til måltid, må de venta på kvarandre! 34 Er nokon svolten, får han eta heime, så ikkje samkomene dykkar skal føra dom over dykk. Om dei andre sakene skal eg gje forskrifter når eg kjem.
Note: overleveringane: det felles kristne læreinnhaldet som dei truande har fått opplæring i. Jf. v. 23; 15,1. ▶overlevering.
Note: slør: Det gr. ordet har grunntydinga «kappe», jf. Hebr 1,12, eller «dekke». Jf. 11,5.
Note: når de held måltid: Nattverden vart halden i samband med eit vanleg måltid, der alle skulle få vera med.
1 Kor 11,23 viser til Matt 26,26ff+, Luk 22,19f, 1 Kor 15,1+
Note: teke imot … overgjeve: tekniske uttrykk, henta frå jødisk formidling av læretradisjon. ▶overlevering.
Forrige kapittelNeste kapittel

20. oktober 2021

Dagens Bibelord

Forkynneren 4,17–5,6

Les i nettbibelen

17Vokt din fot når du går til Guds hus! Det er bedre å komme dit for å lytte enn å bære fram offer slik dårer gjør; de vet ikke annet enn å gjøre det onde. ... Vis hele teksten

17Vokt din fot når du går til Guds hus! Det er bedre å komme dit for å lytte enn å bære fram offer slik dårer gjør; de vet ikke annet enn å gjøre det onde. 1Vær ikke for snar med munnen, og la ikke hjertet forhaste seg når du vil tale et ord for Guds ansikt. For Gud er i himmelen og du på jorden, la derfor dine ord være få! 2Med travelhet følger tankespinn, med dårers tale for mange ord. 3Når du gir Gud et løfte, så drøy ikke med å oppfylle det. For han har ingen glede i dårer. Hold det du har lovet ham! 4Det er bedre at du ikke gir ham noe løfte, enn å love og ikke holde det. 5La ikke munnen få deg til å synde, og si ikke til Guds sendebud: «Jeg gjorde det av vanvare.» Hvorfor vil du gjøre Gud harm med dine ord, så han ødelegger det du har gjort? 6Midt i alle drømmer, all tomhet, alle ord: Ha ærefrykt for Gud! 6