Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Daniel

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12

Neste kapittel

Daniel hos kongen av Babel
1I det tredje året Jojakim var konge i Juda, kom Nebukadnesar, kongen i Babel, til Jerusalem og kringsette byen.  2 Herren gav Juda-kongen Jojakim over i hans hender, og like eins noko av utstyret i Guds hus. Nebukadnesar tok det med til Sinear-landet, til huset til sin gud. Han sette tempelutstyret i skattkammeret til sin gud.
   
 3 Kongen sa til Aspenas, hoffsjefen, at han skulle henta nokre israelittar frå kongsætta og frå dei fremste familiane,  4 unge gutar utan feil på kroppen og vakre å sjå til, kunnige i alle slag visdom, kunnskapsrike og lærenæme, skikka til å gjera teneste i kongens slott. Dei skulle han læra opp i skriftene og språket til kaldearane.  5 Kongen fastsette at dei kvar dag skulle få eta maten og drikka vinen frå kongens bord. I tre år skulle dei få opplæring, og etter den tid skulle dei gå i teneste for kongen.  6 Mellom dei var jødane Daniel, Hananja, Misjael og Asarja.  7 Hoffsjefen gav dei nye namn. Daniel kalla han for Beltsasar, Hananja for Sjadrak, Misjael for Mesjak og Asarja for Abed-Nego.
   
 8 Daniel sette seg føre at han ikkje ville gjera seg urein med maten og vinen frå kongens bord. Han bad hoffsjefen om å få sleppa å gjera seg urein.  9 Og Gud laga det så at hoffsjefen fekk godhug og velvilje for Daniel. 10 Men hoffsjefen sa til Daniel: «Eg er redd for at herren min, kongen, som har fastsett kva de skal eta og drikka, skal synast at de ikkje ser så friske ut som dei andre gutane på dykkar alder, og då har de sett livet mitt i fare hos kongen.» 11 Då sa Daniel til oppsynsmannen som hoffsjefen hadde sett over Daniel, Hananja, Misjael og Asarja: 12 «Prøv tenarane dine i ti dagar! Gjev oss grønsaker å eta og vatn å drikka! 13 Så kan du sjølv sjå korleis vi ser ut, og korleis dei gutane ser ut som et av maten frå kongens bord, og gjera med tenarane dine ut frå det du då får sjå.» 14 Han høyrde på dei i denne saka og prøvde dei i ti dagar. 15 Då dei ti dagane var gått, viste det seg at dei såg betre og sunnare ut enn dei gutane som hadde ete av maten frå kongens bord. 16 Då lét oppsynsmannen dei sleppa denne maten og vinen og gav dei grønsaker.
   
17 Gud gav dei fire gutane kunnskap og vit på alle skrifter og all slags visdom. Og Daniel skjøna seg på alle slags syn og draumar.
   
18 Då den tida kongen hadde fastsett, var ute og dei skulle førast fram for han, førte hoffsjefen dei fram for Nebukadnesar. 19 Kongen snakka med dei, og det fanst ingen som kunne måla seg med Daniel, Hananja, Misjael og Asarja. Og dei gjekk inn i teneste hos kongen. 20 Kvar gong kongen spurde dei til råds i saker som kravde visdom og vit, fann han at dei var ti gonger så vise som alle draumetydarar og åndemanarar i riket.
   
21 Daniel vart verande der til første regjeringsåret til kong Kyros.
Dan 1,1 viser til 2 Kong 24,1-10, 2 Krøn 36,5ff
Note: det tredje året: ca. år 605 f.Kr.
Dan 1,2 viser til 2 Kong 20,17f, Jes 39,6f
Note: Sinear-landet: Babel. Jf. 1 Mos 10,10.
Dan 1,6 viser til Dan 5,13
Dan 1,21 viser til Dan 6,29
Note: Kyros: persarkongen. Jf. Jes 45,1.
Neste kapittel

22. oktober 2021

Dagens Bibelord

Romerne 13,8–12

Les i nettbibelen

8Ha ingen skyld til noen, annet enn det å elske hverandre! Den som elsker sin neste, har oppfylt loven. ... Vis hele teksten

8Ha ingen skyld til noen, annet enn det å elske hverandre! Den som elsker sin neste, har oppfylt loven. 9For disse budene: Du skal ikke bryte ekteskapet, du skal ikke slå i hjel, du skal ikke stjele, du skal ikke begjære, eller hvilket bud det så er, sammenfattes i dette: Du skal elske din neste som deg selv. 10Kjærligheten gjør ikke noe ondt mot nesten. Derfor er kjærligheten oppfyllelse av loven. 11Dessuten vet dere hvilken tid det nå er: Timen er kommet da dere må våkne opp av søvnen, for frelsen er oss nærmere nå enn da vi kom til tro. 12Natten er snart slutt, og dagen er nær. La oss derfor legge bort mørkets gjerninger og kle oss i lysets rustning.