Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Daniel

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12

Forrige kapittelNeste kapittel

Verdsrika og det evige riket
7I det første året Belsasar var konge i Babel, hadde Daniel ein draum, og syn gjekk gjennom hovudet hans medan han låg i senga. Etterpå skreiv han opp draumen. Her tek forteljinga til.
   
 2 Daniel fortalde: Eg såg i eit syn om natta, og sjå! – dei fire himmelens vindar sette det store havet i opprør.  3 Fire store dyr steig opp av havet, det eine ulikt det andre.  4 Det første dyret var likt ei løve og hadde ørnevenger. Medan eg såg på det, vart vengene rivne av, og det vart lyft frå jorda og reist på to føter som eit menneske, og det fekk eit menneskehjarte.  5 Og sjå! – eit dyr til, det andre. Det var likt ein bjørn og vart lyft opp på den eine sida. I gapet mellom tennene hadde det tre sidebein. Og det vart sagt til det: «Stå opp og et mykje kjøt!»  6 Deretter såg eg, og sjå! – eitt til. Det var som ein leopard. Dyret hadde fire fuglevenger på ryggen, og det hadde fire hovud. Det fekk herskarmakt.  7 Deretter såg eg i nattsyna, og sjå! – eit fjerde dyr, fælt og skremmeleg og veldig sterkt. Det hadde store jerntenner og åt og krasa; og det som var att, trakka det ned med føtene. Det var annleis enn alle dei andre dyra og hadde ti horn.  8 Eg såg nøye på horna, og sjå! – endå eit horn. Eit lite horn skaut opp mellom dei. Tre av dei første horna vart rykte opp så det kunne få rom. Dette hornet hadde auge som eit menneske og ein munn som tala store ord.
          
   
 9 Så såg eg:
          Tronstolar vart sette fram,
          og ein som var gammal av dagar, tok sete.
          Kleda hans var kvite som snø
          og håret på hovudet som rein ull.
          Trona var flammande logar,
          og hjula under var logande eld.
          
   
10 Ei elv av eld rann fram,
          ho strøymde ut framfor han.
          Tusen på tusen tente han,
          titusen på titusen stod framfor han.
          Retten vart sett, og bøker vart opna.
        
11 Eg heldt fram med å sjå fordi eg høyrde dei store orda som hornet tala. Og medan eg såg, vart dyret drepe, og kroppen vart knust og kasta på elden for å brennast. 12 Frå dei andre dyra òg vart herskarmakta teken, og livslengda deira vart fastsett med dag og time.
          
   
13 Eg såg i mine nattsyn, og sjå!
          – med himmelskyene
          kom det ein som var lik ein menneskeson.
          Han gjekk bort mot den gamle av dagar
          og vart ført fram for han.
          
   
14 Han fekk herskarmakt, ære og rike
          så alle folk og nasjonar og tungemål skal tena han.
          Hans herskarmakt er ei evig makt
          som ikkje skal forgå.
          Hans rike går aldri til grunne.
        
15 Eg, Daniel, vart uroleg i kropp og sjel. Syna som gjekk gjennom hovudet mitt, skremde meg. 16 Eg gjekk bort til ein av dei som stod der, og bad han om ei påliteleg forklaring på alt dette. Han svara meg og fortalde kva syna tydde: 17 «Desse store dyra, fire i talet, tyder at det skal stå fram fire kongar på jorda. 18 Men dei heilage til Den høgste skal få riket og ha det i eige til evig tid, ja, i ævers æve.»
   
19 Då ønskte eg å få ei påliteleg forklaring på det fjerde dyret. Det var annleis enn alle dei andre, eit skremmeleg dyr med tenner av jern og klør av bronse. Det åt og krasa, og det som vart att, trakka det ned med føtene. 20 Like eins ønskte eg ei forklaring på dei ti horna det hadde på hovudet, det nye hornet som skaut opp, og dei tre andre horna som fall av så det kunne få rom. Dette hornet hadde auge og ein munn som tala store ord, og det var større å sjå til enn dei andre. 21 Eg såg på medan dette hornet førte krig mot dei heilage og vann over dei, 22 heilt til den gamle av dagar kom. Då fekk dei heilage til Den høgste sin rett, og tida kom då dei heilage tok over riket.
   
23 Dette sa han: «Det fjerde dyret tyder at det skal koma eit fjerde rike på jorda, eit som er annleis enn alle dei andre rika. Det skal sluka heile jorda, trakka henne ned og knusa henne. 24 Dei ti horna tyder at det skal stå fram ti kongar frå dette riket. Og etter dei skal det stå fram endå ein konge, som er annleis enn dei som var før han. Han skal tvinga under seg tre kongar. 25 Og han skal tala mot Den høgste og fara hardt fram mot dei heilage til Den høgste. Han skal setja seg føre å endra tider og lover, og dei heilage skal gjevast i hans hand éi tid, tider og ei halv tid. 26 Då skal retten setjast. Herskarmakta skal takast frå han, knusast og gå under for alltid. 27 Riket, herredømet og makta over rika under himmelen skal gjevast til det folket som er dei heilage til Den høgste. Riket deira skal vera eit evig rike, og alle herskarmakter skal tena og lyda dei.»
   
28 Her endar forteljinga. Tankane mine gjorde meg, Daniel, fælande redd, eg bleikna i andletet. Men eg gøymde alt dette i hjartet.
Note: Fire store dyr: fire store rike.
Forrige kapittelNeste kapittel

23. oktober 2021

Dagens Bibelord

Johannes 8,12–14

Les i nettbibelen

12Igjen talte Jesus til folket og sa: «Jeg er verdens lys. Den som følger meg, skal ikke vandre i mørket, men ha livets lys.» 13Fariseerne sa til ham: «Du vitner i egen sak, ditt vitneutsagn er ikke gyldig.» ... Vis hele teksten

12Igjen talte Jesus til folket og sa: «Jeg er verdens lys. Den som følger meg, skal ikke vandre i mørket, men ha livets lys.» 13Fariseerne sa til ham: «Du vitner i egen sak, ditt vitneutsagn er ikke gyldig.» 14Jesus svarte: «Selv om jeg vitner i egen sak, er mitt vitneutsagn gyldig. For jeg vet hvor jeg er kommet fra og hvor jeg går hen. Men dere vet ikke hvor jeg kommer fra og hvor jeg går hen.