Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50

Forrige kapittelNeste kapittel

Slekta til Esau
36Dette er slektshistoria til Esau, det vil seia Edom.  2 Esau tok seg koner mellom Kanaans døtrer: Ada, dotter til hetitten Elon, Oholibama, dotter til Ana, som var son til hevitten Sibon,  3 og Basmat, dotter til Ismael, syster til Nebajot.  4 Ada fødde Esau sonen Elifas, og Basmat fødde Re'uel;  5 Oholibama fødde Je'usj, Jalam og Korah. Dette var dei sønene som Esau fekk i Kanaan.
   
 6 Esau tok konene sine, sønene og døtrene sine og heile huslyden sin, buskapen, alle husdyra sine og alle eigedelane han hadde samla seg i Kanaan, og drog til eit land borte frå Jakob, bror sin.  7 For dei eigde for mykje til å kunna bu saman. Landet der dei budde som innflyttarar, kunne ikkje fø dei, så stor var buskapen deira.  8 Esau slo seg då ned i Se'ir-fjella. Esau, det er Edom.
   
 9 Dette er slektshistoria til Esau, stamfar til edomittane i fjellandet Se'ir. 10 Dette er namna på sønene til Esau: Elifas, son til Ada, kona åt Esau, og Re'uel, son til Basmat, kona åt Esau. 11 Sønene til Elifas var Teman, Omar, Sefo, Gatam og Kenas. 12 Elifas, son til Esau, hadde ei følgjekone som heitte Timna, og ho fødde han Amalek. Dette var etterkomarane av Ada, kona til Esau. 13 Og dette er sønene til Re'uel: Nahat, Serah, Sjamma og Missa. Dette var etterkomarane av Basmat, kona til Esau. 14 Og dette er sønene Esau fekk med kona si Oholibama, dotter til Ana, son åt Sibon: Je'usj, Jalam og Korah.
   
15 Dette er stammehovdingane i ætta til Esau: Sønene til Elifas, den førstefødde sonen til Esau, var hovdingane Teman, Omar, Sefo, Kenas, 16 Korah, Gatam og Amalek. Det er dei hovdingane som stammar frå Elifas i Edom. Dei er etterkomarar av Ada. 17 Og dette er sønene til Re'uel, son åt Esau: hovdingane Nahat, Serah, Sjamma og Missa. Det er dei hovdingane som stammar frå Re'uel i Edom. Dei er etterkomarar av Basmat, kona til Esau. 18 Og dette er sønene til Oholibama, kona åt Esau: hovdingane Je'usj, Jalam og Korah. Det er dei hovdingane som stammar frå Oholibama, dotter til Ana, kona åt Esau. 19 Dette var sønene til Esau, det er Edom, og dei hovdingane som stammar frå dei.
   
20 Dette er sønene til horitten Se'ir, som budde i landet: Lotan, Sjobal, Sibon, Ana, 21 Disjon, Eser og Disjan. Det er hovdingane til horittane, sønene åt Se'ir i Edom. 22 Sønene til Lotan var Hori og Hemam, og syster hans var Timna. 23 Dette er sønene til Sjobal: Alvan, Manahat, Ebal, Sjefo og Onam. 24 Dette er sønene til Sibon: Ajja og Ana. Det er den Ana som fann dei varme kjeldene i ørkenen då han gjette esla til Sibon, far sin. 25 Dette er borna til Ana: Disjon og dottera Oholibama. 26 Og dette er sønene til Disjon: Hemdan, Esjban, Jitran og Keran. 27 Dette er sønene til Eser: Bilhan, Saavan og Akan. 28 Og dette er sønene til Disjan: Us og Aran.
   
29 Dette er stammehovdingane til horittane: hovdingane Lotan, Sjobal, Sibon, Ana, 30 Disjon, Eser og Disjan. Dette var hovdingane til horittane i Se'ir, hovding for hovding.
   
31 Dette er dei kongane som rådde i Edom før det var nokon konge over Israel: 32 Bela, son til Beor, var konge i Edom, og byen hans heitte Dinhaba. 33 Då Bela døydde, vart Jobab, son til Serah frå Bosra, konge etter han. 34 Då Jobab døydde, vart Husjam frå Teman konge etter han. 35 Då Husjam døydde, vart Hadad, son til Bedad, konge etter han. Det var han som slo midjanittane på slettelandet i Moab. Byen hans heitte Avit. 36 Då Hadad døydde, vart Samla frå Masreka konge etter han. 37 Då Samla døydde, vart Saul frå Rehobot ved elva konge etter han. 38 Då Saul døydde, vart Baal-Hanan, son til Akbor, konge etter han. 39 Då Baal-Hanan, son til Akbor, døydde, vart Hadar konge etter han. Byen hans heitte Pa'u, og kona hans heitte Mehetabel. Ho var dotter til Matred, dotter til Mesahab.
   
40 Dette er namna på stammehovdingane til Esau, nemnde etter slekt, bustad og namn: hovdingane Timna, Alva, Jetet, 41 Oholibama, Ela, Pinon, 42 Kenas, Teman, Mibsar, 43 Magdiel og Iram. Dette var hovdingane i Edom etter bustad i det landet dei eigde. Edom er Esau, stamfar til edomittane.
1 Mos 36,2 viser til 1 Mos 26,34
Note: hetitten, hevitten: ▶folkeslag i Kanaan.
Forrige kapittelNeste kapittel

28. oktober 2021

Dagens Bibelord

2. Korintar 13,5–10

Les i nettbibelen

5Ransak dykk sjølve om de er i trua. Prøv dykk sjølve! Eller kjenner de ikkje at Jesus Kristus er i dykk? Kan det vera at de ikkje står dykkar prøve? 6Men eg håpar de skal skjøna at vi har stått vår prøve. ... Vis hele teksten

5Ransak dykk sjølve om de er i trua. Prøv dykk sjølve! Eller kjenner de ikkje at Jesus Kristus er i dykk? Kan det vera at de ikkje står dykkar prøve? 6Men eg håpar de skal skjøna at vi har stått vår prøve. 7Vi bed til Gud at de ikkje må gjera noko vondt. Ikkje for å visa at vi har stått vår prøve, men for at de skal gjera det som godt er. Så kan det gjerne sjå ut som om vi ikkje står vår prøve. 8For vi maktar ingen ting mot sanninga, berre for sanninga. 9Difor gleder vi oss når vi er veike, berre de er sterke. Og det vi bed om, er at de må nå fram til stadig større mognad. 10Difor skriv eg dette før eg kjem, så eg ikkje skal bli nøydd til å fara strengt fram mot dykk når eg er komen, og bruka den fullmakta Herren har gjeve meg. For den har eg fått for å byggja opp, ikkje for å riva ned.