Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50

Forrige kapittelNeste kapittel

Isak blir fødd
21Herren tok seg av Sara slik han hadde sagt. Det han hadde lova, gjorde Herren for Sara.  2 Sara vart med barn og fødde ein son til Abraham på hans gamle dagar, ved den tid Gud hadde sagt han.  3 Abraham kalla den nyfødde son sin, som Sara hadde fødd han, for Isak.  4 Og Abraham omskar Isak, son sin, då han var åtte dagar gammal, slik Gud hadde pålagt han.  5 Abraham var hundre år gammal då han fekk Isak, son sin.
   
 6 Då sa Sara: «Gud har fått meg til å le. Og alle som høyrer dette, kjem til å le med meg.»  7 Og ho sa: «Kven skulle vel sagt til Abraham at Sara skulle få barn å amma! Og så har eg fødd han ein son på hans gamle dagar.»
Hagar og Ismael
 8 Barnet voks opp og vart avvant. Abraham heldt eit stort festmåltid den dagen Isak vart avvand.  9 Men Sara såg at sonen som Hagar frå Egypt hadde fødd til Abraham, leika og lo. 10 Då sa ho til Abraham: «Driv bort denne slavekvinna og son hennar! For son til denne slavekvinna skal ikkje arva saman med Isak, son min.» 11 Abraham tok dette svært tungt, for det gjaldt son hans. 12 Men Gud sa til Abraham: «Ikkje ta det så tungt, dette med guten og tenestekvinna. Du skal høyra på alt det Sara seier til deg. For gjennom Isak skal du få ei ætt som skal kallast di. 13 Men sonen til slavekvinna vil eg òg gjera til eit folkeslag, for han er ditt barn.»
   
14 Morgonen etter stod Abraham tidleg opp, tok brød og ein skinnsekk med vatn og la det på akslene til Hagar, og sende henne og barnet frå seg. Ho villa seg bort i ørkenen ved Beer-Sjeba. 15 Då vatnet i skinnsekken tok slutt, la ho barnet frå seg under ein av buskane. 16 Så gjekk ho og sette seg om lag eit bogeskot lenger borte. For ho tenkte: «Eg kan ikkje sjå på at barnet døyr.» Medan ho sat der, tok ho til å gråta høgt.
   
17 Gud høyrde røysta til guten. Og Guds engel ropa til Hagar frå himmelen og sa: «Kva er det med deg, Hagar? Ver ikkje redd! For Gud har høyrt røysta til guten der han ligg. 18 Reis deg, hjelp guten opp og hald han fast i handa! For eg vil gjera han til eit stort folkeslag.» 19 Så opna Gud auga hennar, og ho fekk sjå ein brønn med vatn. Ho gjekk og fylte skinnsekken med vatn og lét guten drikka. 20 Gud var med guten, og han voks til. Han budde i ørkenen og vart bogeskyttar. 21 Han budde i Paran-ørkenen, og mor hans skaffa han ei kone frå Egypt.
Abraham gjer pakt med Abimelek
22 På den tida sa Abimelek og Pikol, hærføraren hans, til Abraham: «Gud er med deg i alt du gjer. 23 Sver no ved Gud at du ikkje vil handla svikefullt mot meg eller mot borna og etterkomarane mine! Som eg har vore god mot deg, skal du vera god mot meg og det landet du har fått bu i som innflyttar.» 24 Abraham svara: «Ja, eg sver.»
   
25 Abraham kom med klagemål mot Abimelek på grunn av ein brønn som tenarane til Abimelek hadde teke. 26 Men Abimelek sa: «Eg veit ikkje kven som har gjort dette. Du har ikkje fortalt meg om det, og eg har heller ikkje høyrt om det før i dag.» 27 Då tok Abraham småfe og storfe og gav Abimelek, og dei gjorde ei pakt med kvarandre. 28 Men Abraham sette sju holam for seg sjølve. 29 Då sa Abimelek til han: «Kvifor har du sett desse sju lamma for seg sjølve?» 30 Han svara: «Desse sju lamma skal du ta imot av meg som vitnemål om at eg har grave denne brønnen.» 31 Difor vart staden kalla Beer-Sjeba; for der svor dei begge ein eid. 32 Slik gjorde dei ei pakt i Beer-Sjeba. Så tok dei ut, Abimelek og Pikol, hærføraren hans, og dei drog tilbake til filistarlandet. 33 Abraham planta ein tamarisk i Beer-Sjeba, og der kalla han på namnet til Herren, Den evige Gud. 34 Og Abraham vart buande lenge som innflyttar i filistarlandet.
Note: Isak: Namnet tyder «han skal le». Jf. 17,17; 18,12; 21,6.
1 Mos 21,9 viser til Gal 4,29f
Note: leika og lo: Septuaginta har «leika med Isak, son hennar».
Note: barnet: Ifølgje kronologien i forteljinga skulle Ismael her vera ungdom. Jf. 16,16; 17,25; 21,5.8. Kanskje er ulike tradisjonar føydde saman. Beer-Sjeba: by ca. 70 km sørvest for Jerusalem.
Note: tok … høgt: Septuaginta har «byrja han å gråta».
Note: Gud høyrde, Gud har høyrt: viser til namnet Ismael, «Gud høyrer». Jf. 16,11.
Note: Paran-ørkenen: ørkenområde nord for Sinai-fjellet, opp mot Negev, med oasen Kadesj. Jf. 4 Mos 13,3.26.
Note: Beer-Sjeba: kan tyda «brønnen til dei sju» eller «eidsbrønnen». Gjennom eit ordspel blir dei «sju» (hebr. sjeba) lamma knytte til det «å sverja ein eid» (hebr. sjaba).
Forrige kapittelNeste kapittel

26. oktober 2021

Dagens Bibelord

Romarane 2,1–11

Les i nettbibelen

1Difor har du ikkje noko å unnskylda deg med, du menneske som dømmer, kven du så er. Når du dømmer ein annan, fordømmer du deg sjølv. For du som dømmer, gjer sjølv det same. 2Og vi veit at Guds dom med full rett råkar dei som driv med slikt. ... Vis hele teksten

1Difor har du ikkje noko å unnskylda deg med, du menneske som dømmer, kven du så er. Når du dømmer ein annan, fordømmer du deg sjølv. For du som dømmer, gjer sjølv det same. 2Og vi veit at Guds dom med full rett råkar dei som driv med slikt. 3Men når du, menneske, dømmer dei som gjer dette, og sjølv gjer det same, meiner du då at du skal sleppa unna Guds dom? 4Eller foraktar du at han er grenselaust god, tolmodig og langmodig? Skjønar du ikkje at Guds godleik driv deg til omvending? 5Med ditt harde hjarte som ikkje vil venda om, hopar du opp vreide over deg til vreidedagen, når Gud openberrar sin rettferdige dom. 6Han skal løna kvar og ein etter det han har gjort: 7Dei som trufast gjer det gode og søkjer herlegdom, ære og uforgjengelegdom, skal få evig liv. 8Men dei som berre tenkjer på seg sjølve, som er ulydige mot sanninga og lèt seg leia av uretten, har vreide og harme i vente. 9Naud og angst skal koma over kvart menneske som gjer det vonde, jøde først og så grekar. 10Men herlegdom, ære og fred skal den få som gjer det gode, jøde først og så grekar. 11For Gud gjer ikkje forskjell på folk.