Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50

Forrige kapittelNeste kapittel

Herren gjer pakt med Abram
15Etter at dette hadde hendt, kom Herrens ord til Abram i eit syn: «Ver ikkje redd, Abram! Eg er ditt skjold. Løna di skal bli stor!»  2 Men Abram svara: «Herre, min Gud, kva vil du gje meg? For barnlaus går eg bort, og Elieser frå Damaskus er arving til huset mitt.»  3 Og Abram sa: «Du har ikkje gjeve meg etterkomarar. Sjå, ein av husfolket mitt skal arva meg.»  4 Då kom Herrens ord til han: «Han skal ikkje arva deg, men ein av ditt eige kjøt og blod skal arva deg.»  5 Så førte han Abram ut og sa til han: «Sjå opp mot himmelen og tel stjernene, om du kan telja dei!» Og han sa: «Så talrik skal ætta di bli.»  6 Abram trudde Herren, og det vart rekna han til rettferd.
   
 7 Og han sa til han: «Eg er Herren, som førte deg ut frå Ur i Kaldea for å gje deg dette landet i arv.»  8 Abram sa: «Herre, min Gud, korleis kan eg vita at eg skal få det i arv?»  9 Då svara han: «Hent meg ei treårs kvige, ei treårs geit og ein treårs vêr, ei turteldue og ein dueunge.» 10 Abram henta alt dette til han, skar dyra i to og la delane rett mot kvarandre. Men fuglane skar han ikkje i to. 11 Rovfuglar slo ned på skrottane, men Abram dreiv dei bort.
   
12 Då sola heldt på å gå ned, fall ein djup søvn over Abram. Og sjå, redsle og eit stort mørker fall over han. 13 Og Gud sa til Abram: «Dette skal du vita: Ætta di skal bu som innflyttarar i eit land som ikkje er deira. Dei skal vera slavar og bli plaga av folket der i fire hundre år. 14 Men det folket dei må slava for, vil eg òg dømma, og sidan skal dei dra ut med stort bytte. 15 Sjølv skal du gå til fedrane dine i fred, i høg alder skal du bli gravlagd. 16 I det fjerde slektsleddet skal dei koma tilbake hit. For syndeskulda til amorittane har enno ikkje fylt sitt mål.»
   
17 Sola gjekk ned, og det vart mørkt. Og sjå, ein rykande omn kom til syne, og ein flammande fakkel fór mellom kjøtstykka. 18 Den dagen gjorde Herren ei pakt med Abram og sa: «Di ætt gjev eg dette landet, frå Egyptarelva heilt til Storelva, Eufrat, 19 landet til kenittane, kenisittane og kadmonittane, 20 hetittane, perisittane og refaittane, 21 amorittane, kanaanearane, girgasjittane og jebusittane.»
Note: arving: Tydinga av det hebr. ordet er usikker.
Note: Her blir det gjennomført eit gammalt ritual for to partar som gjer ei ▶pakt med kvarandre. Ved å gå mellom kjøtstykka forpliktar partane seg, jf. Jer 34,18. Her er det berre Gud som forpliktar seg, jf. v. 17.
Note: ein rykande … fakkel: teikn på at Gud er nær. Jf. 2 Mos 19,16.18.
1 Mos 15,18 viser til 1 Mos 12,7+
Note: gjorde … ei pakt: Hebr. har «skar ei pakt». Jf. v. 9f. frå Egyptarelva … Eufrat: Så langt skal Israels rike ha nådd då det var på det største. Jf. Jos 1,4; 2 Sam 8,3.
Note: ▶folkeslag i Kanaan.
Forrige kapittelNeste kapittel

26. oktober 2021

Dagens Bibelord

Romarane 2,1–11

Les i nettbibelen

1Difor har du ikkje noko å unnskylda deg med, du menneske som dømmer, kven du så er. Når du dømmer ein annan, fordømmer du deg sjølv. For du som dømmer, gjer sjølv det same. 2Og vi veit at Guds dom med full rett råkar dei som driv med slikt. ... Vis hele teksten

1Difor har du ikkje noko å unnskylda deg med, du menneske som dømmer, kven du så er. Når du dømmer ein annan, fordømmer du deg sjølv. For du som dømmer, gjer sjølv det same. 2Og vi veit at Guds dom med full rett råkar dei som driv med slikt. 3Men når du, menneske, dømmer dei som gjer dette, og sjølv gjer det same, meiner du då at du skal sleppa unna Guds dom? 4Eller foraktar du at han er grenselaust god, tolmodig og langmodig? Skjønar du ikkje at Guds godleik driv deg til omvending? 5Med ditt harde hjarte som ikkje vil venda om, hopar du opp vreide over deg til vreidedagen, når Gud openberrar sin rettferdige dom. 6Han skal løna kvar og ein etter det han har gjort: 7Dei som trufast gjer det gode og søkjer herlegdom, ære og uforgjengelegdom, skal få evig liv. 8Men dei som berre tenkjer på seg sjølve, som er ulydige mot sanninga og lèt seg leia av uretten, har vreide og harme i vente. 9Naud og angst skal koma over kvart menneske som gjer det vonde, jøde først og så grekar. 10Men herlegdom, ære og fred skal den få som gjer det gode, jøde først og så grekar. 11For Gud gjer ikkje forskjell på folk.