Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50

Forrige kapittelNeste kapittel
8Men Gud kom i hug Noah og alle villdyra og alt feet som var med han i arka. Gud lét ein vind blåsa over jorda, og vatnet tok til å siga.  2 Kjeldene i djupet og slusene i himmelen vart stengde, regnet frå himmelen stansa,  3 og vatnet drog seg bort frå jorda litt etter litt. Då 150 dagar var lidne, byrja vatnet å minka.
   
 4 Den syttande dagen i den sjuande månaden vart arka ståande på Ararat-fjella.  5 Og vatnet minka meir og meir heilt til den tiande månaden. Den første dagen i den tiande månaden kom fjelltoppane til syne.
   
 6 Då førti dagar var lidne, opna Noah luka han hadde laga på arka,  7 og sleppte ut ramnen. Han flaug att og fram til vatnet hadde tørka bort frå jorda.  8 Så sende han ut dua for å sjå om det hadde vorte mindre vatn på jordoverflata.  9 Men dua fann ingen stad der ho kunne kvila foten sin, og vende attende til han i arka, for det stod vatn over heile jorda. Han rette ut handa, greip dua og tok henne inn til seg i arka. 10 Han venta sju dagar til og sende så dua ut att frå arka. 11 Då det leid mot kveld, kom dua til han. Og sjå, ho hadde eit grønt oljeblad i nebbet. Då skjøna Noah at det hadde vorte mindre vatn på jorda. 12 Og han venta endå sju dagar. Så sende han ut dua, og då kom ho ikkje att til han meir.
   
13 I det året Noah fylte 601 år, den første dagen i den første månaden, hadde vatnet tørka bort frå jorda. Då tok Noah taket av arka og såg ut. Og sjå, jordoverflata hadde tørka opp. 14 Den tjuesjuande dagen i den andre månaden var jorda tørr.
   
15 Og Gud tala til Noah: 16 «Gå ut av arka, du og kona di og sønene dine og svigerdøtrene dine med deg! 17 Alle dyra som er hos deg, alt som lever, både fugl og fe og alt kryp som det kryr av på jorda, skal du ta med deg. Det skal myldra av dei på jorda, og dei skal vera fruktbare og bli mange.» 18 Så gjekk Noah ut saman med sønene sine og kona si og svigerdøtrene sine. 19 Og alle ville dyr og alt fe og alle fuglar og alt kryp som det kryr av på jorda, art etter art, gjekk ut av arka.
   
20 Noah bygde eit altar for Herren, og han tok nokre reine dyr og nokre reine fuglar og ofra brennoffer på altaret. 21 Og Herren kjende den gode angen. Då sa Herren i sitt hjarte: «Eg vil aldri meir forbanna jorda for mennesket skuld, sjølv om menneskehjartet vil det vonde frå ungdomen av. Aldri meir vil eg drepa alt som lever, slik eg no har gjort.
          
   
22 Så lenge jorda står,
          skal såtid og innhausting, kulde og hete,
          sommar og vinter, dag og natt
          aldri ta slutt.»
Note: Ararat-fjella: fjelltrakter i Armenia. Jf. 2 Kong 19,37.
1 Mos 8,20 viser til 1 Mos 12,8, 1 Mos 13,4-18, 1 Mos 26,25, 1 Sam 7,17, 1 Sam 14,35
Note: brennoffer: ▶offer og soning.
Forrige kapittelNeste kapittel

27. oktober 2021

Dagens Bibelord

Lukas 13,22–30

Les i nettbibelen

22Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste. 23Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei: ... Vis hele teksten

22Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste. 23Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei: 24«Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det. 25Når husherren først har reist seg og stengt døra og de står utanfor og bankar på og seier: ‘Herre, lat opp for oss’, då skal han svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå.’ 26Då kjem de til å seia: ‘Vi har ete og drukke i lag med deg, og du underviste på gatene våre.’ 27Men han skal svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!’ 28Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike medan de sjølve er kasta utanfor. 29Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike. 30Då skal nokre som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, bli dei siste.»