Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Brevet til hebrearane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13

Forrige kapittelNeste kapittel

Guds folk har ei kvile i vente
4Lat oss difor vera på vakt så det ikkje skal visa seg at nokon av dykk blir liggjande etter, sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno gjeld.  2 For den gode bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, vart til inga nytte, fordi dei ikkje vart eitt i trua saman med dei som høyrde det.  3 Og det er vi som trur, som går inn til kvila. For han sa:
           Så svor eg i min vreide:
           Aldri skal dei koma inn til mi kvile!
Guds gjerningar var rett nok fullførte då verda vart grunnlagd.
 4 For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen frå alle sine gjerningar.  5 Men her seier han: « Aldri skal dei koma inn til mi kvile!»  6 Så står det framleis igjen at nokre skal koma inn til kvila. Dei som først fekk den gode bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige.  7 Difor fastset han på nytt ein dag: «i dag», når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt:
           I dag, om de høyrer hans røyst,
           så gjer ikkje hjartet dykkar hardt.
 8 For om Josva hadde ført folket inn til kvila, då hadde ikkje Gud seinare tala om ein annan dag.  9 Så er det då framleis ei sabbatskvile i vente for Guds folk. 10 Den som er komen inn til hans kvile, får kvila frå sine gjerningar, liksom Gud kvilte frå sine. 11 Lat oss difor vera ivrige etter å koma inn til denne kvila, så ingen fell frå på grunn av same slag ulydnad.
   
12 For Guds ord er levande og verksamt. Det er skarpare enn noko tvieggja sverd og trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømmer dei tankar og planar som bur i hjartet. 13 Ingen skapning er løynd for han. Alt ligg ope og nake for auga på han som vi skal gjera rekneskap for.
JESUS, DEN STORE ØVSTEPRESTEN (4,14–10,18)
Prøvd i alt
14     Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått inn gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan lida med oss i vår vanmakt, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor stiga fram for nådens kongsstol med frimod, så vi kan finna miskunn og finna nåde som gjev hjelp i rette tid.
Hebr 4,14 viser til Hebr 2,17, Hebr 3,1, Hebr 5,1-10, Hebr 6,20, Hebr 7,26, Hebr 8,1, Hebr 9,11
Note: øvsteprest: den leiande mellom prestane, og den einaste som ein gong i året kunne gå inn i Det høgheilage i tempelet, til Gud. ▶prest.
Forrige kapittelNeste kapittel

21. oktober 2021

Dagens Bibelord

3. Mosebok 19,32–37

Les i nettbibelen

32Du skal reise deg for de grå hår og vise de gamle ære. Du skal frykte din Gud. Jeg er Herren. 33Når en innflytter bor i landet hos dere, skal dere ikke gjøre urett mot ham. ... Vis hele teksten

32Du skal reise deg for de grå hår og vise de gamle ære. Du skal frykte din Gud. Jeg er Herren. 33Når en innflytter bor i landet hos dere, skal dere ikke gjøre urett mot ham. 34Innflytteren som bor hos dere, skal være som en av deres egne landsmenn. Du skal elske ham som deg selv. For dere har selv vært innflyttere i Egypt. Jeg er Herren deres Gud. 35Dere skal ikke gjøre urett mot noen når dere dømmer, når dere bruker lengdemål, vekt eller hulmål. 36Rett vekt og rette lodd, rett efa og rett hin skal dere bruke. Jeg er Herren deres Gud, som førte dere ut av Egypt. 37Dere skal holde alle mine forskrifter og lover og leve etter dem! Jeg er Herren.