Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Samuelsbok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31

Forrige kapittelNeste kapittel

Hannas lovsong
2Hanna bad og sa:
        
          Mitt hjarte frydar seg i Herren,
           Herren gjev meg stor kraft.
          Eg ler av mine fiendar,
          for eg gleder meg over di frelse.
          
   
 2 Ingen er heilag som Herren,
          for ingen er til utan du,
          det finst ikkje fjell som vår Gud.
          
   
 3 Snakk ikkje med så store og stolte ord,
          lat ikkje frekt snakk gå ut av munnen!
          For Herren er ein Gud som allting veit,
          han prøver kvar ei gjerning.
          
   
 4 Bogane til dei mektige blir brotne,
          men dei som vaklar, kler seg i kraft.
          
   
 5 Mette må arbeida for sitt brød,
          men svoltne slepp å hungra meir.
          Barnlaus kvinne føder sju born,
          den som er rik på søner, visnar vekk.
          
   
 6 Herren tek liv og gjev liv,
          han sender ned til dødsriket,
          og han fører opp att.
          
   
 7 Herren gjer fattig, og han gjer rik,
          han fornedrar, og han opphøgjer.
          
   
 8 Han reiser den veike opp av støvet
          og lyfter den fattige frå dungen.
          Han lèt dei sitja blant stormenn
          og gjev dei ein ærefull plass.
          For søylene på jorda høyrer Herren til,
          på dei bygde han verda opp.
          
   
 9 Han vaktar føtene til dei trugne,
          men dei urettferdige må teia i mørkret.
          For ingen er sterk i eiga kraft.
          
   
10 Herren knuser sine fiendar.
          Han lèt det torna over dei frå himmelen,
           Herren dømmer den vide jord.
          Han vil gje sin konge styrke
          og sin salva stor kraft!
        
11 Så drog Elkana heim til Rama. Men guten vart verande og gjorde teneste for Herren, og presten Eli hadde tilsyn med han.
Eli-sønene syndar
12 Sønene til Eli var ugudelege. Dei kjende ikkje Herren. 13 Slik fór prestane fram mot folket: Når nokon bar fram eit slaktoffer, kom prestens tenar medan dei kokte kjøtet. Han hadde med seg ein tretinda gaffel. 14 Den stakk han ned i panna eller gryta, kjelen eller krukka, og alt som kom opp med gaffelen, tok presten sjølv. Slik gjorde dei mot alle israelittar som kom til Sjilo. 15 Endå før dei hadde brent feittet, kom prestens tenar og sa til den som ofra: «Gjev presten kjøt å steikja! Han tek ikkje imot kokt kjøt av deg, berre rått.» 16 Om då mannen svara: «Først må feittet brennast, sidan kan du ta det du vil», sa tenaren: «Nei, gjev meg det straks, elles tek eg det med makt.» 17 Synda dei unge mennene gjorde for Herrens andlet, var svært stor; dei viste ingen respekt for Herrens offer.
   
18 Men Samuel gjorde teneste for Herrens andlet. Alt som gut bar han presteklede av lin. 19 Kvart år laga mor hans ei lita kappe til han. Den tok ho med når ho saman med mannen sin drog opp for å bera fram det årlege slaktofferet. 20 Eli velsigna Elkana og kona hans og sa: « Herren gjeve deg fleire born med denne kvinna i staden for han som ho bad om for Herrens skuld.» Så drog dei heim att. 21 Herren såg med omsorg til Hanna, og ho vart med barn att. Ho fekk tre søner og to døtrer. Men guten Samuel voks opp hos Herren.
   
22 Eli var no svært gammal. Då han fekk høyra kva sønene hans gjorde mot alle israelittane, og at dei låg med kvinnene som gjorde teneste ved inngangen til teltheilagdomen, 23 sa han til dei: «Kvifor gjer de slikt? Frå heile folket høyrer eg om dei vonde gjerningane dykkar. 24 Det må ikkje vera slik, sønene mine! Det er ikkje noko godt rykte, høyrer eg, som går mellom Herrens folk. 25 Når ein mann syndar mot ein annan, skal Gud dømma han. Men når ein mann syndar mot Herren, kven skal då be for han?» Men dei høyrde ikkje på far sin, for Herren ville at dei skulle døy. 26 Guten Samuel voks og var til glede både for Herren og for menneske.
Eli-slekta blir vraka
27 Det kom ein gudsmann til Eli og sa til han: Så seier Herren: Openberra eg meg ikkje for slekta til far din då dei var slavar for farao og hans hus i Egypt? 28 Og eg valde dei ut blant alle Israels stammar til å gjera presteteneste for meg og stiga opp til mitt altar, brenna røykjelse og bera presteklede for mitt andlet. Slekta til far din har eg gjeve retten til alle gåveoffera frå israelittane. 29 Kvifor viser du forakt for slaktofferet mitt og grødeofferet mitt som eg har gjeve påbod om i min bustad? Kvifor ærar du sønene dine meir enn meg, så de feitar dykk med det beste av alle offergåvene som mitt folk Israel ber fram? 30 Difor seier Herren, Israels Gud: Eg har nok sagt at ditt hus og huset til far din skal gjera teneste for mitt andlet for alltid. Men no seier Herren: Så skal ikkje henda! Dei som ærar meg, vil eg æra, men dei som foraktar meg, skal bli til skamme. 31 Sjå, dagar skal koma då eg bryt både di makt og makta til farsslekta di, så ingen blir gammal i ditt hus. 32 Med misunning skal du sjå alt det gode han gjer mot Israel, men i ditt hus skal ingen bli gammal. 33 Berre ein einaste mann i ditt hus vil eg la vera å rydda bort frå altaret mitt. Eg vil la auga dine slokna og livet ditt tærast bort, og alle som veks opp i ditt hus, skal døy i sin beste alder. 34 Det som råkar dei to sønene dine, Hofni og Pinhas, skal du ha til teikn: Dei skal begge døy på éin dag. 35 Men eg vil la ein trufast prest stå fram. Han skal handla etter mitt hjarte og min vilje. For han vil eg byggja eit hus som står støtt, og han skal gjera teneste hos min salva alle sine dagar. 36 Det skal gå slik at dei som er att av ditt hus, kjem til han og bed på sine kne om eit pengestykke og ein brødbit og seier: «Lat meg få vera med i eit av prestelauga så eg kan få litt mat å eta.»
1 Sam 2,1 viser til Luk 1,47
Note: Herren gjev meg stor kraft: eig. «høgt er hornet mitt i Herren».
1 Sam 2,2 viser til 2 Mos 15,11, Sal 18,3
Note: fjell: biletleg uttrykk for Gud.
1 Sam 2,10 viser til 1 Sam 7,10, Sal 18,14+, Sal 89,25, Sal 132,17
Note: sin salva: Israels konge. Jf. 9,16; 15,17.
Note: Sønene til Eli: Hofni og Pinhas. Jf. 1,3.
Note: presteklede: hebr. efod. ▶prest.
Note: Med misunning: Tydinga av dei hebr. orda er usikker. Orda manglar i eit handskrift frå ▶Qumran og i ▶Septuaginta.
Forrige kapittelNeste kapittel

16. oktober 2021

Dagens Bibelord

Jeremia 29,4–7

Les i nettbibelen

4Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud, til alle som eg har ført i eksil frå Jerusalem til Babel: 5Bygg dykk hus og bu i dei, planta dykk hagar og et frukta! ... Vis hele teksten

4Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud, til alle som eg har ført i eksil frå Jerusalem til Babel: 5Bygg dykk hus og bu i dei, planta dykk hagar og et frukta! 6Ta dykk koner og få søner og døtrer! Ta koner til sønene dykkar og gift bort døtrene dykkar, så dei kan få søner og døtrer. Der skal de bli fleire og ikkje færre. 7De skal fremja fred for den byen eg har ført dykk til i eksil, og de skal be til Herren for han! For når han har fred, har de òg fred.