Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Hosea

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14

Forrige kapittelNeste kapittel

Israel skal bli til skamme
10Israel var ein frodig vinstokk
          som bar mykje frukt.
          Jo meir frukt,
          dess fleire altar.
          Jo betre land,
          dess betre steinstøtter.
          
   
 2 Sleipt er hjartet deira,
          no må dei ta på seg skulda.
          Han skal bryta ned altara deira
          og slå sund steinstøttene.
          
   
 3 No må dei seia:
          «Vi har ingen konge,
          for vi har ikkje frykta Herren.
          Og kongen, kva kan han gjera for oss?»
          
   
 4 Dei har tala tomme ord,
          svore falskt og gjort pakter.
          Retten blømer
          som giftplanter i plogfòrene.
          
   
 5 Dei som bur i Samaria,
          er redde kalven i Bet-Aven.
          Folket hans sørgjer over han,
          og avgudsprestane klagar,
          for hans herlegdom er bortført.
          
   
 6 Han skal òg førast til Assur
          som gåve til storkongen.
          Skam skal Efraim få,
          Israel skal bli til skamme
          på grunn av planane sine.
          
   
 7 Samaria skal gå til grunne,
          kongen skal bli som ein kvist på vatnet.
          
   
 8 Avens offerhaugar skal utslettast,
          Israels synd.
          Torn og tistel skal veksa
          opp over altara deira.
          Dei skal seia til fjella: Løyn oss!
          og til haugane: Fall over oss!
          
   
 9 Frå Gibeas dagar har du synda, Israel.
          Der har dei vorte ståande.
          Skulle ikkje krigen nå dei i Gibea?
          Eg vil koma over ugjerningsmennene
          
   
10 for å tukta dei.
          Folkeslag skal samla seg mot dei
          når dei blir tukta for si doble skuld.
          
   
11 Efraim var ei tamd kvige
          som gjerne ville treskja,
          og eg sparte den vakre nakken hennar.
          No vil eg spenna Efraim for,
          Juda skal pløya og Jakob harva.
          
   
12 Så med rettferd,
          haust med kjærleik,
          bryt dykk nybrot!
          For no er det tid for å søkja Herren,
          inntil han kjem
          og lèt rettferd regna over dykk.
          
   
13 De har pløgd ned urett
          og hausta vondskap
          og ete frukta av løgn.
          For du stola på din eigen veg
          og på alle krigarane dine.
          
   
14 Difor skal krigslarm reisa seg i folket ditt,
          og alle borgene dine skal øydeleggjast,
          slik Sjalman øydela Bet-Arbel
          på stridens dag, då mor og born vart knuste.
          
   
15 Slik vil eg gjera med dykk i Betel
          fordi vondskapen dykkar er stor.
          Når dagen gryr,
          er det ute med Israels konge.
Hos 10,1 viser til 5 Mos 6,10ff, Hos 3,4, Hos 8,11+
Note: altar … steinstøtter: på offerstadene i Kanaan, der det gjekk føre seg urett gudsdyrking.
Hos 10,5 viser til Hos 8,5, Hos 10,8
Note: kalven i Bet-Aven: oksebiletet som kong Jeroboam 1. hadde sett opp i Betel. Jf. 1 Kong 12,28f. >Jos 7,2.
Note: Gibeas dagar: >9,9.
Hos 10,14 viser til Jes 13,16, Hos 14,1, Nah 3,10
Note: Sjalman: Det er uvisst kven det blir sikta til. Bet-Arbel: by i Austjordanlandet, sidan kalla Arbela.
Forrige kapittelNeste kapittel

16. oktober 2021

Dagens Bibelord

Jeremia 29,4–7

Les i nettbibelen

4Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud, til alle som eg har ført i eksil frå Jerusalem til Babel: 5Bygg dykk hus og bu i dei, planta dykk hagar og et frukta! ... Vis hele teksten

4Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud, til alle som eg har ført i eksil frå Jerusalem til Babel: 5Bygg dykk hus og bu i dei, planta dykk hagar og et frukta! 6Ta dykk koner og få søner og døtrer! Ta koner til sønene dykkar og gift bort døtrene dykkar, så dei kan få søner og døtrer. Der skal de bli fleire og ikkje færre. 7De skal fremja fred for den byen eg har ført dykk til i eksil, og de skal be til Herren for han! For når han har fred, har de òg fred.