Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Femte Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34

Forrige kapittelNeste kapittel
11Difor skal du elska Herren din Gud og alltid halda det han har fastsett, forskriftene, lovene og boda hans.
Herrens storverk
 2 Den dag i dag kjenner de Herren dykkar Guds oppseding, som borna dykkar ikkje kjenner og ikkje har sett:
          hans velde,
          hans sterke hand og hans utstrekte arm,
          
   
 3 dei teikn og gjerningar han gjorde i Egypt
          mot farao, kongen i Egypt,
          og heile landet hans,
          
   
 4 det han gjorde med hæren til egyptarane,
          med hestane og vognene deira
          då han lét vatnet i Sivsjøen velta innover dei
          medan dei forfølgde dykk,
          så han gjorde ende på dei for alltid,
          
   
 5 det han gjorde for dykk i ørkenen,
          heilt til de kom til denne staden,
          
   
 6 og det han gjorde med Datan og Abiram,
          sønene til Eliab, son til Ruben,
          den gongen jorda opna gapet
          og slukte dei og familiane deira,
          telta deira og kvar levande skapning i følgjet deira,
          midt iblant alle israelittane.
 7 Ja, med eigne auge har de sett alle dei storverka som Herren har gjort.
Eit land med mjølk og honning
 8 Hald difor alle dei boda eg gjev deg i dag, slik at de kan bli sterke og kan koma og ta det landet de er på veg til og skal leggja under dykk.  9 Då skal de få leva lenge i det landet som Herren med eid lova fedrane dykkar at han ville gje til dei og etterkomarane deira, eit land som fløymer med mjølk og honning.
   
10 For det landet du no går inn i og skal leggja under deg, liknar ikkje Egypt, det landet de drog ifrå. Der måtte du, som i ein grønsakhage, bruka føtene når du skulle så frøet ditt og vatna. 11 Men landet de no er på veg til for å leggja under dykk, er eit land med fjell og dalar. Det får vatn å drikka av regnet frå himmelen. 12 Det er eit land som Herren din Gud har omsut for. Alltid kviler Herren din Guds auge på det, frå året byrjar til det endar.
   
13 Om de lyder dei boda som eg gjev dykk i dag, og elskar Herren dykkar Gud og tener han av heile dykkar hjarte og heile dykkar sjel, 14 vil eg la landet få regn i rett tid, haustregn og vårregn, så du kan hausta inn korn, ny vin og fin olje. 15 Gras skal eg la veksa på marka for buskapen din, og du skal få eta deg mett. 16 Men akta dykk så ikkje hjartet blir ført på avvegar, så de vender dykk bort og dyrkar andre gudar og tilbed dei. 17 For då logar Herrens harme opp mot dykk. Han stengjer himmelen så det ikkje fell regn og jorda ikkje gjev grøde. Og de går snart til grunne i det gode landet som Herren gjev dykk.
   
18 Så ber då desse orda mine i hjarte og sinn. Bind dei om handa som eit teikn og ber dei på panna som eit merke. 19 Lær dei vidare til borna dykkar, snakk om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp. 20 Skriv dei på dørstolpane i huset ditt og på portane dine. 21 Då skal de og etterkomarane dykkar få leva lenge på den jorda som Herren med eid lova å gje fedrane dykkar, like lenge som himmelen kvelver seg over jorda.
   
22 For dersom de legg vinn på å halda alle desse boda som eg gjev dykk, og lever etter dei så de elskar Herren dykkar Gud, alltid går på hans vegar og held fast ved han, 23 då skal Herren driva ut alle desse folkeslaga framfor dykk, og de skal jaga bort folkeslag som er større og sterkare enn de. 24 Kvar stad de set foten på, skal høyra dykk til. Området dykkar skal strekkja seg frå ørkenen og Libanon, frå den store elva Eufrat, til havet i vest. 25 Ingen skal kunna stå seg mot dykk. Herren dykkar Gud skal setja skrekk og redsle for dykk i alt land de set foten på, slik som han har lova.
   
26 Sjå, i dag legg eg fram for dykk velsigning og forbanning: 27 velsigning så sant de lyder boda frå Herren dykkar Gud, som eg gjev dykk i dag; 28 forbanning dersom de ikkje lyder boda frå Herren dykkar Gud, men tek av frå den vegen eg i dag byd dykk å gå, og følgjer andre gudar som de ikkje kjenner. 29 Når Herren din Gud har ført deg inn i det landet du no er på veg til og skal leggja under deg, så skal du lysa velsigning over Garisim-fjellet og forbanning over Ebal-fjellet. 30 Som alle veit, ligg desse fjella på den andre sida av Jordan, der sola går ned, i landet til kanaanearane som bur på Araba-sletta, rett imot Gilgal, ved More-eika.
   
31 No skal de gå over Jordan for å gå inn og ta det landet som Herren dykkar Gud vil gje dykk. Når de har teke det og busett dykk der, 32 følg då trufast alle dei forskrifter og lover som eg legg fram for dykk i dag.
Note: bruka føtene: I Egypt vart jorda vatna ved irrigasjonssystem som kan ha vore drivne ved at ein trakka eit vasshjul for å pumpa vatn frå Nilen.
5 Mos 11,24 viser til 4 Mos 34,2-12, Jos 1,3f
Note: Kvar stad … foten på: viser til ei juridisk handling der ein skifte ut eigedom ved å stega opp grensene.
5 Mos 11,30 viser til 1 Mos 12,6
Note: Gilgal: ikkje Gilgal i Jordan-dalen (>Jos 4,19), men nær Sikem (>1 Mos 12,6).
Forrige kapittelNeste kapittel

22. oktober 2021

Dagens Bibelord

Romerne 13,8–12

Les i nettbibelen

8Ha ingen skyld til noen, annet enn det å elske hverandre! Den som elsker sin neste, har oppfylt loven. ... Vis hele teksten

8Ha ingen skyld til noen, annet enn det å elske hverandre! Den som elsker sin neste, har oppfylt loven. 9For disse budene: Du skal ikke bryte ekteskapet, du skal ikke slå i hjel, du skal ikke stjele, du skal ikke begjære, eller hvilket bud det så er, sammenfattes i dette: Du skal elske din neste som deg selv. 10Kjærligheten gjør ikke noe ondt mot nesten. Derfor er kjærligheten oppfyllelse av loven. 11Dessuten vet dere hvilken tid det nå er: Timen er kommet da dere må våkne opp av søvnen, for frelsen er oss nærmere nå enn da vi kom til tro. 12Natten er snart slutt, og dagen er nær. La oss derfor legge bort mørkets gjerninger og kle oss i lysets rustning.