Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ brev til galatarane

1 2 3 4 5 6

Forrige kapittelNeste kapittel

Paulus blir godteken av dei andre apostlane
2Fjorten år etter drog eg på nytt opp til Jerusalem, saman med Barnabas; eg hadde òg Titus med meg.  2 Eg reiste dit på grunn av ei openberring. Og i eit særskilt møte med dei mest framståande la eg fram det evangeliet eg forkynner mellom folkeslaga. For eg ville ikkje springa, eller ha sprunge, til inga nytte.  3 Men ikkje eingong Titus, som var med meg, og som er grekar, vart nøydd til å la seg omskjera.  4 Det kravet kom frå nokre falske sysken som hadde lurt seg inn; dei ville spionera på den fridomen vi har i Kristus Jesus, for å gjera oss til slavar.  5 Men ikkje ein augneblink gav vi etter og bøygde oss for dei. For vi ville at sanninga i evangeliet skulle stå fast hos dykk.  6 Og dei som gjekk for å vera noko – kor store dei var, er det same for meg, for Gud gjer ikkje forskjell på folk – dei la ikkje nye krav på meg.  7 Tvert imot skjøna dei at det var tiltrudd meg å forkynna evangeliet for dei uomskorne, slik det var tiltrudd Peter å forkynna for dei omskorne.  8 For han som med si kraft gjorde Peter til apostel for dei omskorne, han gjorde meg til apostel for heidningfolka.  9 Og då Jakob, Kefas og Johannes, dei som blir rekna for å vera sjølve søylene, skjøna kva nåde eg hadde fått, gav dei meg og Barnabas handa til teikn på fellesskap. Vi skulle gå til heidningfolka, dei skulle gå til dei omskorne. 10 Men vi måtte hugsa på dei fattige, og akkurat det har eg lagt vinn på å gjera.
Både jødar og heidningar blir rettferdige ved tru
11 Men då Kefas kom til Antiokia, sa eg han imot, beint opp i andletet, for oppførselen hans dømde han. 12 Før det kom nokre frå Jakob, heldt han måltid saman med dei heidningkristne. Men då dei kom, trekte han seg bort og heldt seg unna, for han var redd dei omskorne. 13 På same måten hykla dei andre jødekristne, så til og med Barnabas vart dregen med i hykleriet deira. 14 Men då eg såg at dei ikkje gjekk beint fram etter sanninga i evangeliet, sa eg til Kefas så alle høyrde på: «Når du som er jøde, sjølv ikkje lever som ein jøde, men som ein heidning, korleis kan du då tvinga heidningane til å leva som jødar?» 15 Vi er av fødsel jødar og ikkje syndarar av heidningætt. 16 Men då vi skjøna at ikkje noko menneske blir rettferdig for Gud ved gjerningar som lova krev, men berre ved trua på Jesus Kristus, då sette vi òg vår lit til Kristus Jesus, så vi kunne seiast rettferdige ved trua på Kristus og ikkje ved lovgjerningar. For ved lovgjerningar blir ikkje noko menneske rettferdig. 17 Men om det skulle visa seg at vi òg er syndarar, vi som har som mål å bli rettferdige i Kristus, blir ikkje då Kristus ein tenar for synda? Langt ifrå! 18 Dersom eg byggjer opp att det eg sjølv har rive ned, då blir eg ståande som ein lovbrytar. 19 Ved lova døydde eg bort frå lova, så eg kan leva for Gud. Eg er krossfest med Kristus; 20 eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Og det livet eg no lever som menneske av kjøt og blod, det lever eg i trua på Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg. 21 Eg forkastar ikkje Guds nåde. For dersom vi kan vinna rettferd ved lova, då døydde Kristus til inga nytte.
Gal 2,1 viser til Apg 15,2
Gal 2,2 viser til Fil 2,16
Note: for eg … til inga nytte: eit bilete frå idrettslivet eller militærlivet.
Note: søylene: brukt om religiøse leiarar, ordet er òg kjent frå rabbinsk tradisjon.
Gal 2,10 viser til Apg 24,17, Rom 15,25ff, 1 Kor 16,1
Note: dei fattige: forsamlinga i Jerusalem. Jf. Rom 15,26.
Note: Antiokia: var på denne tida basen for misjonsverksemda til Paulus. Jf. Apg 14,26; 15,30.35.
Gal 2,12 viser til Apg 10,28, Apg 11,2f
Note: nokre frå Jakob: frå forsamlinga i Jerusalem, der Jakob, Jesu bror, var leiar. trekte han seg bort: Jødane meinte at dei vart ureine om dei åt saman med heidningar.
Gal 2,19 viser til Rom 7,1ff
Forrige kapittelNeste kapittel

22. oktober 2021

Dagens Bibelord

Romerne 13,8–12

Les i nettbibelen

8Ha ingen skyld til noen, annet enn det å elske hverandre! Den som elsker sin neste, har oppfylt loven. ... Vis hele teksten

8Ha ingen skyld til noen, annet enn det å elske hverandre! Den som elsker sin neste, har oppfylt loven. 9For disse budene: Du skal ikke bryte ekteskapet, du skal ikke slå i hjel, du skal ikke stjele, du skal ikke begjære, eller hvilket bud det så er, sammenfattes i dette: Du skal elske din neste som deg selv. 10Kjærligheten gjør ikke noe ondt mot nesten. Derfor er kjærligheten oppfyllelse av loven. 11Dessuten vet dere hvilken tid det nå er: Timen er kommet da dere må våkne opp av søvnen, for frelsen er oss nærmere nå enn da vi kom til tro. 12Natten er snart slutt, og dagen er nær. La oss derfor legge bort mørkets gjerninger og kle oss i lysets rustning.