Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50

Forrige kapittelNeste kapittel

Isak får Rebekka til kone
24Abraham var no gammal og langt oppi åra, og Herren hadde velsigna han på alle vis.  2 Då sa Abraham til den eldste tenaren i huset, han som styrte over alt han eigde: «Legg handa di i fanget mitt,  3 så vil eg ta deg i eid ved Herren, Gud over himmel og jord, på at du ikkje skal ta ei kone til son min blant døtrene til kanaanearane som bur omkring meg,  4 men at du skal dra til mitt land og mi slekt og henta ei kone til Isak, son min.»  5 Tenaren sa til han: «Kan henda kvinna ikkje vil følgja med meg hit til dette landet. Skal eg då ta son din med tilbake til det landet som du drog ut frå?»  6 Abraham svara: «Pass på at du aldri fører son min dit att!  7 Herren, Gud i himmelen, tok meg bort frå farshuset og fedrelandet mitt, og han tala til meg og svor på å gje ætta mi dette landet. Han skal senda sin engel framfor deg så du kan henta ei kone til son min der.  8 Men vil ikkje kvinna følgja deg, skal du vera løyst frå eiden. Ta berre ikkje son min tilbake dit!»  9 Då la tenaren handa si i fanget til Abraham, herren sin, og lova han dette med eid.
   
10 Så tok tenaren ti av kamelane til herren sin og drog av stad med alle slag kostelege saker. Han gav seg i veg til aramearlandet mellom elvane, til byen der Nahor budde. 11 Han lét kamelane leggja seg ned ved ein brønn utanfor byen. Det var i kveldinga, på den tida kvinnene plar gå ut for å henta vatn. 12 Så sa han: « Herre, du som er Gud for Abraham, herren min, lat det lukkast for meg i dag, og syn at du er god mot Abraham, herren min! 13 Sjå, her står eg ved vasskjelda medan døtrene frå byen kjem for å dra opp vatn. 14 Lat det gå slik at når eg seier til ei jente: Rekk meg krukka di så eg kan drikka, og ho svarar: Berre drikk, du, og kamelane dine vil eg òg gje å drikka, då er det henne du har valt ut for tenaren din, Isak. På det skal eg skjøna at du har vore god mot herren min.»
   
15 Og sjå, før han var ferdig med å be, kom Rebekka, dotter til Betuel, son til Milka, som var gift med Nahor, bror til Abraham. Ho kom ut med krukka si på aksla. 16 Jenta var overlag vakker, ei jomfru som ingen mann hadde vore nær. Ho gjekk ned til kjelda, fylte krukka og kom opp att. 17 Då sprang tenaren imot henne og sa: «Lat meg få drikka litt vatn frå krukka di!» 18 Ho svara: «Drikk, herre!» Straks lyfte ho krukka ned på armen og gav han å drikka. 19 Ho lét han drikka ferdig, og så sa ho: «Eg vil dra opp vatn til kamelane dine òg, heilt til dei har drukke seg utørste.» 20 Ho skunda seg og tømde krukka i vasstrauet. Så sprang ho bort til brønnen for å dra opp vatn. Og ho drog opp vatn til alle kamelane hans. 21 Mannen såg på henne utan å seia noko. No skulle han få vita om Herren hadde late reisa hans lukkast eller ikkje.
   
22 Då kamelane var ferdige med å drikka, tok mannen fram ein gullring til henne, han vog ein halv sjekel, og to armband av gull, dei vog ti sjekel. 23 Så sa han: «Fortel meg no kven du er dotter til! Er det husrom hos far din, så vi kan overnatta der?» 24 Ho svara: «Eg er dotter til Betuel, son til Milka og Nahor. 25 Vi har rikeleg av både halm og fôr», sa ho, «husrom til overnatting har vi òg.» 26 Då bøygde mannen seg til jorda og tilbad Herren. 27 Han sa: «Velsigna er Herren, som er Gud for Abraham, herren min! Han har aldri slutta vera god og trufast mot herren min. På vegen har Herren ført meg til huset der slekta til herren min bur.»
   
28 Jenta sprang heim og fortalde familien til mor si kva som hadde hendt. 29 Rebekka hadde ein bror som heitte Laban. Han sprang ut til mannen ved kjelda. 30 Då han såg ringen og armbanda på hendene til systera og høyrde henne fortelja kva mannen hadde sagt, drog han ut til mannen, som framleis stod hos kamelane ved kjelda. 31 Laban sa: «Kom, du som er velsigna av Herren! Kvifor står du her ute? Eg har gjort huset i stand og gjort plass for kamelane.» 32 Då kom mannen inn i huset og leste av kamelane. Han fekk halm og fôr til dyra, og vatn så han og dei som var med han, kunne vaska føtene. 33 Men då dei sette fram mat til han, sa han: «Nei, eg vil ikkje eta før eg har sagt det eg har å seia.» «Fortel!» svara dei.
   
34 Då sa han: Eg er tenaren til Abraham. 35 Herren har velsigna min herre rikt, så han har vorte ein stor mann. Han har gjeve han småfe og storfe, sølv og gull, slavar og slavekvinner, kamelar og esel. 36 Og Sara, kona til herren min, har fødd han ein son på sine gamle dagar. Han har gjeve sonen alt han eig. 37 No har herren min teke meg i eid og sagt: «Du skal ikkje ta ei kone til son min blant døtrene til kanaanearane i landet der eg bur. 38 Men du skal dra til farshuset mitt og slekta mi og henta ei kone til son min.» 39 Då sa eg til herren min: «Men kan henda kvinna ikkje vil følgja med meg?» 40 Han svara: «For Herrens andlet har eg levd. Han skal senda sin engel saman med deg og la reisa di lukkast, så du kan henta ei kone til son min frå slekta mi og farshuset mitt. 41 Men du skal vera løyst frå eiden til meg dersom du kjem til slekta mi og dei ikkje vil gje henne til deg. Då er du løyst frå eiden.» 42 I dag, då eg kom til kjelda, sa eg: « Herre, du som er Gud for Abraham, herren min, lat denne reisa mi lukkast! 43 Sjå, her står eg ved vasskjelda. Lat det gå slik at når det kjem ei ung jente ut for å dra opp vatn, og eg seier til henne: Lat meg få drikka litt vatn av krukka di! 44 og ho svarar: Berre drikk, du, og eg skal dra opp vatn til kamelane dine òg, då er ho den kvinna som Herren har valt ut for son til herren min.» 45 Og sjå, før eg var ferdig med å be i hjartet mitt, kom Rebekka med krukka på aksla. Ho gjekk ned til kjelda og drog opp vatn. Då sa eg til henne: «Lat meg få drikka!» 46 Straks lyfte ho krukka ned og sa: «Berre drikk, du, og kamelane dine vil eg òg gje å drikka.» Eg drakk, og ho gav òg kamelane å drikka. 47 «Kven er du dotter til?» spurde eg henne. Ho svara: «Eg er dotter til Betuel, son til Nahor og Milka.» Då sette eg ringen i nasen hennar og la armbanda om handledda. 48 Så bøygde eg meg til jorda og tilbad Herren. Eg velsigna Herren, som er Gud for Abraham, herren min. For han hadde ført meg på rett veg, så eg kunne ta ei jente av slekta etter bror til herren min som kone for son hans. 49 Vil de no vera gode og trufaste mot herren min, så fortel meg det! Og vil de ikkje, så fortel meg det òg, så eg kan vita om vegen går til høgre eller til venstre.
   
50 Då svara Laban og Betuel: «Dette kjem frå Herren. Vi kan ingenting seia, anten for eller mot. 51 Sjå, her står Rebekka framfor deg. Ta henne med! Ho skal bli kone for son til herren din, slik Herren har sagt!» 52 Då tenaren til Abraham høyrde det, bøygde han seg til jorda for Herren. 53 Så tok han fram klede og smykke av sølv og gull og gav Rebekka. Han hadde òg kostelege gåver til broren og mora. 54 Så åt dei og drakk, han og mennene som var med han, og dei var der natta over.
        Då dei stod opp neste morgon, sa han: «Lat meg få dra tilbake til herren min!»
55 Men broren og mor hennar sa: «Lat jenta vera hos oss ei tid, ti dagar eller så! Deretter kan du dra.» 56 Då svara han: «Hald meg ikkje tilbake no når Herren har late reisa mi lukkast! Lat meg få dra heim til herren min!» 57 Dei sa: «Lat oss ropa på jenta og spørja henne sjølv.» 58 Så ropa dei på Rebekka og sa til henne: «Vil du reisa med denne mannen?» Ho svara: «Ja, eg vil reisa.» 59 Så sende dei Rebekka, syster si, og fostermor hennar av stad saman med tenaren til Abraham og mennene hans. 60 Dei velsigna Rebekka og sa til henne:
          «Måtte du, vår syster,
          bli til tusen gonger ti tusen!
          Måtte di ætt ta
          fiendens portar!»
61 Så steig Rebekka og tenestejentene hennar opp på kamelane og følgde tenaren. Han tok Rebekka med seg og drog i veg.
   
62 Isak, som heldt til i Negev, kom no frå Lahai-Ro'i-brønnen. 63 I kveldinga tok han seg ein tur ut på marka. Han såg opp, og der fekk han sjå nokre kamelar som nærma seg. 64 Då Rebekka såg opp og fekk auge på Isak, steig ho snøgt ned frå kamelen. 65 Ho spurde tenaren: «Kven er den mannen som kjem imot oss bortpå marka?» Tenaren svara: «Det er herren min.» Då tok ho sløret og dekte seg til. 66 Tenaren fortalde no Isak alt det han hadde gjort. 67 Så førte Isak Rebekka inn i teltet som Sara, mor hans, hadde eigd. Han tok Rebekka til kone, og han elska henne. Såleis fann Isak trøyst i sorga over mora.
1 Mos 24,2 viser til 1 Mos 15,2
Note: den eldste tenaren: Elieser frå Damaskus, jf. 15,2. Legg … fanget: symbolsk handling som skulle stadfesta eiden, v. 3, jf. 47,29.
Note: mitt land: Harran i Mesopotamia, jf. 11,31; 24,10.
Note: aramearlandet mellom elvane: Mesopotamia. byen der Nahor budde: Harran, jf. 11,31. >24,4.
Note: 1/2 sjekel: ca. 6 g. 10 sjekel: ca. 114 g.
1 Mos 24,62 viser til 1 Mos 16,14+
Note: Lahai-Ro'i-brønnen: >16,14.
Forrige kapittelNeste kapittel

22. oktober 2021

Dagens Bibelord

Romerne 13,8–12

Les i nettbibelen

8Ha ingen skyld til noen, annet enn det å elske hverandre! Den som elsker sin neste, har oppfylt loven. ... Vis hele teksten

8Ha ingen skyld til noen, annet enn det å elske hverandre! Den som elsker sin neste, har oppfylt loven. 9For disse budene: Du skal ikke bryte ekteskapet, du skal ikke slå i hjel, du skal ikke stjele, du skal ikke begjære, eller hvilket bud det så er, sammenfattes i dette: Du skal elske din neste som deg selv. 10Kjærligheten gjør ikke noe ondt mot nesten. Derfor er kjærligheten oppfyllelse av loven. 11Dessuten vet dere hvilken tid det nå er: Timen er kommet da dere må våkne opp av søvnen, for frelsen er oss nærmere nå enn da vi kom til tro. 12Natten er snart slutt, og dagen er nær. La oss derfor legge bort mørkets gjerninger og kle oss i lysets rustning.