Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ første brev til korintarane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16

Forrige kapittelNeste kapittel

Nådegåvene
12Når det gjeld Andens gåver, sysken, vil eg ikkje at de skal vera utan kunnskap.  2 De veit at då de var heidningar, vart de viljelaust dregne med til dei stumme avgudane.  3 Difor kunngjer eg dykk at ingen som talar i Guds Ande, seier: «Forbanna vere Jesus!» Og ingen kan seia: «Jesus er Herre!» utan i Den heilage ande.
   
 4 Nådegåvene er ulike, men Anden er den same.  5 Tenestene er ulike, men Herren er den same.  6 Dei kraftige verknadene er ulike, men Gud er den same, han som er verksam og gjer alt i alle.  7 Hos kvar einskild openberrar Anden seg slik at det tener til det gode.  8 For ved Anden blir det gjeve den eine å forkynna visdom, den andre å forkynna kunnskap ved den same Anden.  9 Éin får ei særskild tru ved den same Anden, ein annan nådegåver til å lækja ved den eine Anden. 10 Éin får gåva å gjera mektige gjerningar, éin å tala profetisk, ein annan å prøva ånder. Éin får gåva å tala ulike tunger, ein annan får tyding av tungene. 11 Alt dette er eit verk av den eine og same Anden, som deler ut sine gåver til kvar einskild som han vil.
   
12 For liksom kroppen er éin, endå han har mange lemer, er alle lemene éin kropp, endå dei er mange. Slik er det med Kristus òg. 13 For med éin Ande vart vi alle døypte til å vera éin kropp, anten vi er jødar eller grekarar, slavar eller frie, og alle fekk vi éin Ande å drikka. 14 For kroppen er heller ikkje éin lem, men mange. 15 Om foten ville seia: «Fordi eg ikkje er hand, høyrer eg ikkje med til kroppen», så høyrer han like fullt med til kroppen. 16 Og om øyret ville seia: «Fordi eg ikkje er auge, høyrer eg ikkje med til kroppen», så høyrer det like fullt med til kroppen. 17 Om heile kroppen var auge, kvar vart det då av høyrsla? Om alt var høyrsle, kvar vart det då av luktesansen? 18 Men no har Gud gjeve kvar einskild lem sin plass på kroppen, så som han ville det. 19 Om dei alle var éin lem, kvar vart det då av kroppen? 20 Men no er det mange lemer, men berre éin kropp. 21 Auget kan ikkje seia til handa: «Eg treng deg ikkje», eller hovudet til føtene: «Eg har ikkje bruk for dykk». 22 Tvert imot! Dei lemene på kroppen som synest vera veikast, kan vi ikkje vera utan. 23 Og dei lemene på kroppen som vi tykkjer er verde mindre ære, dei viser vi heller større ære, og dei lemene som vi kjenner skam ved, kler vi endå meir sømeleg; 24 dei andre lemene treng det ikkje. Men Gud har sett kroppen saman slik at det som manglar ære, heller får større ære, 25 så det ikkje skal vera strid i kroppen, men at lemene skal ha same omsorg for kvarandre. 26 For om ein lem lid, så lid alle dei andre med. Og om ein lem blir æra, gleder alle dei andre seg.
   
27 Men de er Kristi kropp, og kvar av dykk ein lem på han. 28 I kyrkja har Gud for det første sett nokre til apostlar, for det andre profetar, for det tredje lærarar, deretter gåva å gjera mektige gjerningar, deretter nådegåver til å lækja, til å hjelpa, til å leia og til å tala i ulike tunger. 29 Er vel alle apostlar? Er alle profetar? Er alle lærarar? Gjer alle mektige gjerningar? 30 Har alle nådegåver til å lækja? Talar alle i tunger? Kan alle tyda tungene? 31 Men ver ivrige etter å få dei største nådegåvene!
Kjærleiken
Og endå vil eg visa dykk ein betre veg:
Forrige kapittelNeste kapittel

20. oktober 2021

Dagens Bibelord

Forkynneren 4,17–5,6

Les i nettbibelen

17Vokt din fot når du går til Guds hus! Det er bedre å komme dit for å lytte enn å bære fram offer slik dårer gjør; de vet ikke annet enn å gjøre det onde. ... Vis hele teksten

17Vokt din fot når du går til Guds hus! Det er bedre å komme dit for å lytte enn å bære fram offer slik dårer gjør; de vet ikke annet enn å gjøre det onde. 1Vær ikke for snar med munnen, og la ikke hjertet forhaste seg når du vil tale et ord for Guds ansikt. For Gud er i himmelen og du på jorden, la derfor dine ord være få! 2Med travelhet følger tankespinn, med dårers tale for mange ord. 3Når du gir Gud et løfte, så drøy ikke med å oppfylle det. For han har ingen glede i dårer. Hold det du har lovet ham! 4Det er bedre at du ikke gir ham noe løfte, enn å love og ikke holde det. 5La ikke munnen få deg til å synde, og si ikke til Guds sendebud: «Jeg gjorde det av vanvare.» Hvorfor vil du gjøre Gud harm med dine ord, så han ødelegger det du har gjort? 6Midt i alle drømmer, all tomhet, alle ord: Ha ærefrykt for Gud! 6