Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ brev til efesarane

1 2 3 4 5 6
Se film

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.

Neste kapittel >

Helsing
1Paulus, etter Guds vilje Kristi Jesu apostel, helsar dei heilage *i Efesos•, dei truande i Kristus Jesus:  2 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!
Alt i Kristus
     3 Velsigna er Gud,
          vår Herre Jesu Kristi Far,
          han som i Kristus velsigna oss
          med all Andens velsigning
          i himmelen.
          
   
 4 I Kristus valde han oss ut
          før verda vart grunnlagd,
          til å stå for hans andlet,
          heilage og utan feil.
          I kjærleik
          
   
 5 og etter sin eigen gode vilje
          avgjorde han på førehand
          at vi skulle få rett til å vera
          hans born ved Jesus Kristus,
          
   
 6 til lov og pris for hans herlegdom og nåde,
          som han så rikeleg gav oss
          i han som han elskar så høgt.
          
   
 7 I han har vi fridomen,
          kjøpt med hans blod,
          tilgjeving for syndene.
          For så rik er Guds nåde,
          
   
 8 som han lét strøyma over oss
          med all visdom og forstand,
          
   
 9 då han gjorde kjent for oss
          sin viljes mysterium,
          det han gjerne ville gjera i han.
          
   
10 Han ville fullføra sin frelseplan
          då tida var fullmogen:
          å samla alt til eitt i Kristus,
          alt i himmelen og på jorda i han.
          
   
11 I han fekk vi òg arverett,
          slik det frå først var tiltenkt oss
          etter forsettet til han som gjennomfører alt
          etter sin eigen plan og vilje,
          
   
12 så vi som alt har sett vår von
          til Kristus,
          skal vera til lov og pris
          for hans herlegdom.
          
   
13 I han høyrde de sanningsordet,
          evangeliet om frelsa dykkar.
          I han kom de òg til tru,
          merkte med seglet til Anden,
          Den Heilage, han som var lova,
          
   
14 han som er pantet på arven
          til Guds eige folk blir sett fri,
          til lov og pris for hans herlegdom.

Takk og bøn
15 Difor held eg ikkje opp med å takka Gud for dykk når eg hugsar på dykk i bønene mine. 16 For eg har høyrt om dykkar tru på Herren Jesus og om dykkar kjærleik til alle dei heilage. 17 Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må gje dykk visdoms og openberrings Ande, så de lærer Gud å kjenna. 18 Må han lysa opp auga til dykkar hjarte, så de får innsikt i kva håp han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage 19 og kor overveldande hans kraft er mellom oss som trur. For hans makt og styrke er veldig. 20 Med denne krafta reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved Guds høgre hand i himmelen, 21 over alle makter og herredøme, over alt velde og alle som styrer, og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne tidsalderen, men òg i den komande. 22 Alt la han under hans føter, og han som er hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, 23 som er Kristi kropp, fylt av han som fyller alt i alle.
Neste kapittel >

25. september 2022

Dagens bibelord

Matteus 11,16–19

Les i nettbibelen

16Men kva skal eg likna denne slekta med? Ho er lik born som sit på torget og ropar til kvarandre: 17‘Vi spela på fløyte for dykk, men de ville ikkje dansa. Vi song klagesongar, men de ville ikkje sørgja.’ ... Vis hele teksten

16Men kva skal eg likna denne slekta med? Ho er lik born som sit på torget og ropar til kvarandre: 17‘Vi spela på fløyte for dykk, men de ville ikkje dansa. Vi song klagesongar, men de ville ikkje sørgja.’ 18For Johannes kom; han verken åt eller drakk, og folk seier: ‘Han har ei vond ånd i seg.’ 19Menneskesonen kom; han et og drikk, og dei seier: ‘Sjå, for ein storetar og vindrikkar, ven med tollarar og syndarar!’ – Men Visdomen har fått rett, det stadfester gjerningane hennar.»