Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Tilbake til oversikten

Jesaja

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52 53 54 55 56 57 58 59 60 61 62 63 64 65 66

Forrige kapittelNeste kapittel

Herrens tenar, eit lys for folkeslaga
42Sjå, min tenar, som eg støttar,
          min utvalde, i han har eg mi glede!
          Eg har lagt min Ande på han,
          han skal føra retten ut til folkeslaga.
          
   
 2 Han skrik ikkje og ropar ikkje,
          røysta hans høyrest ikkje i gatene.
          
   
 3 Han bryt ikkje eit knekt siv
          og sløkkjer ikkje ein rykande veike.
          Med truskap skal han føra retten ut.
          
   
 4 Han skal ikkje slokna og ikkje bli knekt
          før han har sett retten igjennom på jorda.
          Fjerne kystar ventar på hans lov.
          
   
 5 Så seier Gud Herren,
          som skapte himmelen og spente han ut,
          som breidde ut jorda og alt som spirer der,
          som gjev pust til folket på jorda
          og ånd til dei som ferdast der:
          
   
 6 Eg, Herren, har kalla deg i rettferd
          og gripe handa di.
          Eg har forma deg
          og gjort deg til ei pakt for folket,
          til eit lys for folkeslaga,
          
   
 7 for å opna blinde auge
          og føra fangar ut or fengselet,
          dei som sit i mørkret,
          ut frå fangehola.
          
   
 8 Eg er Herren, det er mitt namn.
          Mi ære gjev eg ikkje til andre,
          min lovsong ikkje til gudebilete.
          
   
 9 Dei første ting, sjå, dei er komne.
          No fortel eg noko nytt.
          Før det spirer fram,
          får de høyra om det.

Den nye songen
    10 Syng for Herren ein ny song,
          ein lovsong for han frå endane av jorda,
          de som ferdast på havet,
          og alt som fyller det,
          de kystar og alle som bur der!
          
   
11 Ørkenen og byane der skal stemma i,
          landsbyane der Kedar bur.
          Dei som bur i Sela, skal jubla,
          dei skal ropa frå fjelltoppane.
          
   
12 Dei skal gje Herren ære,
          forkynna hans pris på kystane.
          
   
13 Herren dreg ut som ein helt,
          som ein krigar eggjar han si stridslyst,
          han ropar, ja, lèt hærrop ljoma,
          han viser sin styrke for fiendane:
          
   
14 Eg har vore taus i lange tider,
          har tagd og halde meg tilbake.
          No skrik eg som ei fødande kvinne,
          eg stønnar og snappar etter pusten.
          
   
15 Eg gjer fjell og haugar aude
          og tørkar ut alt grønt på dei.
          Elvar gjer eg til tørt land,
          sjøar tørkar eg ut.
          
   
16 Eg fører dei blinde
          på ein veg dei ikkje kjenner,
          på stigar dei ikkje kjenner,
          leier eg dei.
          Eg gjer mørkret framfor dei til lys
          og ulendt mark til slette.
          Dette er det eg vil gjera,
          og eg skal ikkje la det vera.
          
   
17 Med skam må dei vika tilbake,
          dei som stolar på gudebilete,
          dei som seier til støypte bilete:
          «De er våre gudar.»

Herrens døve og blinde folk
    18 Høyr, de døve!
          De blinde,
          lyft auga og sjå!
          
   
19 Kven er blind, om ikkje tenaren min,
          kven er døv som bodberaren eg sender?
          Kven er blind som utsendingen min,
          like blind som Herrens tenar?
          
   
20 Du ser mykje, men ensar det ikkje.
          Han har opne øyre, men høyrer ikkje.
          
   
21 Herren ville for si rettferd skuld
          gjera lova stor og herleg.
          
   
22 Men dette er
          eit rana og plyndra folk.
          Alle er lenkja i fangehol,
          bortgøymde i fengsel.
          Dei vart rana,
          og ingen berga dei,
          dei vart plyndra,
          og ingen sa: «Gjev tilbake!»
          
   
23 Kven av dykk vil høyra på dette,
          lytta og lyda i framtida?
          
   
24 Kven overgav Jakob til plyndring
          og Israel til ransmenn?
          Var det ikkje Herren,
          han som vi synda mot?
          Dei ville ikkje gå på hans vegar
          og ikkje lyda hans lov.
          
   
25 Så auste han
          sin brennande vreide
          og krigens redsle ut over han.
          Det loga omkring han,
          men han skjøna det ikkje,
          det brende han,
          men han brydde seg ikkje om det.
Jes 42,5 viser til Jes 40,22+
Forrige kapittelNeste kapittel

05. august 2021

Dagens Bibelord

Jesaja 64,7–65,2

Les i nettbibelen

7Men no, Herre, er du vår far! Vi er leira, du han som formar oss, alle er vi verk av di hand. 8Herre, ver ikkje harm, hugs ikkje vår skuld for alltid! Sjå no hit, alle er vi ditt folk! ... Vis hele teksten

7Men no, Herre, er du vår far! Vi er leira, du han som formar oss, alle er vi verk av di hand. 8Herre, ver ikkje harm, hugs ikkje vår skuld for alltid! Sjå no hit, alle er vi ditt folk! 9Dine heilage byar har vorte til ørken, Sion har vorte ein ørken og Jerusalem ei øydemark. 10Vårt heilage og herlege tempel, der fedrane våre lova deg, har elden svidd av. Alt vi var glade i, er lagt i ruinar. 11Kan du tola dette, Herre, teia og audmjuka oss så djupt? 1Eg hadde svar til dei som ikkje spurde, eg var å finna for dei som ikkje søkte meg. Eg sa: «Her er eg! Her er eg!» til eit folkeslag som ikkje kalla på mitt namn. 2Heile dagen rekte eg hendene ut til eit trassig folk som gjekk fram etter eigne tankar på vegar som ikkje var gode.