Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Markus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16

Forrige kapittelNeste kapittel

Mannen frå gravhòlene
5Så kom dei over til andre sida av sjøen, til Gerasenar-landet.  2 Då Jesus steig ut av båten, kom det straks ein mann imot han frå gravhòlene. Han hadde ei urein ånd i seg  3 og heldt til der i gravene. Ingen greidde å binda han lenger, ikkje eingong med lenkjer.  4 For han hadde ofte vore bunden, både med fotjern og lenkjer, men han hadde rive lenkjene av seg og sprengt fotjerna, og det var ingen som rådde med han.  5 Natt og dag var han i gravhòlene og i fjella og skreik og skamslo seg sjølv med steinar.
   
 6 Då han no fekk sjå Jesus langt borte, kom han springande, kasta seg ned for han  7 og ropa høgt: «Kva vil du meg, Jesus, du Son av Gud, Den høgste? Eg byd deg ved Gud: Pin meg ikkje!»  8 For Jesus hadde sagt til han: «Far ut av mannen, du ureine ånd!»  9 No spurde Jesus han: «Kva er namnet ditt?» «Legion er namnet mitt», svara han, «for vi er mange.» 10 Og han naudbad Jesus at han ikkje måtte driva dei ut av området.
   
11 Det gjekk ein stor griseflokk og beitte der attmed fjellet, 12 og dei ureine åndene bad han: «Send oss bort til grisene, så vi kan fara inn i dei!» 13 Det lét han dei gjera. Då fór dei ureine åndene ut av mannen og inn i grisene, og flokken, om lag to tusen dyr, sette utfor stupet og ned i sjøen, og der drukna dei.
   
14 Dei som gjette grisene, sprang av stad og fortalde om det i byen og grendene omkring. Og folk drog ut og ville sjå kva som hadde hendt. 15 Då dei kom fram til Jesus, fekk dei sjå han som hadde hatt alle dei vonde åndene i seg, sitja der påkledd og med sitt fulle vit. Då vart dei redde. 16 Dei som hadde sett på, fortalde korleis det hadde bore til med han som hadde hatt dei vonde åndene, og med grisene. 17 Då bad dei Jesus dra bort frå området deira.
   
18 Jesus gjekk i båten, og han som hadde hatt dei vonde åndene, bad om å få vera med han. 19 Men Jesus gav han ikkje lov til det. Han sa: «Gå heim til dine og fortel kor store ting Herren har gjort for deg, og kor god han har vore mot deg.» 20 Så gjekk han av stad og tok til å fortelja rundt omkring i Dekapolis om alt det Jesus hadde gjort for han. Og alle undra seg.
Dotter til Jairus og kvinna som tok i Jesu kappe
21 Då Jesus var komen over til andre sida att med båten, samla mykje folk seg om han. Medan han var nede ved sjøen, 22 kom ein av synagogeforstandarane; han heitte Jairus. Då han fekk sjå Jesus, kasta han seg ned for føtene hans 23 og bad han inderleg: «Dotter mi held på å døy. Kom og legg hendene på henne så ho kan bli frisk og få leva.» 24 Jesus gjekk med han, og ein stor folkehop følgde etter og trengde seg innpå han.
   
25 Det var ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år. 26 Ho hadde lide mykje hos mange legar, og ho hadde brukt alt ho eigde, utan å få hjelp; det hadde heller vorte verre med henne. 27 Ho hadde fått høyra om Jesus, og no kom ho bakanfrå i folkemengda og rørte ved kappa hans. 28 For ho tenkte: «Om eg så berre får ta i kleda hans, blir eg frisk.» 29 Då stansa blodet med ein gong, og ho kjende det på seg at ho var lækt og kvitt plaga. 30 Med det same kjende Jesus at det gjekk ei kraft ut frå han, og han snudde seg i mengda og spurde: «Kven var det som rørte ved kleda mine?» 31 «Du ser korleis folket trengjer seg innpå deg», svara læresveinane, «og så spør du kven som rørte ved deg!» 32 Men Jesus såg seg om etter den som hadde gjort det. 33 Kvinna var så redd at ho skalv, for ho visste kva som hadde hendt med henne. No kom ho og kasta seg ned for han og fortalde han alt som det var. 34 Då sa han til henne: «Trua di har frelst deg, dotter. Gå i fred. Ver frisk og kvitt plaga di.»
   
35 Før han hadde tala ut, kom det folk frå huset til synagogeforstandaren og sa: «Dotter di er død. Kvifor bryr du meisteren lenger?» 36 Jesus høyrde det som vart sagt, og sa til synagogeforstandaren: «Ver ikkje redd, berre tru!» 37 Han lét ingen andre følgja med seg enn Peter, Jakob og Johannes, bror til Jakob. 38 Då dei kom heim til synagogeforstandaren og han såg alt oppstyret og folket som gret og bar seg, 39 gjekk han inn og sa til dei: «Kva er det de ståkar og græt for? Barnet er ikkje død; ho søv.» 40 Dei berre lo av han. Men han dreiv dei ut, alle saman, og tok med seg far og mor til barnet og dei som var med han, og gjekk inn der barnet låg. 41 Så tok han henne i handa og sa: «Talita kumi!» Det tyder: «Vesle jente, eg seier deg: Stå opp!» 42 Og straks stod jenta opp og gjekk omkring; ho var tolv år. Då vart dei reint ifrå seg av undring. 43 Men Jesus forbaud dei strengt å la nokon få vita det, og sa at dei skulle gje henne noko å eta.
Note: Gerasenar-landet: landområde søraust for Gennesaretsjøen. Ulike skrivemåtar i handskriftene gjer at området kan knytast til ulike byar: Gerasa, Gadara, Gergesa.
Note: Gerasenar-landet: landområde søraust for Gennesaretsjøen. Ulike skrivemåtar i handskriftene gjer at området kan knytast til ulike byar: Gerasa, Gadara, Gergesa.
Mark 5,7 viser til Mark 1,24
Note: Gud, Den høgste: gudsnamn som er nytta fleire gonger i GT: 1 Mos 14,18–22; Sal 78,35.56 og i NT: Luk 8,28; Apg 16,17; Hebr 7,1.
Note: Kva er namnet ditt: Å kjenna namnet til nokon var for menneske på Jesu tid det same som å ha makt over vedkomande. Legion: av lat. legio, den største hæravdelinga hos romarane, omfatta 4200–6000 mann. Her er ordet brukt om ei stor mengd.
Note: Dekapolis: gr. for «ti byar». Namn på eit forbund av byar med gresk kultur i området aust og søraust for Gennesaretsjøen.
Mark 5,25 viser til 3 Mos 15,25
Note: blødingar: gjorde kvinna kultisk urein. Jf. 3 Mos 15,25–30.
Note: Ho hadde … mange legar: kan òg omsetjast «Ho hadde vore utsett for mykje frå mange legar».
Mark 5,34 viser til Matt 9,22, Mark 10,52, Luk 7,50, Luk 8,48, Luk 17,19, Apg 3,16, Apg 16,31
Note: Gå i fred: vanleg avskilshelsing i GT. Jf. 2 Mos 4,18; Dom 18,6; 1 Sam 1,17. Fredsønsket er ikkje berre ein formalitet, men eit verkekraftig velsigningsord.
Note: gret og bar seg: Jødane gav høglydt uttrykk for sorga si. ▶sørgjeskikkar.
Mark 5,41 viser til Luk 7,14
Note: Talita kumi: Orda er aram., morsmålet til Jesus.
Forrige kapittelNeste kapittel

27. oktober 2021

Dagens Bibelord

Lukas 13,22–30

Les i nettbibelen

22Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste. 23Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei: ... Vis hele teksten

22Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste. 23Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei: 24«Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det. 25Når husherren først har reist seg og stengt døra og de står utanfor og bankar på og seier: ‘Herre, lat opp for oss’, då skal han svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå.’ 26Då kjem de til å seia: ‘Vi har ete og drukke i lag med deg, og du underviste på gatene våre.’ 27Men han skal svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!’ 28Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike medan de sjølve er kasta utanfor. 29Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike. 30Då skal nokre som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, bli dei siste.»