Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Matteus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28

Forrige kapittelNeste kapittel

Den lamme mannen
9Så gjekk han ut i båten, sette over sjøen og kom til sin eigen by.  2 Der kom dei til han med ein mann som var lam og låg på ei båre. Då Jesus såg trua deira, sa han til den lamme: «Ver ved godt mot, son. Syndene dine er tilgjevne.»  3 Men nokre av dei skriftlærde sa med seg sjølve: «Denne mannen spottar Gud.»  4 Jesus såg kva dei tenkte, og sa: «Kvifor går de med så vonde tankar i hjartet?  5 Kva er lettast å seia: ‘Syndene dine er tilgjevne’ eller: ‘Stå opp og gå’?  6 Men for at de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» – og no seier han til den lamme: «Stå opp, ta båra di og gå heim!»  7 Då reiste mannen seg og gjekk heim.  8 Men då folket såg det, vart dei gripne av ærefrykt og lova Gud som hadde gjeve menneske slik makt.
Jesus kallar Matteus
 9 Derifrå gjekk Jesus vidare og fekk sjå ein mann som sat på tollbua. Han heitte Matteus. Jesus sa til han: «Følg meg!» Då reiste han seg og følgde han.
   
10 Sidan var Jesus gjest i huset hans. Det kom òg mange tollarar og syndarar og var saman med Jesus og læresveinane hans til bords. 11 Farisearane såg det og sa til læresveinane: «Kvifor et meisteren dykkar i lag med tollarar og syndarar?» 12 Då Jesus høyrde det, sa han: «Det er ikkje dei friske som treng lege, men dei sjuke. 13 Gå og lær kva som ligg i dette ordet:
           Det er miskunn eg vil ha,
           ikkje offer.
Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.»

Fest og faste
14 Då kom læresveinane åt Johannes til han og sa: «Kvifor fastar ikkje læresveinane dine, medan vi og farisearane fastar ofte?» 15 «Kan bryllaupsgjestene sørgja så lenge brudgomen er hos dei?» svara Jesus. «Men det skal koma ei tid då brudgomen blir teken frå dei, og då skal dei fasta!
   
16 Ingen set ein lapp av ukrympa tøy på eit gammalt klesplagg. For då riv bota med seg noko av plagget, og rifta blir større. 17 Heller ikkje fyller ein ny vin i gamle skinnsekker, for då rivnar sekkene, vinen renn ut, og sekkene blir øydelagde. Nei, ny vin fyller ein i nye skinnsekker, då held dei seg begge.»
Dotter til Jairus og kvinna som tok i Jesu kappe
18 Medan han tala til dei om dette, kom ein forstandar og fall på kne for han og sa: «Dotter mi er nettopp død, men kom og legg handa di på henne, så får ho leva.» 19 Då reiste Jesus seg og gjekk med han, og læresveinane følgde.
   
20 No var det ei kvinne der som hadde lide av blødingar i tolv år. Ho gjekk bort til Jesus bakanfrå og rørte ved dusken på kappefliken hans. 21 For ho tenkte: «Kan eg berre få røra ved kappa hans, så blir eg frisk.» 22 Jesus snudde seg, og då han såg henne, sa han: «Ver ved godt mot, dotter! Trua di har frelst deg.» Og kvinna vart frisk i same stunda.
   
23 Då Jesus kom heim til forstandaren og fekk sjå fløytespelarane og den ståkande flokken, sa han: 24 «Gå ut! Jenta er ikkje død, ho søv.» Dei berre lo av han. 25 Så snart alle var sende ut, gjekk han inn og tok jenta i handa, og ho reiste seg opp. 26 Ordet om dette spreidde seg over heile landsdelen der.
To blinde og ein stum
27 Då Jesus gjekk derifrå, følgde to blinde etter han og ropa: «Miskunna deg over oss, du Davids son!» 28 Og då han var komen i hus, gjekk dei blinde inn til han. «Trur de at eg kan gjera dette?» spurde Jesus. «Ja, Herre», svara dei. 29 Då rørte han ved auga deira og sa: «Det skal bli som de trur.» 30 Og med ein gong vart auga deira opna. Jesus tala strengt til dei og sa: «Sjå til at ingen får vita det.» 31 Men dei gjekk ut og fortalde om han i heile området der.
   
32 Medan dei var på veg ut, kom det nokre til han med ein mann som var stum og hadde ei vond ånd. 33 Då den vonde ånda var driven ut, kunne den stumme tala. Folket undra seg og sa: «Aldri har slikt vore sett i Israel!» 34 Men farisearane sa: «Det er ved hjelp av herskaren over dei vonde åndene at han driv dei vonde åndene ut.»
APOSTLANE OG OPPGÅVA DEIRA (9,35–10,42)
Grøda er stor
35     Jesus gjekk no omkring i alle byane og landsbyane. Han underviste i synagogane deira og forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og plage. 36 Og då han såg alt folket, fekk han inderleg medkjensle med dei, for dei var forkomne og hjelpelause, som sauer utan gjetar. 37 Då sa han til læresveinane: «Grøda er stor, men arbeidsfolka er få. 38 Be då han som er herre over grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.»
Note: sin eigen by: Kapernaum. Jf. 4,13.
Note: sin eigen by: Kapernaum. Jf. 4,13.
Matt 9,6 viser til Joh 5,8
Matt 9,9 viser til Matt 4,19
Note: tollbua: Kapernaum låg ved den viktige handelsvegen Via Maris mellom Syria og Middelhavet. ▶toll.
Matt 9,9 viser til Matt 4,19
Note: tollbua: Kapernaum låg ved den viktige handelsvegen Via Maris mellom Syria og Middelhavet. ▶toll.
Note: tollarar og syndarar: >5,46.
Note: skinnsekker: Ny vin måtte lagrast i nye skinnsekker, som utvida seg og ikkje rivna når vinen gjæra.
Note: forstandar: den daglege leiaren av ein ▶synagoge.
Note: forstandar: den daglege leiaren av ein ▶synagoge.
Matt 9,20 viser til 3 Mos 15,25
Note: blødingar: gjorde kvinna kultisk urein. Jf. 3 Mos 15,25–30. dusken på kappefliken: Duskane i dei fire hjørna av kappa skulle vera ei påminning om å leva etter Herrens bod. Jf. 4 Mos 15,37–41; 5 Mos 22,12.
Matt 9,22 viser til Luk 7,50+
Note: den ståkande flokken: Jødane gav høglydt uttrykk for sorga si. ▶sørgjeskikkar.
Matt 9,24 viser til Joh 11,11ff
Matt 9,27 viser til Matt 20,29ff
Note: Miskunna deg: gr. eleison. >17,15. Davids son: i jødedomen ei nemning på den salvevigde frelsarkongen, ▶Messias. Jf. 1,1; 22,41–46.
Matt 9,30 viser til Matt 8,4+
Matt 9,36 viser til 4 Mos 27,17, 1 Kong 22,17, Esek 34,2ff
Note: fekk … inderleg medkjensle: Utanom likningane blir det gr. uttrykket nytta berre om Jesus. Jf. 14,14; 15,32; 18,27; 20,34; Mark 1,41; Luk 7,13.
Forrige kapittelNeste kapittel

28. september 2021

Dagens Bibelord

2. Mosebok 23,20–26

Les i nettbibelen

20Sjå, eg sender ein engel føre deg for å ta vare på deg på vegen og føra deg til den staden som eg har gjort i stand. 21Legg merke til han og lyd han! Set deg ikkje opp mot han, for han vil ikkje bera over med syndene dykkar, for namnet mitt er i han. ... Vis hele teksten

20Sjå, eg sender ein engel føre deg for å ta vare på deg på vegen og føra deg til den staden som eg har gjort i stand. 21Legg merke til han og lyd han! Set deg ikkje opp mot han, for han vil ikkje bera over med syndene dykkar, for namnet mitt er i han. 22Men høyrer du på det han seier og gjer alt det eg byd deg, då vil eg vera ein fiende for dine fiendar og ein motstandar for dine motstandarar. 23For engelen min skal gå framfor deg og føra deg til amorittane og hetittane, perisittane og kanaanearane, hevittane og jebusittane, og eg vil utsletta dei. 24Du skal ikkje tilbe gudane deira og ikkje la deg lokka til å dyrka dei. Du skal ikkje gjera som dei, men du skal riva steinstøttene deira ned til grunnen og slå dei sund. 25De skal tena Herren dykkar Gud. Då vil han velsigna brødet ditt og vatnet ditt. Sjukdom vil eg halda borte frå deg. 26Inga kvinne i landet ditt skal mista barn eller vera ufruktbar. Eg skal fylla ditt mål av dagar.