Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Tilbake til oversikten

Paulus’ brev til romarane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16

Forrige kapittelNeste kapittel
10Mine sysken, eg ønskjer av hjartet og bed til Gud at dei må bli frelste.  2 For eg må gje dei dette vitnemålet: Dei brenn for Guds sak, men utan verkeleg å kjenna han.  3 Dei kjenner ikkje Guds rettferd, men prøver å byggja si eiga rettferd; difor har dei ikkje bøygd seg inn under rettferda frå Gud.  4 For Kristus er endepunktet for lova, så kvar den som trur, skal bli rettferdig.
   
 5 Moses skriv om den rettferda som lova gjev: Det mennesket som lever etter boda, skal ha liv ved dei.  6 Men den rettferda som kjem av tru, seier: Tenk ikkje med deg sjølv: Kven skal fara opp til himmelen? – det vil seia for å henta Kristus ned –  7 eller: Kven skal stiga ned i avgrunnen? – det vil seia for å henta Kristus opp frå dei døde.  8 Men kva seier ho? Ordet er deg nær, i din munn og i ditt hjarte. Det er ordet om trua, det som vi forkynner.  9 For vedkjenner du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjartet ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du bli frelst. 10 Med hjartet trur vi så vi blir rettferdige, og med munnen vedkjenner vi så vi blir frelste. 11 Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal bli til skamme. 12 For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han. 13  Kvar den som kallar på Herrens namn, skal bli frelst.
   
14 Men korleis kan dei kalla på ein som dei ikkje trur på? Og korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om? Og korleis kan dei høyra utan at nokon forkynner? 15 Og korleis kan dei forkynna dersom dei ikkje blir utsende? Som det står skrive: Kor vakre dei er, føtene til dei som kjem med gledebod! 16 Men ikkje alle var lydige mot evangeliet. Jesaja seier: Herre, kven trudde bodskapen vår? 17 Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord. 18 Har dei ikkje høyrt, spør eg då. Jau, sanneleg:
           Deira røyst har nådd ut over heile jorda,
           orda dit verda endar.
19 Men så spør eg: Kan henda Israel ikkje har skjøna det? Først seier Moses:
           Eg vil gjera dykk sjalu
           på dei som ikkje er eit folk,
           på eit uvitug folk
           gjer eg dykk rasande.
20 Og Jesaja går så langt at han seier:
           Eg vart funnen
           av dei som ikkje søkte meg,
           eg openberra meg
           for dei som ikkje spurde etter meg.
21 Men om Israel seier han:
           Heile dagen rette eg ut mine hender
           til eit ulydig og trassig folk.
Rom 10,1 viser til Rom 9,1f
Rom 10,3 viser til Rom 9,31f
Rom 10,4 viser til Joh 3,18, Apg 13,39, Gal 3,23f
Note: endepunktet: Ordet kan tyda både «ende», «slutt» og «mål», «fullføring».
Forrige kapittelNeste kapittel

20. juni 2021

Dagens Bibelord

Matteus 16,24–27

Les i nettbibelen

24Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg. 25For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det. ... Vis hele teksten

24Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg. 25For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det. 26Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? 27For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin saman med englane sine, og då skal han løna kvar og ein etter det han har gjort.