Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Tilbake til oversikten

Første Samuelsbok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31

Forrige kapittelNeste kapittel

Samuel salvar David til konge
16Herren sa til Samuel: «Kor lenge vil du sørgja over Saul? Eg har vraka han som konge over Israel. Fyll hornet ditt med olje og gå! Eg sender deg til Isai i Betlehem, for eg har sett meg ut ein av sønene hans til konge.»  2 Samuel svara: «Korleis kan eg fara dit? Får Saul høyra det, drep han meg.» Då sa Herren: «Ta med deg ei kvige og sei at du kjem og vil ofra til Herren.  3 Bed så Isai til ofringa! Sidan lèt eg deg vita kva du så skal gjera. Du skal salva for meg han eg viser deg.»
   
 4 Samuel gjorde som Herren hadde sagt. Då han kom til Betlehem, gjekk dei eldste i byen skjelvande imot han og spurde: «Kjem du i fredeleg ærend?»  5 Han svara: «Ja, eg er komen for å ofra til Herren. Gjer dykk reine og heilage og ver med meg til ofringa.» Så helga han Isai og sønene hans og bad inn til høgtida.
   
 6 Då dei så kom og han fekk sjå Eliab, sa han til seg sjølv: «Her, framfor Herren, står no hans salva.»  7 Men Herren sa til Samuel: «Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren, for eg har vraka han. Her gjeld ikkje det som menneske ser. For menneska ser det som auga ser, men Herren ser på hjartet.»  8 Då ropa Isai på Abinadab og lét han gå fram for Samuel. Men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.»  9 Så lét Isai Sjamma gå fram; men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 10 Slik lét Isai dei sju sønene gå fram for Samuel. Men Samuel sa til Isai: « Herren har ikkje valt ut nokon av desse.»
   
11 Då spurde Samuel: «Var dette alle gutane dine?» Isai svara: «Det er endå ein att, den yngste. Han er ute og gjeter småfeet.» Då sa Samuel: «Send bod etter han! Vi set oss ikkje til bords før han kjem.» 12 Så sende Isai bod etter han. Han var raudleitt, hadde vakre auge og var vakker å sjå til. Herren sa: «Reis deg og salva han! For han er det.» 13 Då tok Samuel hornet med olje og salva han midt mellom brørne hans. Frå den dagen kom Herrens ande over David og var med han sidan. Så braut Samuel opp og drog heim att til Rama.
David i teneste hos Saul
14 Herrens ande forlét Saul, og ei vond ånd frå Herren skremde han. 15 Då sa Sauls menn til han: «Vi ser at ei vond ånd frå Gud skremmer deg. 16 Sei berre frå, herre, så skal tenarane dine som står her framfor deg, leita opp ein mann som kan spela på harpe. Når ei vond ånd frå Gud kjem over deg, skal han spela på harpa. Det vil gje deg lindring.» 17 Saul svara: «Ja, finn meg ein mann som er god til å spela, og før han hit til meg!» 18 Ein av dei unge mennene sa: «Eg har sett ein son til Isai frå Betlehem som kan spela. Han er ein modig og djerv krigar; han snakkar forstandig og er ein vakker mann. Og Herren er med han.»
   
19 Så sende Saul bod til Isai og sa: «Send hit til meg David, son din, han som gjeter småfeet!» 20 Då tok Isai eit esel, leste det med brød, ein skinnsekk med vin og eit kje og sende det med David, son sin, til Saul. 21 Slik kom David til Saul og gav seg i teneste hos han. Saul vart svært glad i han og gjorde han til våpenberaren sin. 22 Han sende bod til Isai og sa: «Lat David få vera i teneste hos meg, for eg synest godt om han.» 23 Når så ei vond ånd frå Gud kom over Saul, tok David fram harpa si og spela på henne, og Saul fekk lindring. Det vart betre med han, og den vonde ånda forlét han.
Forrige kapittelNeste kapittel

20. juni 2021

Dagens Bibelord

Matteus 16,24–27

Les i nettbibelen

24Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg. 25For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det. ... Vis hele teksten

24Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg. 25For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det. 26Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? 27For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin saman med englane sine, og då skal han løna kvar og ein etter det han har gjort.