Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Tilbake til oversikten

Hosea

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14

Forrige kapittel
14Samaria skal bøta
          fordi ho var trassig mot sin Gud.
          Dei skal falla for sverd,
          småborna deira skal knusast,
          og kvinnene som ventar barn,
          skal skjerast opp.

Eg vil lækja deira fråfall
     2 Vend om, Israel, til Herren din Gud,
          for du har snubla i di skuld.
          
   
 3 Ta ord med dykk
          og vend om til Herren,
          sei til han:
          «Tilgjev all skuld
          og ta imot det gode,
          så vil vi betala med
          frukta av leppene våre.
          
   
 4 Assur vil ikkje hjelpa oss,
          vi skal ikkje ri på hestar,
          og vi vil ikkje lenger seia: Vår gud!
          til det våre hender har gjort.
          Hos deg finn den farlause miskunn.»
          
   
 5 Eg vil lækja deira fråfall,
          og eg vil elska dei av hjartet,
          for min vreide har vendt seg frå dei.
          
   
 6 Eg vil vera som dogg for Israel.
          Han skal bløma som ei lilje
          og røta seg som trea på Libanon
          
   
 7 og breia greinene sine utover.
          Han skal vera fager som oliventreet
          og anga som skogen på Libanon.
          
   
 8 Igjen skal dei bu i hans skugge,
          dei skal dyrka korn
          og bløma som vinstokken.
          Hans namn skal bli som vinen frå Libanon.
          
   
 9 Kva har vel Efraim med gudebilete å gjera?
          Det er eg som svarar han og ser til han.
          Eg er som ein grøn sypress,
          frå meg skal frukta di koma.
          
   
10 Kven er så vis at han forstår dette,
          forstandig nok til å skjøna det?
          Ja, Herrens vegar er rette,
          dei rettferdige vandrar på dei,
          men syndarane snublar.
Hos 14,5 viser til Hos 6,1+
Forrige kapittel

20. juni 2021

Dagens Bibelord

Matteus 16,24–27

Les i nettbibelen

24Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg. 25For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det. ... Vis hele teksten

24Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg. 25For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det. 26Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? 27For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin saman med englane sine, og då skal han løna kvar og ein etter det han har gjort.