Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Tilbake til oversikten

Jesaja

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52 53 54 55 56 57 58 59 60 61 62 63 64 65 66

Forrige kapittelNeste kapittel

Herrens nådige innbyding
55Kom, alle tørste, kom til vatnet!
          De utan pengar, kom og kjøp korn og et!
          Kom, kjøp korn utan pengar,
          vin og mjølk utan betaling!
          
   
 2 Kvifor bruka pengar
          på det som ikkje er brød,
          og arbeid på det som ikkje mettar?
          Høyr no på meg,
          så skal de få eta det som godt er,
          og fryda dykk over feite retter.
          
   
 3 Vend øyret hit og kom til meg,
          høyr, så skal de leva!
          Eg vil gjera ei evig pakt med dykk,
          mi miskunn mot David står fast.
          
   
 4 Sjå, til vitne for folka sette eg han,
          til fyrste og herskar over folka.
          
   
 5 Sjå, eit folkeslag du ikkje kjenner,
          skal du kalla på,
          eit folkeslag som ikkje kjenner deg,
          skal springa mot deg
          for Herren din Guds skuld,
          Israels Heilage, som gjer deg herleg.

Søk Herren medan han er å finna
     6 Søk Herren medan han er å finna,
          kall på han når han er nær!
          
   
 7 Den urettferdige skal venda seg bort frå sin veg,
          ugjerningsmannen frå sine tankar,
          og venda om til Herren, som vil visa miskunn,
          til vår Gud, for han er rik på tilgjeving.
          
   
 8 For mine tankar er ikkje dykkar tankar,
          og dykkar vegar er ikkje mine vegar,
          seier Herren.
          
   
 9 Som himmelen er høgt over jorda,
          slik er mine vegar høgt over dykkar vegar
          og mine tankar høgt over dykkar tankar.
          
   
10 For lik regn og snø
          som fell frå himmelen
          og ikkje vender attende dit
          før dei har vatna jorda,
          gjort henne fruktsam og fått henne til å spira,
          gjeve såkorn til den som skal så,
          og brød til den som skal eta,
          
   
11 slik er mitt ord
          som går ut or min munn:
          Det vender ikkje tomt attende til meg,
          men gjer det eg vil
          og fullfører det eg sender det til.
          
   
12 For med glede skal de dra ut,
          i fred skal de førast fram.
          Fjell og haugar bryt ut i jubel framfor dykk,
          alle tre på marka klappar i hendene.
          
   
13 I staden for klunger
          skal det veksa sypressar,
          i staden for nesler
          skal det veksa myrt.
          Slik skal Herren få eit namn,
          eit evig teikn som aldri skal slettast ut.
Forrige kapittelNeste kapittel

20. juni 2021

Dagens Bibelord

Matteus 16,24–27

Les i nettbibelen

24Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg. 25For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det. ... Vis hele teksten

24Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg. 25For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det. 26Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? 27For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin saman med englane sine, og då skal han løna kvar og ein etter det han har gjort.