Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Tilbake til oversikten

Johannes’ første brev

1 2 3 4 5

Forrige kapittelNeste kapittel
3Sjå kor stor kjærleik Far har synt oss: Vi får kallast Guds born – ja, vi er det! Verda kjenner oss ikkje, fordi ho ikkje kjenner han.  2 Mine kjære, no er vi Guds born, og det er enno ikkje openberra kva vi skal bli. Vi veit at når han openberrar seg, skal vi bli like han, for vi skal sjå han som han er.  3 Kvar den som har dette håpet til han, reinsar seg, slik Kristus er rein.
Kven er Guds born?
 4 Kvar den som gjer synd, gjer opprør mot lova, ja, synd er opprør mot lova.  5 Og de veit at han openberra seg for å bera bort syndene våre, og i han finst det inga synd.  6 Den som blir verande i han, syndar ikkje. Den som syndar, har ikkje sett han og ikkje kjent han.
   
 7 Mine born, lat ingen føra dykk vill! Den som gjer det som er rett, er rettferdig, slik Kristus er rettferdig.  8 Den som gjer synd, er av djevelen, for djevelen har synda frå opphavet. Og det var for å gjera ende på djevelens verk at Guds Son openberra seg.  9 Den som er fødd av Gud, gjer ikkje synd. For det Gud har sådd, blir verande i han. Han kan ikkje synda, for han er fødd av Gud. 10 Slik viser det seg kven som er Guds born, og kven som er djevelens born: Den som ikkje gjer det som er rett, og ikkje elskar bror sin, er ikkje av Gud.
   
11 For dette er den bodskapen de har høyrt frå første stund: Vi skal elska kvarandre. 12 Vi må ikkje vera som Kain, som var av den vonde og drap bror sin. Og kvifor drap han broren? Fordi hans eigne gjerningar var vonde, men dei bror hans gjorde, var rettferdige.
   
13 De må ikkje undra dykk, sysken, om verda hatar dykk. 14 Vi veit at vi har gått over frå døden til livet, for vi elskar syskena våre. Den som ikkje elskar, er og blir i døden. 15 Den som hatar bror sin, er ein mordar, og de veit at ingen mordar har evig liv i seg. 16 Kva kjærleik er, har vi lært av at Jesus gav livet sitt for oss. Så skyldar òg vi å gje livet for syskena våre.
   
17 Men den som har meir enn nok å leva av, og likevel lèt att hjartet sitt når han ser bror sin lida naud, korleis kan han ha Guds kjærleik i seg?
Frimod for Gud
18 Mine born, lat oss elska, ikkje med tomme ord, men i gjerning og sanning! 19 Slik skal vi vita at vi er av sanninga, og så skal vi roa vårt hjarte for hans andlet. 20 For om hjartet vårt fordømmer oss, er Gud større enn hjartet og veit alt. 21 Mine kjære, dersom hjartet vårt ikkje fordømmer oss, har vi frimod for Gud. 22 Og det vi bed om, skal vi få av han, for vi held hans bod og gjer det som er godt i hans auge. 23 Og dette er hans bod: Vi skal tru på namnet åt hans Son, Jesus Kristus, og elska kvarandre, slik han baud oss. 24 Den som held hans bod, blir verande i Gud og Gud i han. Og at han er i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss sin Ande.
1 Joh 3,6 viser til 1 Joh 3,9+
Note: syndar: her om å leva i synd.
1 Joh 3,24 viser til Joh 14,23, Rom 8,9+
Note: sin Ande: Jf. 4,1–6.13; 5,6–8.
Forrige kapittelNeste kapittel

20. juni 2021

Dagens Bibelord

Matteus 16,24–27

Les i nettbibelen

24Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg. 25For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det. ... Vis hele teksten

24Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg. 25For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det. 26Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? 27For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin saman med englane sine, og då skal han løna kvar og ein etter det han har gjort.