Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Johannes

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21

Forrige kapittelNeste kapittel

Jesus dreg opp til lauvhyttefesten
7Sidan drog Jesus omkring i Galilea. Han ville ikkje vera i Judea, for jødane prøvde å drepa han.  2 Så nærma lauvhyttefesten seg, ei av høgtidene til jødane.  3 Då sa brørne hans til han: «Dra herifrå og reis til Judea, så læresveinane dine òg kan få sjå dei gjerningane du gjer.  4 For ingen som vil bli kjend, gjer noko i løynd. Når du gjer slike ting, så stig fram for verda!»  5 For heller ikkje brørne hans trudde på han.  6 Jesus sa til dei: «Mi tid er enno ikkje komen, men for dykk er det alltid rette tida.  7 Verda kan ikkje hata dykk, men meg hatar ho fordi eg vitnar om henne at gjerningane hennar er vonde.  8 Dra de opp til høgtida; eg dreg ikkje, for mi tid er enno ikkje komen.»  9 Dette sa han til dei og vart verande i Galilea.
   
10 Men då brørne hans hadde drege opp til høgtida, drog han òg dit, ikkje openlyst, men i løynd. 11 Jødane leita etter han under høgtida og spurde: «Kvar er han?» 12 Og det vart mykje snakk om han mellom folket. Somme sa: «Han er eit godt menneske.» Andre sa: «Nei, han fører folket vill.» 13 Men ingen sa høgt kva dei meinte om han, for dei var redde jødane.
Jesus står fram under lauvhyttefesten
14 Då det leid midt ut i høgtida, gjekk Jesus opp på tempelplassen og tok til å undervisa. 15 Jødane undra seg og sa: «Korleis kan han ha slik kunnskap, han som ikkje har fått noka opplæring?» 16 Jesus svara: «Mi lære er ikkje mi; ho er frå han som sende meg. 17 Den som vil gjera hans vilje, han skal få kjenna om læra er frå Gud, eller om eg talar ut frå meg sjølv. 18 Den som talar ut frå seg sjølv, søkjer si eiga ære, men den som søkjer ære for den som har sendt han, han talar sant, og det finst ikkje urett i han. 19 Har ikkje Moses gjeve dykk lova? Men ingen av dykk held lova! Kvifor vil de då drepa meg?» 20 «Du har ei vond ånd i deg», svara folket, «kven er det som vil drepa deg?» 21 Jesus svara: «Ei einaste gjerning har eg gjort, og så undrar de dykk, alle saman. 22 Moses har gjeve dykk omskjeringa – ho er eigentleg ikkje frå Moses, men frå fedrane – og de omskjer til og med på ein sabbat. 23 Når no eit menneske kan omskjerast på ein sabbat så ikkje Moselova skal brytast, kvifor er de då vonde på meg fordi eg har gjort heile mennesket friskt på ein sabbat? 24 Døm ikkje etter det de ser, men døm rettferdig!»
Levande vatn
25 Då sa nokre av dei som budde i Jerusalem: «Er ikkje dette den mannen som dei vil drepa? 26 Og no står han og talar ope og fritt, og dei seier ikkje eit ord til han. Kan rådsherrane verkeleg ha kome til at han er Messias? 27 Vi veit då kvar denne mannen er ifrå. Men når Messias kjem, skal ingen vita kvar han er ifrå.» 28 Då ropa Jesus ut medan han underviste på tempelplassen: «De kjenner meg og veit kvar eg er ifrå. Men eg er ikkje komen av meg sjølv. Nei, han som har sendt meg, er truverdig, men han kjenner de ikkje. 29 Men eg kjenner han, for eg kjem frå han, og han har sendt meg.» 30 Då ville dei gripa han, men det var ingen som la hand på han, for endå var ikkje timen hans komen.
   
31 I folket var det mange som tok til å tru på han, og dei sa: «Når Messias kjem, vil han då gjera fleire teikn enn denne mannen har gjort?»
   
32 Farisearane høyrde alt snakket om han blant folk, og overprestane og farisearane sende ut nokre av mennene sine som skulle gripa han. 33 Då sa Jesus: «Endå ei lita stund er eg hos dykk, så fer eg til han som har sendt meg. 34 De skal leita etter meg, men ikkje finna meg, for der eg er, dit kan de ikkje koma.» 35 Jødane sa no seg imellom: «Kvar vil han fara, sidan vi ikkje skal finna han? Tru om han vil fara til landsmennene våre som bur mellom grekarane, og undervisa grekarar? 36 Kva meiner han med det han sa: ‘De skal søkja meg og ikkje finna meg, og der eg er, dit kan de ikkje koma’?»
   
37 Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tørstar, skal koma til meg og drikka. 38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, for Jesus var endå ikkje herleggjord. 40 Somme i folkemengda sa då dei høyrde orda hans: «Dette må sanneleg vera profeten.» 41 Andre sa: «Nei, det er Messias.» Då sa nokre: «Messias kjem då vel ikkje frå Galilea? 42 Seier ikkje Skrifta at Messias skal vera av Davids ætt og koma frå Betlehem, heimbyen til David?» 43 Slik splitta folket seg i flokkar for hans skuld. 44 Somme av dei ville gripa han, men ingen la hand på han.
   
45 Då vaktene kom att, sa overprestane og farisearane til dei: «Kvifor tok de han ikkje med dykk?» 46 Dei svara: «Aldri har noko menneske tala som han.» 47 «Har de òg late dykk føra vill?» sa farisearane. 48 «Er det nokon av rådsherrane som trur på han, eller nokon av farisearane? 49 Men denne folkehopen som ikkje kjenner lova – dei er forbanna.» 50 Då sa Nikodemus, ein av deira eigne, han som før ein gong hadde kome til Jesus: 51 «Lova vår dømmer vel ikkje eit menneske utan forhøyr, før ein har fått vita kva han har gjort?» 52 «Er du òg frå Galilea, kanskje?» svara dei. «Sjå etter i Skrifta, så skal du få sjå at det ikkje har stått fram nokon profet frå Galilea.»
Kvinna som var gripen i ekteskapsbrot
53 *Så gjekk dei heim, kvar til seg,
Joh 7,1 viser til Joh 5,18+
Note: lauvhyttefesten: Namnet kjem av at jødane flytta ut i lauvhytter under festen. Jf. 3 Mos 23,34. ▶festar og høgtider.
Joh 7,6 viser til Joh 2,4+
Joh 7,21 viser til Joh 5,5ff
Joh 7,22 viser til 1 Mos 17,10ff
Note: omskjer: Jødiske gutar skulle omskjerast åtte dagar etter fødselen.
Joh 7,24 viser til Jes 11,3f
Joh 7,25 viser til Joh 5,18+
Note: Messias: frelsarkongen jødane venta på. ▶Jesu titlar.
Joh 7,30 viser til Joh 2,4+
Joh 7,31 viser til Joh 2,23+
Note: mennene sine: tenestemenn under Det høge rådet som øvstepresten rådde over. ▶vaktstyrken.
Joh 7,38 viser til 2 Mos 17,6, 5 Mos 8,15, Jes 58,11, Esek 47,1, Sak 14,8
Note: som Skrifta seier: kanskje ei tilvising til Sal 36,10; 87,7.
Joh 7,40 viser til Joh 1,21+
Joh 7,46 viser til Matt 7,28f
Note: Orda manglar i dei eldste handskriftene. Ei gammal overlevering ligg truleg til grunn for avsnittet.
Forrige kapittelNeste kapittel

27. oktober 2021

Dagens Bibelord

Lukas 13,22–30

Les i nettbibelen

22Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste. 23Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei: ... Vis hele teksten

22Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste. 23Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei: 24«Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det. 25Når husherren først har reist seg og stengt døra og de står utanfor og bankar på og seier: ‘Herre, lat opp for oss’, då skal han svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå.’ 26Då kjem de til å seia: ‘Vi har ete og drukke i lag med deg, og du underviste på gatene våre.’ 27Men han skal svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!’ 28Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike medan de sjølve er kasta utanfor. 29Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike. 30Då skal nokre som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, bli dei siste.»