Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Johannes

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21

Forrige kapittelNeste kapittel

Jesus og den samaritanske kvinna
4Jesus fekk no vita kva farisearane hadde høyrt: at han vann fleire læresveinar og døypte fleire enn Johannes.  2 No var det ikkje Jesus sjølv som døypte, men læresveinane hans.  3 Då tok han ut frå Judea og drog til Galilea igjen.  4 Han måtte dra gjennom Samaria,  5 og der kom han til ein by som heiter Sykar. Byen ligg nær det jordstykket som Jakob gav Josef, son sin.  6 Der var Jakobskjelda. Jesus var sliten etter reisa og sette seg ned attmed kjelda. Det var omkring den sjette timen.
   
 7 Då kjem det ei samaritansk kvinne og vil henta vatn. Jesus seier til henne: «Gjev meg noko å drikka.»  8 For læresveinane hans hadde gått inn i byen for å kjøpa mat.  9 «Korleis har det seg», seier kvinna, «at du som er jøde, bed meg, ei samaritansk kvinne, om drikke?» For jødar held seg ikkje saman med samaritanar. 10 Jesus svara: «Om du hadde kjent Guds gåve og visst kven det er som bed deg om drikke, så hadde du bede han, og han hadde gjeve deg levande vatn.» 11 «Herre», sa kvinna, «du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brønnen er djup. Så kvar får du det levande vatnet frå? 12 Du er vel ikkje større enn Jakob, stamfaren vår, som gav oss brønnen og sjølv drakk av han, både han, sønene hans og buskapen hans?» 13 Jesus svara: «Den som drikk av dette vatnet, blir tørst att. 14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje, skal aldri meir tørsta. For det vatnet eg vil gje, blir til ei kjelde i han med vatn som bryt fram og gjev evig liv.» 15 Kvinna seier til han: «Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje blir tørst meir og ikkje treng koma hit og henta opp vatn.»
   
16 Då sa Jesus til henne: «Gå og hent mannen din og kom tilbake hit.» 17 «Eg har ingen mann», svara kvinna. «Du har rett når du seier at du ikkje har nokon mann», sa Jesus. 18 «For du har hatt fem menn, og han du no har, er ikkje din mann. Det er sant, det du sa.» 19 «Herre, eg ser at du er ein profet», sa kvinna. 20 «Fedrane våre tilbad Gud på dette fjellet, men de seier at Jerusalem er den staden der ein skal tilbe.» 21 Jesus seier til henne: «Tru meg, kvinne, den timen kjem då det verken er på dette fjellet eller i Jerusalem de skal tilbe Far. 22 De tilbed det de ikkje kjenner; vi tilbed det vi kjenner, for frelsa kjem frå jødane. 23 Men den timen kjem, ja, han er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Far i ånd og sanning. For slike tilbedarar vil Far ha. 24 Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.» 25 Kvinna seier til han: «Eg veit at Messias kjem», – Messias er det same som Kristus – «og når han kjem, skal han fortelja oss alt.» 26 Jesus seier til henne: «Det er eg, eg som snakkar med deg.»
Jesus og samaritanane
27 I det same kom læresveinane hans. Dei undra seg over at han snakka med ei kvinne. Men ingen av dei spurde kva han ville eller kvifor han snakka med henne. 28 Då lét kvinna vasskrukka stå og gjekk inn i byen og sa til folket: 29 «Kom, så skal de få sjå ein mann som har sagt meg alt det eg har gjort! Kan han vera Messias?» 30 Då gjekk dei ut av byen og kom til han.
   
31 I mellomtida bad læresveinane han: «Rabbi, kom og et!» 32 Han svara: «Eg har ein mat å eta som de ikkje veit om.» 33 Då sa læresveinane seg imellom: «Kan nokon ha bore mat til han?» 34 Men Jesus sa til dei: «Min mat er å gjera det han vil, han som sende meg, og fullføra hans verk. 35 Seier de ikkje: Enno er det fire månader til grøda skal haustast inn? Men eg seier dykk: Lyft auga og sjå åkrane, korleis dei kvitnar mot hausten! 36 Den som haustar, får løn og samlar grøde for det evige livet, så den som sår og den som haustar, kan gleda seg saman. 37 Her gjeld ordet om at ‘éin sår og ein annan haustar’. 38 Eg har sendt dykk ut for å hausta det de ikkje har arbeidd med. Andre har arbeidd, og de har gått inn i arbeidet dei har gjort.»
   
39 Mange av samaritanane frå den byen tok til å tru på Jesus på grunn av det kvinna sa då ho vitna: «Han har sagt meg alt det eg har gjort.» 40 Og då samaritanane kom ut til han, bad dei han vera hos seg, og han vart verande der to dagar. 41 Og mange fleire tok til å tru fordi dei fekk høyra hans eige ord, 42 og dei sa til kvinna: «No trur vi ikkje lenger på grunn av det du sa, for vi har høyrt han sjølve. Og vi veit at han verkeleg er den som skal frelsa verda.»
Den kongelege embetsmannen i Kapernaum
43 Då dei to dagane var gått, drog Jesus ut derifrå og fór til Galilea. 44 For han hadde sjølv vitna om at ein profet ikkje blir æra på sin eigen heimstad. 45 Då han kom til Galilea, tok folket der vel imot han, for dei hadde sett alt det han gjorde i Jerusalem i høgtida. Også dei hadde vore der i høgtida.
   
46 Så kom Jesus igjen til Kana i Galilea, der han hadde gjort vatn til vin. I Kapernaum var det ein kongeleg embetsmann, og son hans var sjuk. 47 Då han fekk høyra at Jesus var komen frå Judea til Galilea, gjekk han til Jesus og bad han koma ned og gjera son hans frisk, for det stod om livet. 48 Jesus svara: «Ser de ikkje teikn og under, så trur de ikkje.» 49 Mannen seier til han: «Kom, Herre, før guten min døyr!» 50 Jesus seier til han: «Gå heim, son din lever!» Og mannen trudde det ordet Jesus sa til han, og gjekk. 51 Medan han var på heimvegen, kom tenarane og møtte han, og dei fortalde at guten hans levde. 52 Han spurde dei kva tid det hadde vorte betre med han. Dei sa: «I går i den sjuande timen gav feberen seg.» 53 Då skjøna faren at det hadde hendt i same stund som Jesus sa til han: «Son din lever.» Og dei kom til tru, både han og heile hans hus. 54 Dette andre teiknet gjorde Jesus då han kom frå Judea til Galilea.
Joh 4,1 viser til Joh 3,22-26
Note: Jesus: Mange gamle handskrifter har «Herren».
Note: den sjette timen: ca. kl. 12. ▶tidsrekning.
Joh 4,9 viser til Luk 9,52f
Joh 4,20 viser til 5 Mos 12,5-11, Sal 122,3f
Note: dette fjellet: Garisim, det heilage fjellet til samaritanane, der dei tidlegare hadde eit tempel.
Joh 4,26 viser til Joh 9,37
Note: Det er eg: kan òg omsetjast «Eg er». ▶Jesu titlar.
Joh 4,35 viser til Matt 9,37f
Joh 4,46 viser til Joh 2,1ff
Note: den sjuande timen: ca. kl. 13. ▶tidsrekning.
Forrige kapittelNeste kapittel

19. oktober 2021

Dagens Bibelord

Jakob 3,4–12

Les i nettbibelen

4Ja, selv store skip, som drives av sterke vinder, kan med et lite ror styres dit styrmannen vil. 5Slik er det også med tungen. Den er en liten kroppsdel, men kan skryte av sin store makt. Ja, en liten ild kan sette den største skog i brann! ... Vis hele teksten

4Ja, selv store skip, som drives av sterke vinder, kan med et lite ror styres dit styrmannen vil. 5Slik er det også med tungen. Den er en liten kroppsdel, men kan skryte av sin store makt. Ja, en liten ild kan sette den største skog i brann! 6Også tungen er en ild, en verden av ondskap blant våre lemmer. Den smitter hele kroppen og setter livshjulet i brann, og selv blir den satt i brann av helvete. 7Alt i naturen, både ville dyr og fugler, krypdyr og fisk, kan temmes og er blitt temmet av mennesket, som selv er en del av naturen. 8Men tungen makter ikke noe menneske å temme, skiftende og ond som den er, full av dødbringende gift. 9Med den lovpriser vi vår Herre og Far, og med den forbanner vi menneskene som er skapt i Guds bilde. 10Fra samme munn kommer det både lovprisning og forbannelse. Slik må det ikke være, mine søsken! 11Strømmer det vel friskt og bittert vann fra samme kilde? 12Mine søsken, kan vel et fikentre bære oliven eller en vinstokk bære fiken? Like lite kan en salt kilde gi friskt vann.