Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Matteus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28

Forrige kapittelNeste kapittel

JESUS KJEM TIL JERUSALEM (Kap. 21–23)
Jesus rid inn i Jerusalem
21    Då dei nærma seg Jerusalem og var komne til Betfage ved Oljeberget, sende Jesus to læresveinar i veg  2 og sa til dei: «Gå inn i den landsbyen som ligg framfor dykk! Der skal de straks finna eit esel som står bunde og har ein fole hos seg. Desse skal de løysa og leia til meg.  3 Og om nokon kjem med spørsmål, då skal de svara: ‘Herren har bruk for dei.’ Då sender han dei hit med ein gong.»  4 Dette hende for at det skulle oppfyllast, det som er tala gjennom profeten:
          
   
 5  Sei til dotter Sion:
           Sjå, kongen din kjem til deg,
           audmjuk er han og rid på eit esel
           og på folen til eit trekkdyr.
 6 Læresveinane gjekk av stad og gjorde som Jesus hadde sagt.  7 Dei henta eselet og folen. Så la dei kappene sine på dei, og han sette seg oppå.  8 Mange i folkehopen breidde kappene sine på vegen, andre hogg greiner av trea og strødde på vegen.  9 Og folket som gjekk føre, og dei som følgde etter, ropa:
           Hosianna, Davids son!
           Velsigna er han som kjem i Herrens namn!
           Hosianna i det høgste!
10 Då han drog inn i Jerusalem, vart det uro i heile byen, og dei spurde: «Kven er dette?» 11 Og folkehopen svara: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea.»
Tempelet skal vera eit bønehus
12 Så gjekk Jesus inn på tempelplassen og dreiv ut alle som selde og kjøpte der. Han velte borda til pengevekslarane og benkene til dei som selde duer 13 og sa til dei: «Det står skrive: Mitt hus skal kallast eit bønehus. Men de gjer det til ei røvarhòle.»
   
14 På tempelplassen kom nokre blinde og lamme til han, og han lækte dei. 15 Men då overprestane og dei skriftlærde såg undera han gjorde og høyrde borna som ropa i heilagdomen: «Hosianna, Davids son!» vart dei arge 16 og sa til han: «Høyrer du kva dei seier?» «Ja», svara Jesus. «Har de aldri lese dette ordet:
           Frå munnen på småborn og spedborn
           har du late lovsong lyda!»
17 Så gjekk han frå dei og ut av byen, til Betania. Der var han om natta.
Fikentreet som ikkje bar frukt
18 Då Jesus tidleg om morgonen var på veg tilbake til byen, vart han svolten. 19 Han fekk sjå eit fikentre ved sida av vegen og gjekk bort til det, men fann ikkje anna enn lauv. Då sa han til treet: «Aldri meir skal du bera frukt.» Og straks visna fikentreet. 20 Læresveinane undra seg då dei såg det, og sa: «Korleis hadde det seg at fikentreet visna så brått?» 21 Jesus svara: «Sanneleg, eg seier dykk: Dersom de har tru og ikkje tvilar, skal de ikkje berre kunna gjera det som eg gjorde med fikentreet. Nei, endå om de seier til dette fjellet: ‘Lyft deg opp og kast deg i havet’, så skal det skje. 22 Og alt de bed om i bønene dykkar, skal de få når de bed med tru.»
Jesu fullmakt
23 Så gjekk Jesus inn på tempelplassen. Og medan han underviste folket, kom overprestane og dei eldste i folket til han og spurde: «Kva fullmakt har du til å gjera dette? Og kven har gjeve deg denne fullmakta?» 24 Jesus sa til dei: «Eg har òg eit spørsmål til dykk. Svarar de meg på det, skal eg seia dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette. 25 Johannes-dåpen, kvar var den ifrå? Frå himmelen eller frå menneske?» Dei samrådde seg med kvarandre og sa: «Svarar vi: ‘Frå himmelen’, vil han seia: ‘Kvifor trudde de han då ikkje?’ 26 Og svarar vi: ‘Frå menneske’, er vi redde for kva folket vil gjera, for alle held Johannes for ein profet.» 27 Difor svara dei: «Det veit vi ikkje.» Då sa Jesus til dei: «Så seier heller ikkje eg til dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.
Likninga om dei to sønene
28 Men kva meiner de om dette: Det var ein mann som hadde to søner. Han gjekk til den eine og sa: ‘Gå bort i vingarden og arbeid der i dag, guten min!’ 29 ‘Nei, eg vil ikkje’, svara han. Men sidan angra han og gjekk. 30 Så gjekk faren til den andre og bad han om det same. ‘Ja, herre’, svara han; men han gjekk ikkje. 31 Kven av dei to gjorde som faren ville?» «Den første», svara dei. Då sa Jesus til dei: «Sanneleg, eg seier dykk: Tollarar og horer kjem før inn i Guds rike enn de. 32 For Johannes kom til dykk på rettferdsveg, men de trudde han ikkje. Tollarane og horene, derimot, dei trudde han. Men de, endå de såg dette, angra de ikkje då heller, så de trudde han.
Likninga om vinbøndene og arvingen
33 Høyr ei anna likning: Det var ein jordeigar som planta ei vinmark. Han sette gjerde rundt, hogg ut ei vinpresse der og bygde eit vakttårn. Så leigde han vingarden bort til nokre vinbønder og drog utanlands.
   
34 Då det nærma seg innhaustingstida, sende han tenarane sine til bøndene for å få avlinga si. 35 Men dei greip tenarane: ein skamslo dei, ein drap dei, og ein steina dei. 36 Sidan sende han andre tenarar, fleire enn første gongen, men dei gjorde det same med dei. 37 Til slutt sende han son sin til dei; for han tenkte: ‘Son min har dei nok vørdnad for.’ 38 Men då vinbøndene fekk sjå sonen, sa dei til kvarandre: ‘Der har vi arvingen. Kom, lat oss slå han i hel, så blir arven vår.’ 39 Så tok dei han, kasta han ut av vingarden og slo han i hel.
   
40 Når no vingardsherren kjem, kva skal han då gjera med desse bøndene?» 41 «Ein vond død skal han gje desse vonde menneska», svara dei, «og vingarden skal han leiga ut til andre, som gjev han avlinga i rett tid.»
   
42 Då sa Jesus til dei: «Har de aldri lese i skriftene:
           Steinen som bygningsmennene vraka,
           har vorte hjørnestein.
           Dette er Herrens eige verk,
           underfullt er det i våre auge.
43 Difor seier eg dykk: Guds rike skal takast ifrå dykk og gjevast til eit folk som ber dei fruktene som høyrer riket til. 44 Den som fell mot denne steinen, skal bli sundslegen. Og den som steinen fell på, skal bli knust.»
   
45 Då overprestane og farisearane høyrde likningane hans, skjøna dei at det var dei han sikta til. 46 Dei ville gjerne ha gripe han, men torde ikkje for folket, som heldt han for ein profet.
Matt 21,5 viser til Jes 62,11, Sak 9,9
Note: dotter Sion: biletleg uttrykk for Jerusalem og folket der.
Matt 21,9 viser til Sal 118,25f, Matt 23,39
Note: Hosianna: hebr. for «gje frelse», kan òg omsetjast «ver helsa».
Note: tempelplassen: føregarden framfor tempelet. ▶Guds bustad. pengevekslarane: Tempelskatten (jf. 17,24) kunne ikkje betalast med romerske eller greske myntar fordi dei bar heidenske motiv. Jf. 22,15–22. dei … duer: For dei fattige var duer det mest brukte offeret. ▶offer og soning.
Note: tempelplassen: føregarden framfor tempelet. ▶Guds bustad. pengevekslarane: Tempelskatten (jf. 17,24) kunne ikkje betalast med romerske eller greske myntar fordi dei bar heidenske motiv. Jf. 22,15–22. dei … duer: For dei fattige var duer det mest brukte offeret. ▶offer og soning.
Matt 21,19 viser til Jer 8,13, Luk 13,6ff
Note: fikentre: >24,32.
Matt 21,22 viser til Matt 7,7ff+
Note: Tollarar: >5,46.
Matt 21,33 viser til Jes 5,1ff
Matt 21,33 viser til Jes 5,1ff
Forrige kapittelNeste kapittel

27. oktober 2021

Dagens Bibelord

Lukas 13,22–30

Les i nettbibelen

22Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste. 23Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei: ... Vis hele teksten

22Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste. 23Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei: 24«Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det. 25Når husherren først har reist seg og stengt døra og de står utanfor og bankar på og seier: ‘Herre, lat opp for oss’, då skal han svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå.’ 26Då kjem de til å seia: ‘Vi har ete og drukke i lag med deg, og du underviste på gatene våre.’ 27Men han skal svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!’ 28Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike medan de sjølve er kasta utanfor. 29Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike. 30Då skal nokre som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, bli dei siste.»