Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Markus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16

Forrige kapittelNeste kapittel
3Han gjekk inn i synagogen att. Der var det ein mann som hadde ei visna hand.  2 Og dei heldt auge med Jesus om han ville lækja mannen på sabbaten, så dei kunne få noko å klaga han for.  3 Men han sa til mannen med den visne handa: «Reis deg og kom fram!»  4 Så spurde han dei andre: «Kva har ein lov til på sabbaten? Å gjera godt eller gjera vondt, berga liv eller drepa?» Men dei svara ikkje.  5 Då såg han på dei som stod omkring, harm og sorgfull fordi dei hadde så harde hjarte. Og han sa til mannen: «Rett fram handa!» Mannen så gjorde, og handa hans vart god att.  6 Men farisearane gjekk ut, og saman med herodianarane tok dei straks til å leggja planar mot Jesus for å ta livet av han.
Folket flokkar seg kring Jesus
 7 Så drog Jesus med læresveinane sine ned til sjøen, og ein stor folkehop frå Galilea følgde han. Og frå Judea  8 og Jerusalem, frå Idumea og landet bortanfor Jordan og frå bygdene kring Tyros og Sidon kom dei til han i store flokkar, for dei hadde høyrt om alt han gjorde.  9 Då sa han til læresveinane at dei skulle halda ein båt klar for han, om folket skulle trengja for hardt innpå han. 10 For han lækte mange, så alle som hadde plager, trengde seg fram for å røra ved han. 11 Og når dei ureine åndene såg han, kasta dei seg ned for han og ropa: «Du er Guds Son!» 12 Men han truga dei og forbaud dei strengt å gjera kjent kven han var.
Jesus kallar dei tolv apostlane
13 Så gjekk Jesus opp i fjellet. Han kalla til seg dei han ville, og dei kom til han. 14 Han peika ut tolv, *som han òg kalla apostlar,• for at dei skulle vera med han, og for at han kunne senda dei ut for å forkynna 15 og ha makt til å driva ut vonde ånder. 16 *Han peika ut dei tolv:• Det var Simon, som han kalla Peter, 17 Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans – desse to kalla han Boanerges, det tyder toresøner – 18 og Andreas, Filip og Bartolomeus, Matteus, Tomas og Jakob, son til Alfeus, Taddeus, Simon Kananeos 19 og Judas Iskariot, han som sveik han.
Jesu makt over vonde ånder
20 Med det same han kom heim, strøymde folk på nytt saman, så Jesus og læresveinane ikkje eingong fekk tid til å eta. 21 Då hans eigne fekk høyra det, fór dei av stad for å ta hand om han. «Han må vera reint ifrå seg», sa dei.
   
22 Men dei skriftlærde som var komne frå Jerusalem, sa: «Beelsebul har fare i han! Det er ved hjelp av herskaren over dei vonde åndene at han driv dei vonde åndene ut.» 23 Då kalla han dei til seg og tala til dei i likningar: «Korleis kan Satan driva ut Satan? 24 Kjem eit rike i strid med seg sjølv, kan det riket ikkje bli ståande, 25 og kjem eit hus i strid med seg sjølv, kan det huset ikkje bli ståande. 26 Har no Satan sett seg opp mot seg sjølv og er komen i strid med seg sjølv, kan han ikkje stå seg. Det er ute med han. 27 Men ingen kan gå inn i huset til den sterke og røva det han eig, om han ikkje først har bunde den sterke. Då kan han plyndra huset hans.
   
28 Sanneleg, eg seier dykk: Alt skal menneska få tilgjeving for, både synder og spott, kor mykje dei enn spottar. 29 Men den som spottar Den heilage ande, får i all æve ikkje tilgjeving, men er skuldig i evig synd.»
   
30 Dette sa han fordi dei hadde sagt: «Han har ei urein ånd i seg.»
Jesu sanne familie
31 Då kom Jesu mor og syskena hans. Dei vart ståande utanfor, men sende bod inn og bad han koma ut. 32 Det sat ein stor flokk omkring han, og dei sa til han: «Mor di og brørne dine *og systrene dine• står utanfor og spør etter deg.» 33 Jesus svara: «Kven er mor mi og syskena mine?» 34 Og han såg på dei som sat omkring han, og sa: «Sjå, her er mor mi og syskena mine! 35 Den som gjer Guds vilje, er bror min, syster mi og mor mi.»
Mark 3,6 viser til Mark 12,13
Note: herodianarane: truleg namn på ei gruppe mektige personar som støtta den herodianske kongsætta.
Note: Idumea: gr. namn på eit område sør for Judea; det hebr. namnet er Edom. landet bortanfor Jordan: området aust og nordaust for Daudehavet, òg kalla Perea. Tyros og Sidon: bystatar på kysten av Fønikia ved Middelhavet. Står i evangelia som symbol på heidningverda og innbyggjarane der, som motsetning til Israel. Jf. Matt 11,21; Mark 7,24; Luk 6,17.
Mark 3,14 viser til Mark 6,7ff
Note: som han òg kalla apostlar: Orda manglar i mange handskrifter. Jf. Luk 6,13. apostlar: gr. for «utsending» med fullmakt til å tala på vegner av herren sin. ▶tenester.
Mark 3,16 viser til Joh 1,42
Note: Han peika ut dei tolv: Orda manglar i mange handskrifter. Simon … Peter: Peter er gr. for «berg». Jf. Matt 16,18.
Note: Kananeos: er eit aram. ord med same tyding som det gr. ordet for «selot». Jf. Luk 6,15. ▶retningar innanfor jødedomen.
Mark 3,19 viser til Mark 14,10f
Note: Iskariot: Tydinga av ordet er usikker. Somme set namnet i samband med eit aram. ord for «den falske», andre tolkar det som «ein mann frå Kerijot», ein stad i Judea.
Mark 3,22 viser til 2 Kong 1,2, Matt 9,34, Matt 10,25, Matt 12,24-27, Mark 3,22, Luk 11,15ff
Note: Beelsebul: namn på ▶djevelen.
Note: likningar: ein biletleg måte å tala på som er typisk for Jesus. ▶likning.
Note: Sanneleg: gjev att det hebr. ordet amen, «det står fast», «det er sikkert og sant». ▶amen.
Note: brørne dine og systrene dine: Nokre handskrifter har berre «brørne dine». Jf. òg Matt 12,47 og Luk 8,20.
Note: syskena mine: ▶sysken.
Forrige kapittelNeste kapittel

26. oktober 2021

Dagens Bibelord

Romarane 2,1–11

Les i nettbibelen

1Difor har du ikkje noko å unnskylda deg med, du menneske som dømmer, kven du så er. Når du dømmer ein annan, fordømmer du deg sjølv. For du som dømmer, gjer sjølv det same. 2Og vi veit at Guds dom med full rett råkar dei som driv med slikt. ... Vis hele teksten

1Difor har du ikkje noko å unnskylda deg med, du menneske som dømmer, kven du så er. Når du dømmer ein annan, fordømmer du deg sjølv. For du som dømmer, gjer sjølv det same. 2Og vi veit at Guds dom med full rett råkar dei som driv med slikt. 3Men når du, menneske, dømmer dei som gjer dette, og sjølv gjer det same, meiner du då at du skal sleppa unna Guds dom? 4Eller foraktar du at han er grenselaust god, tolmodig og langmodig? Skjønar du ikkje at Guds godleik driv deg til omvending? 5Med ditt harde hjarte som ikkje vil venda om, hopar du opp vreide over deg til vreidedagen, når Gud openberrar sin rettferdige dom. 6Han skal løna kvar og ein etter det han har gjort: 7Dei som trufast gjer det gode og søkjer herlegdom, ære og uforgjengelegdom, skal få evig liv. 8Men dei som berre tenkjer på seg sjølve, som er ulydige mot sanninga og lèt seg leia av uretten, har vreide og harme i vente. 9Naud og angst skal koma over kvart menneske som gjer det vonde, jøde først og så grekar. 10Men herlegdom, ære og fred skal den få som gjer det gode, jøde først og så grekar. 11For Gud gjer ikkje forskjell på folk.