Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Markus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16

Forrige kapittelNeste kapittel

Jesus for Pilatus
15Med det same morgonen rann, og overprestane med dei eldste og dei skriftlærde, altså heile Rådet, hadde samrådd seg, tok dei si avgjerd. Dei batt Jesus, førte han bort og gav han over til Pilatus.
   
 2 Pilatus spurde han: «Er du kongen over jødane?» «Du seier det», svara Jesus.  3 Overprestane kom no med mange skuldingar mot han.  4 Då spurde Pilatus han på nytt: «Svarar du ikkje? Høyr alt det dei skuldar deg for.»  5 Men Jesus svara ikkje eitt ord, og Pilatus undra seg.
   
 6 Kvar høgtid gav Pilatus dei ein fange fri, den folket bad om.  7 Ein som vart kalla Barabbas, sat fengsla saman med nokre andre opprørarar som hadde drepe ein mann medan opprøret stod på.  8 Folket møtte fram og tok til å be Pilatus gjera som han hadde for vane.  9 Han svara: «Vil de at eg skal gje dykk jødekongen fri?» 10 For han skjøna at det var av misunning overprestane hadde gjeve Jesus over til han. 11 Men overprestane eggja opp folket til å be om at han heller skulle gje dei Barabbas fri. 12 Då tok Pilatus til orde att og sa: «Kva vil de då at eg skal gjera med han som de kallar kongen over jødane?» 13 «Krossfest han!» skreik dei tilbake. 14 «Kva vondt har han så gjort?» spurde Pilatus. Men dei skreik berre endå høgare: «Krossfest han!» 15 Pilatus ville gjerne gjera folkemengda til lags. Han gav dei Barabbas fri, men lét Jesus bli piska og gav han så over til krossfesting.
Soldatane spottar Jesus
16 Soldatane førte no Jesus inn i borggarden i det som blir kalla pretoriet, og samla heile vaktstyrken. 17 Dei kledde han i ei purpurkappe og fletta ei tornekrone og sette på hovudet hans. 18 Så tok dei til å ropa: «Ver helsa, du konge over jødane!» 19 Dei slo han i hovudet med ein stokk, spytta på han og la seg på kne og hylla han. 20 Då dei hadde hånt han, tok dei av han purpurkappa og lét han få att sine eigne klede.
Jesus blir krossfest
Så førte dei Jesus ut for å krossfesta han. 21 Og dei tvinga ein mann som gjekk forbi, til å bera krossen hans; det var Simon frå Kyréne, far til Aleksander og Rufus, han var på veg inn frå markene. 22 Dei førte Jesus til den staden som heiter Golgata – det tyder Hovudskallestaden. 23 Der baud dei han vin med myrra i, men han ville ikkje ha det. 24 Så krossfeste dei han. Kleda hans delte dei mellom seg ved å kasta lodd om kva plagg kvar av dei skulle ha. 25 Det var omkring den tredje timen dei krossfeste han. 26 Og innskrifta med skuldinga mot han lydde: «Kongen over jødane».
   
27 Saman med Jesus krossfeste dei to røvarar, ein på høgre og ein på venstre sida hans. 28 *Såleis vart det oppfylt, det skriftordet som seier: Og han vart rekna blant lovbrytarar. 29 Dei som gjekk forbi, spotta han, riste på hovudet og sa: «Sjå no, du som riv ned tempelet og byggjer det opp att på tre dagar! 30 Frels deg sjølv og stig ned frå krossen!» 31 Like eins hånte overprestane og dei skriftlærde han og sa seg imellom: «Andre har han frelst, men seg sjølv kan han ikkje frelsa! 32 Lat no Messias, Israels konge, stiga ned frå krossen, så vi kan sjå og tru!» Dei som var krossfeste saman med Jesus, spotta han, dei òg.
Jesus døyr
33 Då den sjette timen kom, vart det mørkt i heile landet, og mørkret varte til den niande timen. 34 Ved den niande timen ropa Jesus med høg røyst:
          « Eloï, Eloï, lemá sabaktáni?»
Det tyder: « Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?»
35 Nokre av dei som stod der, høyrde det og sa: «Høyr, han ropar på Elia.» 36 Då sprang det ein fram og fylte ein svamp med vineddik, sette han på ei stong og ville la Jesus få drikka. «Vent», sa han, «lat oss sjå om Elia kjem og tek han ned.» 37 Men Jesus ropa høgt og anda ut. 38 Då rivna forhenget i tempelet i to, ovanfrå og heilt ned. 39 Og då offiseren som stod midt framfor Jesus, såg korleis han anda ut, sa han: «Denne mannen var verkeleg Guds Son!»
   
40 Det var òg nokre kvinner der som stod langt unna og såg på. Mellom dei var Maria Magdalena, Salome og Maria, mor til Jakob den yngre og Joses. 41 Dei hadde følgt Jesus og tent han då han var i Galilea. Det stod òg mange andre kvinner der, som hadde vore med han opp til Jerusalem.
Jesus blir gravlagd
42 Det var førebuingsdagen, som er dagen før sabbaten, og det leid alt mot kveld. 43 Josef frå Arimatea, ein høgt akta rådsherre som sjølv venta på Guds rike, tok då mot til seg og gjekk til Pilatus og bad om å få Jesu kropp. 44 Pilatus undra seg over at Jesus alt var død. Han kalla til seg offiseren og spurde om han hadde vore død lenge. 45 Då han fekk dette stadfest av offiseren, lét Pilatus Josef få liket. 46 Josef kjøpte eit linklede, tok Jesus ned og sveipte han i det. Han la han i ei grav som var hoggen ut i bergveggen, og rulla ein stein framfor gravopninga. 47 Maria Magdalena og Maria, mor til Joses, såg kvar han vart lagd.
Mark 15,1 viser til Luk 22,66
Note: Pilatus: romersk embetsmann som styrte provinsen Judea 26–36 e.Kr. ▶rike.
Mark 15,1 viser til Luk 22,66
Note: Pilatus: romersk embetsmann som styrte provinsen Judea 26–36 e.Kr. ▶rike.
Note: Barabbas: Nokre handskrifter har «Jesus Barabbas». >Matt 27,16. nokre andre opprørarar: Formuleringa synest å byggja på at oppstanden var kjend. Barabbas kan ha vore innblanda i den antiromerske verksemda som stadig loga opp (jf. Luk 13,1), og som enda med den jødiske krigen og øydelegginga av Jerusalem i år 70.
Note: Krossfest: ▶dødsstraff.
Note: pretoriet: er eit lat. lånord, praetorium, i den gr. teksten nytta som namn på residensen til den romerske landshovdingen. Det same ordet er i Matt 27,27 omsett med «borga». vaktstyrken: Romarane hadde ei eiga hæravdeling stasjonert i Jerusalem for å sikra ro og orden under dei store høgtidene. ▶vaktstyrken.
Note: pretoriet: er eit lat. lånord, praetorium, i den gr. teksten nytta som namn på residensen til den romerske landshovdingen. Det same ordet er i Matt 27,27 omsett med «borga». vaktstyrken: Romarane hadde ei eiga hæravdeling stasjonert i Jerusalem for å sikra ro og orden under dei store høgtidene. ▶vaktstyrken.
Mark 15,21 viser til Rom 16,13
Note: bera krossen hans: truleg tverrbjelken, som dødsdømde fangar måtte bera. >8,34. Aleksander og Rufus: truleg kjende namn i urkyrkja. Rufus kan vera den same som er nemnd i Rom 16,13.
Note: vin med myrra i: Blanda i vinen hadde myrra (>Matt 2,11) ein døyvande verknad.
Note: den tredje timen: ca. kl. 9. ▶tidsrekning.
Mark 15,28 viser til Jes 53,12
Note: Såleis … lovbrytarar: Verset manglar i dei eldste handskriftene. Jf. Luk 22,37.
Mark 15,33 viser til Am 8,9
Note: den sjette timen: ca. kl. 12. den niande timen: ca. kl. 15.
Mark 15,33 viser til Am 8,9
Note: den sjette timen: ca. kl. 12. den niande timen: ca. kl. 15.
Mark 15,34 viser til Sal 22,2
Note: Eloï … sabaktáni: Sitatet er her attgjeve i aram. form.
Mark 15,36 viser til Sal 69,22
Note: vineddik: sur vin blanda med vatn, brukt som leskedrikk av soldatar og arbeidsfolk. Jf. Rut 2,14.
Mark 15,38 viser til 2 Mos 26,31ff
Note: forhenget i tempelet: truleg forhenget mellom Det heilage og Det høgheilage i tempelet. Jf. 2 Mos 26,31–33; Hebr 9,3. ▶Guds bustad.
Note: Maria, mor til … og Joses: kan òg sikta til to ulike personar: Maria og Joses. Joses (Mark 6,3; 15,47) er ei kortform av namnet Josefos. Jf. Matt 27,56.
Mark 15,42 viser til 5 Mos 21,22f
Note: førebuingsdagen: namnet på vekedagen fredag, då folk førebudde seg til sabbaten. ▶festar og høgtider. Jf. Matt 27,62.
Mark 15,42 viser til 5 Mos 21,22f
Note: førebuingsdagen: namnet på vekedagen fredag, då folk førebudde seg til sabbaten. ▶festar og høgtider. Jf. Matt 27,62.
Forrige kapittelNeste kapittel

18. oktober 2021

Dagens Bibelord

Lukas 12,13–21

Les i nettbibelen

13En i mengden sa til ham: «Mester, si til min bror at han skal skifte arven med meg!» 14Men Jesus svarte: «Venn, hvem har satt meg til å dømme eller skifte mellom dere?» ... Vis hele teksten

13En i mengden sa til ham: «Mester, si til min bror at han skal skifte arven med meg!» 14Men Jesus svarte: «Venn, hvem har satt meg til å dømme eller skifte mellom dere?» 15Og han sa til dem: «Ta dere i vare for all slags grådighet! For det er ikke det en eier, som gir liv, selv om en har overflod.» 16Så fortalte han dem en lignelse:«Det var en rik mann som hadde fått god avling av jorden, 17og han tenkte med seg selv: ‘Hva skal jeg gjøre? Jeg har ikke plass til avlingen min. 18Jo, dette vil jeg gjøre: Jeg river ned låvene og bygger dem større, og der samler jeg kornet og alt jeg ellers eier. 19Så skal jeg si til meg selv: Nå har du mye godt liggende, nok for mange år. Slå deg til ro, min sjel, spis, drikk og vær glad!’ 20Men Gud sa til ham: ‘Uforstandige menneske! I natt kreves din sjel tilbake. Hvem skal så ha det du har samlet?’ 21Slik går det med den som samler skatter til seg selv og ikke er rik i Gud.»