Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Lukas

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24

Forrige kapittel

Jesus står opp
24Ved daggry første dagen i veka kom kvinnene til grava og hadde med seg den angande oljen dei hadde gjort i stand.  2 Då fekk dei sjå at steinen var rulla ifrå grava.  3 Dei gjekk inn, men fann ikkje Herren Jesu kropp.  4 Dei visste ikkje kva dei skulle tru, men med eitt stod det to menn hos dei i skinande klede.  5 Kvinnene vart forfærde og bøygde seg med andletet mot jorda. Då sa mennene til dei: «Kvifor leitar de etter den levande mellom dei døde?  6 Han er ikkje her, han er stått opp. Kom i hug kva han sa til dykk medan han endå var i Galilea:  7 ‘Menneskesonen skal gjevast over i hendene til syndige menneske og bli krossfest, og tredje dagen skal han stå opp.’»  8 Då kom dei i hug orda hans.  9 Og dei gjekk bort frå grava og fortalde alt dette til dei elleve og til alle dei andre. 10 Det var Maria Magdalena, Johanna og Maria, mor til Jakob, som saman med dei andre kvinnene fortalde dette til apostlane. 11 Men dei tenkte det var laust snakk, og trudde dei ikkje. 12 Peter reiste seg likevel og sprang til grava, og då han bøygde seg inn, såg han ikkje anna enn linkleda. Så gjekk han tilbake til huset der han budde, og undra seg over det som hadde hendt.
Jesus syner seg for Emmaus-vandrarane
13 Same dagen var to læresveinar på veg til ein landsby som heiter Emmaus, seksti stadiar frå Jerusalem, 14 og dei snakka om alt det som hadde hendt. 15 Medan dei no tala saman og drøfte dette med kvarandre, kom Jesus sjølv og gav seg i lag med dei. 16 Men auga deira vart hindra i å sjå, så dei ikkje kjende han att. 17 «Kva er det de går og talar med kvarandre om?» spurde han. Då stansa dei, fulle av sorg. 18 Den eine, han som heitte Kleopas, svara: «Du må vera den einaste framande i Jerusalem som ikkje veit kva som har hendt der desse siste dagane.» 19 «Kva er det?» spurde han. «Det med Jesus frå Nasaret», svara dei. «Han var ein profet, mektig i ord og gjerning for Gud og heile folket. 20 Men overprestane og rådsherrane våre utleverte han, fekk dømt han til døden og krossfeste han. 21 Og vi som hadde vona at han var den som skulle setja Israel fri! Men no er det alt tredje dagen sidan dette hende, 22 og nokre kvinner blant oss har sett oss i uro og undring. I dag tidleg var dei ved grava 23 og fann ikkje kroppen hans, men dei kom tilbake og fortalde at dei hadde sett eit syn av englar som sa at han lever. 24 Nokre av våre folk gjekk då ut til grava, og dei fann det nett slik som kvinnene hadde sagt, men han sjølv såg dei ikkje.»
   
25 Då sa han til dei: «Kor lite de skjønar, og kor seine de er til å tru alt det profetane har sagt! 26 Måtte ikkje Messias lida dette og så gå inn til sin herlegdom?» 27 Så tok han til å leggja ut for dei det som står om han i alle skriftene, heilt frå Moses og hos alle profetane.
   
28 Då dei kom bort imot den landsbyen dei skulle til, gjorde han som han ville gå vidare. 29 Men dei bad han inntrengjande og sa: «Ver hos oss! Det kveldar, og dagen er på hell.» Då gjekk han inn og gav seg til hos dei. 30 Og medan han sat til bords med dei, tok han brødet, bad takkebøna, braut det og gav dei. 31 Då vart auga deira opna, og dei kjende han att. Men han vart usynleg for dei. 32 Dei sa til kvarandre: «Brann ikkje hjartet i oss då han tala til oss på vegen og opna skriftene for oss?» 33 Og dei tok ut med ein gong og gjekk tilbake til Jerusalem. Der fann dei alle elleve og venene deira samla, 34 og desse sa: «Herren er sanneleg stått opp og har synt seg for Simon.» 35 Då fortalde dei to om det som hadde hendt på vegen, og korleis dei hadde kjent han att då han braut brødet.
Jesus syner seg for læresveinane
36 Medan dei snakka om dette, stod Jesus sjølv midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!» 37 Dei vart forfærde og redde, for dei trudde det var ei ånd dei såg. 38 Men han sa til dei: «Kvifor er de så urolege, og kvifor vaknar tvilen i hjarta dykkar? 39 Sjå hendene og føtene mine. Det er eg. Ta på meg og sjå! Ei ånd har ikkje kjøt og bein, som de ser at eg har.» 40 *Så viste han dei hendene og føtene sine.• 41 Då dei av rein glede enno ikkje kunne tru, men berre undra seg, sa han: «Har de noko å eta her?» 42 Dei gav han eit stykke steikt fisk, 43 og han tok det og åt medan dei såg på.
Oppdrag og avskil
44 Så sa han til dei: «Dette var det eg tala til dykk om medan eg endå var saman med dykk, at det måtte oppfyllast, alt det som står skrive om meg i Moselova, hos profetane og i Salmane.» 45 Så opna han forstanden deira så dei kunne skjøna skriftene, 46 og han sa til dei: «Slik står det skrive: Messias skal lida og stå opp frå dei døde tredje dagen, 47 og i hans namn skal omvending og tilgjeving for syndene forkynnast for alle folkeslag; de skal byrja i Jerusalem. 48 De er vitne om dette. 49 Eg sender over dykk det som Far min har lova. Men de skal halda dykk i byen til de blir kledde med kraft frå det høge.»
   
50 Så førte han dei ut mot Betania, og han lyfte hendene og velsigna dei. 51 Og medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart teken opp til himmelen. 52 Då fall dei på kne og tilbad han. Så gjekk dei tilbake til Jerusalem i stor glede. 53 Sidan var dei stadig i tempelet og lova og prisa Gud.
Luk 24,7 viser til Hos 6,2, Matt 16,21+, Luk 9,22-44, Luk 18,31ff
Note: tredje dagen: >9,22.
Luk 24,10 viser til Luk 8,2f
Note: Emmaus: ca. 11 km frå Jerusalem. Lokaliseringa er usikker.
Note: Emmaus: ca. 11 km frå Jerusalem. Lokaliseringa er usikker.
Luk 24,21 viser til Luk 1,68, Luk 2,38, Apg 1,6
Note: setja Israel fri: >2,38. tredje dagen: >9,22.
Luk 24,30 viser til Luk 22,19
Note: takkebøna: >22,17.
Note: har synt seg for Simon: Noka nærare skildring finst ikkje i NT. Jf. 1 Kor 15,3–7.
Note: Så … føtene sine: Verset manglar i nokre eldre handskrifter.
Note: eit … fisk: Nokre handskrifter held fram: «og eit stykke honningkake».
Luk 24,44 viser til Luk 24,6f+
Note: Moselova … Salmane: speglar av den vanlege tredelinga av ▶Skrifta.
Luk 24,44 viser til Luk 24,6f+
Note: Moselova … Salmane: speglar av den vanlege tredelinga av ▶Skrifta.
Luk 24,46 viser til Hos 6,2, Matt 12,40, Matt 16,21+
Note: tredje dagen: >9,22.
Note: ut mot Betania: Vegen frå Jerusalem til Betania gjekk over Oljeberget, som etter Apg 1,12 er staden for Kristi himmelferd.
Forrige kapittel

27. oktober 2021

Dagens Bibelord

Lukas 13,22–30

Les i nettbibelen

22Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste. 23Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei: ... Vis hele teksten

22Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste. 23Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei: 24«Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det. 25Når husherren først har reist seg og stengt døra og de står utanfor og bankar på og seier: ‘Herre, lat opp for oss’, då skal han svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå.’ 26Då kjem de til å seia: ‘Vi har ete og drukke i lag med deg, og du underviste på gatene våre.’ 27Men han skal svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!’ 28Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike medan de sjølve er kasta utanfor. 29Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike. 30Då skal nokre som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, bli dei siste.»