Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Matteus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28
Se film

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Dei tolv apostlane
10Jesus kalla til seg dei tolv læresveinane sine og gav dei makt til å driva ut ureine ånder og til å lækja all sjukdom og plage.
   
 2 Dette er namna på dei tolv apostlane: Først Simon, han som blir kalla Peter, og så Andreas, bror hans, Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans,  3 Filip og Bartolomeus, Tomas og tollaren Matteus, Jakob, son til Alfeus, og Taddeus,  4 Simon Kananeos og Judas Iskariot, han som sveik han.
Jesus sender ut apostlane
 5 Desse tolv sende Jesus ut, og han baud dei: «Ta ikkje vegen til heidningane, og gå ikkje inn i nokon av samaritanbyane!  6 Gå heller til dei bortkomne sauene i Israels hus.  7 Gå og forkynn: ‘Himmelriket er kome nær!’  8 Læk sjuke, vekk opp døde, gjer spedalske reine og driv ut vonde ånder! Gjev som gåve det de fekk som gåve.  9 Skaff dykk ikkje gull eller sølv eller koparmyntar til å ha i beltet, 10 og heller ikkje veske til ferda, ikkje to kjortlar, ikkje skor og ikkje stav. For ein arbeidar er verd maten sin. 11 Når de kjem til ein by eller landsby, så spør dykk føre kven som er verd å ta imot dykk; hos han skal de vera til de fer vidare. 12 Og når de kjem inn i huset, skal de helsa det med fred. 13 Er huset verdt det, skal freden koma over det; men er huset ikkje verdt det, skal freden venda tilbake til dykk. 14 Er det nokon som ikkje vil ta imot dykk og ikkje vil høyra på bodskapen dykkar, då skal de gå bort frå det huset eller den byen og rista støvet av føtene. 15 Sanneleg, eg seier dykk: På dommedag skal Sodoma- og Gomorra-landet sleppa lettare enn den byen.
Det skal koma forfølgingar
16 Sjå, eg sender dykk ut som sauer mellom ulvar. Ver listige som ormar og uskuldige som duer!
   
17 Ta dykk i vare for folk! For dei skal gje dykk over til domstolane og piska dykk i synagogane. 18 Og for mi skuld skal de førast fram for landshovdingar og kongar og vitna for dei og for heidningane. 19 Men når dei arresterer dykk, så ver ikkje urolege for korleis de skal ordleggja dykk, eller kva de skal seia. Det de skal seia, skal de få i same stunda. 20 For det er ikkje de som talar; det er Anden til Far dykkar som talar gjennom dykk. 21 Bror skal senda bror i døden, og ein far barnet sitt, og born skal reisa seg mot foreldra sine og senda dei i døden. 22 Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. Men den som held ut til enden, skal bli frelst.
   
23 Men når dei forfølgjer dykk i ein by, så røm til ein annan! Sanneleg, eg seier dykk: De blir ikkje ferdige med byane i Israel før Menneskesonen kjem.
   
24 Ein lærling står ikkje over meisteren sin, og ein tenar står ikkje over herren sin. 25 Det er nok for ein lærling at han får det som meisteren, og for ein tenar at han får det som herren. Har dei kalla husherren for Beelsebul, kan då husfolket hans venta noko betre?
   
26 Ver ikkje redde dei! For ingenting er dekt til som ikkje skal bli avdekt, og ingenting er løynt som ikkje skal bli kjent. 27 Det eg seier dykk i mørkret, skal de tala i lyset; det som blir kviskra dykk i øyret, skal de ropa ut frå hustaka.
   
28 Ver ikkje redde dei som drep kroppen, men ikkje kan drepa sjela. Frykt heller han som kan øydeleggja både sjel og kropp i helvete. 29 Blir ikkje to sporvar selde for ein skilling? Og ikkje ein av dei fell til jorda utan at Far dykkar er der. 30 Ja, kvart hårstrå på hovudet dykkar er talt. 31 Så ver ikkje redde! De er meir verde enn mange sporvar.
Vedkjenning og etterfølging
32 Kvar den som kjennest ved meg for menneska, skal eg òg kjennast ved for Far min i himmelen. 33 Men den som fornektar meg for menneska, skal eg òg fornekta for Far min i himmelen.
   
34 Tru ikkje at eg er komen for å skapa fred på jorda. Eg er ikkje komen med fred, men med sverd.
          
   
35 Eg er komen for å setja skilje:
           Son mot far,
           dotter mot mor,
           svigerdotter mot svigermor,
          
   
36 og ein manns husfolk skal bli fiendane hans.
37 Den som elskar far eller mor meir enn meg, er ikkje verd meg. Den som elskar son eller dotter meir enn meg, er ikkje verd meg. 38 Og den som ikkje tek krossen sin og følgjer etter meg, er ikkje verd meg. 39 Den som finn livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det.
Løna for å ta imot ein læresvein
40 Den som tek imot dykk, tek imot meg, og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg. 41 Den som tek imot ein profet fordi han er profet, skal få ein profets løn, og den som tek imot ein rettferdig fordi han er rettferdig, skal få den rettferdiges løn. 42 Og den som gjev ein av desse små om det så berre er eit beger kaldt vatn fordi han er læresvein – sanneleg, eg seier dykk: Han skal slett ikkje mista si løn!»
< Forrige kapittelNeste kapittel >

05. oktober 2022

Dagens bibelord

Salmene 106,43–48

Les i nettbibelen

43Mange ganger fridde han dem ut, likevel trosset de ham med sine planer og gikk under i synd. 44Men han så til dem i nøden da han hørte dem rope. 45Han husket pakten med dem og viste medynk i sin store kjærlighet. ... Vis hele teksten

43Mange ganger fridde han dem ut, likevel trosset de ham med sine planer og gikk under i synd. 44Men han så til dem i nøden da han hørte dem rope. 45Han husket pakten med dem og viste medynk i sin store kjærlighet. 46Så lot han dem finne barmhjertighet hos alle som holdt dem som fanger. 47Frels oss, Herre, vår Gud, sank oss inn fra folkene så vi kan prise ditt hellige navn og uredde lovsynge deg. 48Velsignet er Herren, Israels Gud, fra evighet til evighet! Og hele folket skal si: Amen! Halleluja!