Nyhet! Tidslinjen - 52 gjenfortalte bibelfortellinger med illustrasjoner og lyd.

Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

15. oktober 2021

Dagens Bibelord

Lukas 6,20–26

Les i nettbibelen

20Då såg han opp, feste auga på læresveinane sine og sa: «Sæle de fattige! Guds rike er dykkar. 21Sæle de som no svelt! De skal mettast. Sæle de som no græt! De skal le. ... Vis hele teksten

20Då såg han opp, feste auga på læresveinane sine og sa: «Sæle de fattige! Guds rike er dykkar. 21Sæle de som no svelt! De skal mettast. Sæle de som no græt! De skal le. 22Sæle er de når folk for Menneskesonen skuld hatar dykk, støyter dykk ut og spottar dykk og kastar namnet dykkar frå seg som noko vondt! 23Gled dykk på den dagen og hoppa av fryd, stor er løna dykkar i himmelen. Det same gjorde fedrane deira med profetane. 24Men ve dykk rike, de har alt fått dykkar trøyst. 25Ve dykk som no er mette, de skal svelta. Ve dykk som no ler, de skal sørgja og gråta. 26Ve dykk når alle talar vel om dykk. For det same gjorde fedrane deira med dei falske profetane.