Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Apostelgjerningane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28

Forrige kapittelNeste kapittel

Anden kjem pinsedagen
2Då pinsedagen kom, var alle samla på éin stad.  2 Brått lét det frå himmelen som når ein sterk vind blæs, og lyden fylte heile huset dei sat i.  3 Tunger, liksom av eld, synte seg for dei, skilde seg og sette seg på kvar og ein av dei.  4 Då vart dei alle fylte av Den heilage ande og tok til å tala på andre språk etter som Anden gav dei å forkynna.
   
 5 I Jerusalem budde det fromme jødar frå alle folkeslag under himmelen.  6 Då dei høyrde denne lyden, samla det seg ei stor folkemengd, og det vart stor forvirring, for kvar og ein høyrde at det vart tala på hans eige morsmål.  7 Reint frå seg av undring spurde dei: «Men er dei ikkje galilearar, alle desse som talar?  8 Korleis går det så til at vi alle høyrer dei tala på vårt eige morsmål?  9 Vi er partarar og medarar og elamittar, folk som bur i Mesopotamia, Judea og Kappadokia, i Pontos og Asia, 10 Frygia og Pamfylia, i Egypt og i områda ved Kyréne i Libya, vi er innflyttarar frå Roma, 11 jødar og proselyttar, kretarar og arabarar – og vi høyrer dei tala om Guds storverk på våre eigne tungemål!» 12 Dei visste ikkje kva dei skulle tru, og rådville spurde dei kvarandre: «Kva kan dette vera?» 13 Men nokre gjorde narr av dei og sa: «Dei har drukke seg fulle på søt vin.»
Peter talar på pinsedagen
14 Då steig Peter fram saman med dei elleve. Med sterk røyst tala han til dei:
        «Jødiske menn og alle de som bur i Jerusalem! Merk dykk kva eg seier. Ja, lyd vel til orda mine!
15 Desse menneska er ikkje fulle, som de trur. Det er då berre tredje timen på dagen. 16 Men dette er det som er sagt gjennom profeten Joel:
          
   
17 I dei siste dagar skal det henda, seier Gud,
           at eg auser ut min Ande over alle menneske.
           Sønene og døtrene dykkar skal profetera,
           dei unge skal sjå syn,
           og dei gamle skal drøyma draumar.
          
   
18  Sjølv over slavane og slavekvinnene mine
           vil eg ausa ut min Ande i dei dagane,
          og dei skal tala profetord.
          
   
19  Eg set varsel oppe på himmelen
           og teikn nede på jorda,
           blod og eld og røykskyer.
          
   
20  Sola skal bli omskapt til mørker
           og månen til blod
           før Herrens dag kjem, den store og strålande.
          
   
21  Men kvar den som kallar på Herrens namn,
           skal bli frelst.
22 Israelittar, høyr desse orda! Jesus frå Nasaret var ein mann som Gud peika ut for dykk med mektige gjerningar og under og teikn som Gud lét han gjera blant dykk. Dette kjenner de sjølve til. 23 Han vart utlevert til dykk, slik Gud på førehand fastsette og kjende til, og ved hjelp av hendene til lovlause nagla de han til krossen og drap han. 24 Men Gud reiste han opp att og løyste han frå dødsriene. Døden var ikkje sterk nok til å halda på han. 25 For David seier om han:
           Alltid har eg Herren for auga,
           han er ved mi høgre side, eg skal ikkje vakla.
          
   
26  Difor var det glede i mitt hjarte og jubel på mi tunge,
           ja, sjølv kroppen skal slå seg til ro med von.
          
   
27  Du skal ikkje la mi sjel bli verande i dødsriket.
           Du skal ikkje la din heilage sjå forròtning.
          
   
28  Du har lært meg å kjenna livsens vegar.
           Du skal fylla meg med glede for ditt andlet.
29 Brør, lat meg tala ope og rett fram til dykk om David, stamfaren vår. Han døydde og vart gravlagd, og grava hans er hos oss den dag i dag. 30 Men han var ein profet og visste at Gud med eid hadde lova å setja hans livsfrukt på trona hans. 31 Difor såg han inn i framtida og tala om at Messias skulle stå opp. Det var han som ikkje skulle bli verande i dødsriket, og det var kroppen hans som ikkje skulle sjå forròtning. 32 Denne Jesus var det Gud reiste opp, det er vi alle vitne om. 33 Han vart opphøgd til Guds høgre hand og fekk av Far sin Den heilage ande som var lova, og den har han no aust ut. Det er dette de ser og høyrer. 34 For David fór ikkje opp til himmelen, men han seier:
           Herren sa til min herre:
           Set deg ved mi høgre hand
          
   
35  til eg får lagt dine fiendar
           som skammel for dine føter.
36 Så skal heile Israelsfolket vita for visst: Denne Jesus som de krossfeste, han har Gud gjort til både Herre og Messias.»
   
37 Då dei høyrde dette, stakk det dei i hjartet, og dei sa til Peter og dei andre apostlane: «Kva skal vi gjera, brør?» 38 Peter svara: «Vend om og lat dykk døypa i Jesu Kristi namn, kvar og ein av dykk, så de får tilgjeving for syndene, og de skal få Den heilage andens gåve. 39 For lovnaden gjeld dykk og borna dykkar og alle som er langt borte, så mange som Herren vår Gud kallar på.» 40 Også med mange andre ord vitna han for dei og formana dei: «Lat dykk frelsa frå denne rangsnudde slekta.» 41 Dei som tok imot bodskapen hans, vart døypte, og den dagen vart det lagt til om lag tre tusen menneske.
Fellesskapet mellom dei truande
42 Dei heldt seg trufast til læra frå apostlane, til fellesskapet, brødsbrytinga og bønene. 43 Kvar og ein vart gripen av ærefrykt, og mange var dei under og teikn apostlane gjorde. 44 Alle som var komne til tru, heldt saman og hadde alt i lag. 45 Dei selde eigedomane sine og anna gods og delte ut til alle etter som kvar trong det. 46 Med eitt sinn samla dei seg kvar dag på tempelplassen, og i heimane braut dei brødet og åt i lag med ekte og inderleg glede. 47 Dei song og lova Gud og var godt lika av alt folket. Og kvar dag la Herren til nye som lét seg frelsa.
Apg 2,1 viser til 3 Mos 23,15ff
Note: pinsedagen: femti dagar etter påske. ▶festar og høgtider.
Apg 2,7 viser til Apg 1,11
Note: Kappadokia, Pontos, Asia, Frygia, Pamfylia: namn på område i Vesleasia.
Apg 2,11 viser til Sal 105,1
Note: proselyttar: ▶ikkje-jødar som har gått over til jødedomen. Jf. 6,5; 13,43.
Note: tredje timen: ca. kl. 9. ▶tidsrekning.
Apg 2,17 viser til Joel 3,1ff
Apg 2,21 viser til Rom 10,9ff
Apg 2,25 viser til Sal 16,8ff
Apg 2,42 viser til Apg 2,46, Apg 20,7
Note: brødsbrytinga: vanleg namn på nattverden.
Apg 2,44 viser til Apg 4,32ff
Apg 2,47 viser til Apg 5,13f
Forrige kapittelNeste kapittel

28. oktober 2021

Dagens Bibelord

2. Korintar 13,5–10

Les i nettbibelen

5Ransak dykk sjølve om de er i trua. Prøv dykk sjølve! Eller kjenner de ikkje at Jesus Kristus er i dykk? Kan det vera at de ikkje står dykkar prøve? 6Men eg håpar de skal skjøna at vi har stått vår prøve. ... Vis hele teksten

5Ransak dykk sjølve om de er i trua. Prøv dykk sjølve! Eller kjenner de ikkje at Jesus Kristus er i dykk? Kan det vera at de ikkje står dykkar prøve? 6Men eg håpar de skal skjøna at vi har stått vår prøve. 7Vi bed til Gud at de ikkje må gjera noko vondt. Ikkje for å visa at vi har stått vår prøve, men for at de skal gjera det som godt er. Så kan det gjerne sjå ut som om vi ikkje står vår prøve. 8For vi maktar ingen ting mot sanninga, berre for sanninga. 9Difor gleder vi oss når vi er veike, berre de er sterke. Og det vi bed om, er at de må nå fram til stadig større mognad. 10Difor skriv eg dette før eg kjem, så eg ikkje skal bli nøydd til å fara strengt fram mot dykk når eg er komen, og bruka den fullmakta Herren har gjeve meg. For den har eg fått for å byggja opp, ikkje for å riva ned.