Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Apostelgjerningane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28

Forrige kapittelNeste kapittel

Paulus ankar til keisaren
25Tre dagar etter at Festus var komen til provinsen, drog han frå Cæsarea og opp til Jerusalem.  2 Overprestane og dei fremste av jødane møtte då fram hos han med skuldingar mot Paulus. Og dei bad han  3 gjera dei den tenesta å senda Paulus til Jerusalem, for dei ville leggja seg i bakhald og drepa han på vegen.  4 Men Festus svara at Paulus skulle haldast i varetekt i Cæsarea, og at han sjølv snart skulle tilbake dit.  5 «Så kan dei av dykk som har fullmakt til det», sa han, «vera med og leggja fram skuldinga, om det er noko gale med mannen».
   
 6 Han hadde ikkje vore der meir enn åtte–ti dagar, så drog han ned til Cæsarea. Dagen etter sette han seg i dommarsetet og baud at Paulus skulle førast fram.  7 Straks han kom inn, stilte dei seg omkring han, dei jødane som var komne ned frå Jerusalem, og dei sette fram mange harde skuldingar som dei ikkje kunne føra prov for.  8 Paulus forsvara seg og sa: «Eg har ikkje forbrote meg, korkje mot lova til jødane eller mot tempelet eller mot keisaren.»  9 Festus ville gjerne gjera jødane til lags. Difor sa han til Paulus: «Er du villig til å dra opp til Jerusalem og få saka avgjord der, med meg som dommar?» 10 Men Paulus svara: «Eg står for domstolen til keisaren, og det er her eg skal dømmast. Mot jødane har eg ingen urett gjort, det veit du godt. 11 Er eg skuldig i noko som fortener dødsstraff, bed eg ikkje om å få sleppa å døy. Men er det ikkje noko i det som desse mennene klagar meg for, så kan ingen gje meg over til dei. Eg ankar saka mi inn for keisaren.» 12 Festus drøfte saka med rådgjevarane sine og sa frå: «Du har anka til keisaren, og til keisaren skal du fara.»
Paulus for Festus og kong Agrippa
13 Nokre dagar etter kom kong Agrippa og Berenike til Cæsarea for å helsa på Festus. 14 Då dei vart verande i fleire dagar, fortalde Festus kongen om saka til Paulus: «Det er ein mann her», sa han, «som Feliks har late etter seg i fengselet. 15 Då eg kom til Jerusalem, møtte overprestane og dei eldste hos jødane fram med skuldingar mot han og bad om å få han dømd. 16 Eg svara at romarane ikkje har for vane å utlevera nokon som er klaga, før han har møtt klagarane og fått høve til å forsvara seg mot skuldinga. 17 Så kom dei saman her, og eg lét dei ikkje venta lenge. Alt dagen etter sette eg meg i dommarsetet og baud at mannen skulle førast fram. 18 Klagarane samla seg omkring han, men dei kom ikkje med skuldingar om brotsverk, som eg hadde venta. 19 Dei var berre usamde med han om nokre spørsmål i deira eigen religion og om ein som heitte Jesus. Han er død, men Paulus påstår at han lever. 20 Eg visste ikkje korleis eg skulle greia ut denne saka, og spurde om han kunne tenkja seg å fara til Jerusalem og få dom der. 21 Men Paulus anka og ville sitja i varetekt til den høge keisaren kunne avgjera saka. Difor baud eg at han skulle bli sitjande til eg får sendt han til keisaren.» 22 «Den mannen har eg òg hug til å høyra», sa Agrippa. «I morgon skal du få høyra han», svara Festus.
   
23 Dagen etter kom Agrippa og Berenike i full stas og steig inn i audienssalen saman med dei øvste offiserane og dei fremste mennene i byen. På ordre frå Festus vart Paulus ført inn. 24 Så tok Festus ordet og sa: «Kong Agrippa og alle de som er samla her! Her ser de den mannen som har fått heile jødefolket til å venda seg til meg, både i Jerusalem og her. Dei ropar og krev at han ikkje skal få leva lenger. 25 Eg skjøna at han ikkje hadde gjort noko som fortener dødsstraff. Men då han anka til den høge keisaren, sette eg meg føre å senda han dit. 26 No har eg ikkje noko påliteleg å skriva til majesteten. Difor fører eg han fram for dykk, først og fremst for deg, kong Agrippa, så eg etter forhøyret kan vita kva eg skal skriva. 27 For eg finn det meiningslaust å senda ein fange av stad utan å gjera greie for skuldinga mot han.»
Apg 25,3 viser til Apg 23,12ff
Apg 25,7 viser til Apg 24,5f
Note: Agrippa: Markus Julius Agrippa 2. (ca. 27–100 e.Kr.) følgde i 48 e.Kr. etter onkelen sin Herodes 2. som regent over Kjalkis, eit smårike ved Libanon, og var landsfyrste over store delar av Palestina 53–100 e.Kr. Berenike: var syster hans og enkje etter Herodes 2.
Apg 25,19 viser til Apg 18,14f+
Forrige kapittelNeste kapittel

25. oktober 2021

Dagens Bibelord

Salmane 119,105–109

Les i nettbibelen

105נ Ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys for min stig. 106Eg har svore, og det står eg ved, at eg vil halda dine rettferdige lover. 107Eg er djupt nedbøygd. Herre, gjev meg liv slik du har sagt! 108Herre, ta imot gåva frå min munn og lær meg dine lover! ... Vis hele teksten

105נ Ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys for min stig. 106Eg har svore, og det står eg ved, at eg vil halda dine rettferdige lover. 107Eg er djupt nedbøygd. Herre, gjev meg liv slik du har sagt! 108Herre, ta imot gåva frå min munn og lær meg dine lover! 109Eg går alltid med livet i hendene, men gløymer ikkje di lov.