Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Tilbake til oversikten

Brevet til hebrearane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13

Forrige kapittelNeste kapittel

Englars ord og Kristi ord
2Difor må vi så mykje meir akta på det vi har høyrt, så vi ikkje driv bort frå det.  2 For når det ordet som vart tala gjennom englar, var gyldig, så kvart lovbrot og kvar ulydnad fekk si rettkomne straff,  3 korleis skal då vi kunna gå fri om vi ikkje bryr oss om ei frelse som er så mykje større? Denne frelsa vart først forkynt av Herren og sidan stadfest for oss av dei som hadde høyrt han.  4 Gud har sjølv gjeve sitt vitnemål, både med teikn og under og mange slag mektige gjerningar og med å dela ut Den heilage andens gåver etter sin vilje.
   
 5 For det er ikkje under englar Gud har lagt den komande verda som vi talar om.  6 Dette er det ein som har vitna om ein stad:
           Kva er eit menneske – at du hugsar på det,
           ein menneskeson – at du tek deg av han?
          
   
 7  Ei lita stund sette du han lågare enn englane.
           Så krona du han med herlegdom og ære.
          
   
 8  Alt la du under hans føter.
Då Gud la alt under han, vart ingenting unnateke; alt skulle leggjast under han. Enno ser vi ikkje at alt er lagt under han.
 9 Men Jesus, som for ei lita stund var sett lågare enn englane, han ser vi no krona med herlegdom og ære fordi han leid og døydde. Slik skulle han ved Guds nåde smaka døden for alle.
   
10 Gud ville føra mange born til herlegdom. For han og ved han er alle ting. Då måtte han la opphavsmannen til frelsa nå fullendinga gjennom lidingar. 11 Han som helgar, og dei som blir helga, kjem alle frå den eine. Difor skjemmest ikkje Sonen ved å kalla dei sysken. 12 Han seier:
           Eg vil forkynna ditt namn for mine brør,
           midt i forsamlinga vil eg lovprisa deg.
13 Og like eins:
           Eg vil setja mi lit til han.
Og vidare:
           Sjå, eg og borna som Gud har gjeve meg.
14 Sidan borna er av kjøt og blod, måtte han òg fullt ut bli som dei, for at han med sin død skulle gjera ende på han som har dødens makt, det er djevelen, 15 og fria ut alle dei som av redsle for døden var under slavekår heile sitt liv. 16 For det er ikkje englar han tek seg av. Nei, han tek seg av Abrahams ætt. 17 Difor måtte han bli lik syskena sine i alle ting, så han kunne vera ein miskunnsam og trufast øvsteprest for Gud og sona syndene til folket. 18 Fordi han sjølv har lide og vorte freista, kan han hjelpa dei som blir freista.
Hebr 2,2 viser til Apg 7,53, Gal 3,19
Note: ordet … englar: Moselova. >Gal 3,19. ▶Skrifta.
Hebr 2,6 viser til Sal 8,5ff
Note: ein menneskeson: Sitatet frå Sal 8,5–7 blir her nytta om Jesus, Menneskesonen. >Matt 8,20.
Hebr 2,9 viser til Fil 2,8f
Hebr 2,13 viser til Jes 8,17f
Hebr 2,15 viser til Rom 5,12ff
Hebr 2,16 viser til Jes 41,8f
Hebr 2,17 viser til Hebr 4,14+
Note: øvsteprest … folket: I GT hadde prestane, og særleg øvstepresten, i oppgåve å gjera reinsing, soning, for syndene til folket. ▶offer og soning.
Forrige kapittelNeste kapittel

30. juli 2021

Dagens Bibelord

Salmene 32,1–11

Les i nettbibelen

1Av David. En læresalme. Salig er den som får sine lovbrudd tilgitt og sine synder skjult! 2Salig er det mennesket som Herren ikke tilregner skyld, som er uten svik i sin ånd. 3Så lenge jeg tidde, ble mine knokler tæret bort mens jeg stønnet hele dagen. ... Vis hele teksten

1Av David. En læresalme. Salig er den som får sine lovbrudd tilgitt og sine synder skjult! 2Salig er det mennesket som Herren ikke tilregner skyld, som er uten svik i sin ånd. 3Så lenge jeg tidde, ble mine knokler tæret bort mens jeg stønnet hele dagen. 4For dag og natt lå din hånd tungt på meg. Min livssaft svant som i sommerens hete. 5Da bekjente jeg min synd for deg og skjulte ikke min skyld. Jeg sa: «Jeg vil bekjenne mine lovbrudd for Herren.» Og du tok bort min syndeskyld. 6Derfor skal alle trofaste be til deg i tider med trengsel. Om det kommer en veldig vannflom, til dem skal den ikke nå. 7Du er mitt skjulested, du verner meg mot nød, med frelsesjubel omgir du meg. 8Jeg vil gjøre deg vis og lære deg den veien du skal gå, jeg vil la mitt øye hvile på deg og gi deg råd. 9Vær ikke som hest og muldyr, uten forstand! Deres smykke er tømme og bissel til å tvinge dem med, ellers kommer de ikke til deg. 10Den urettferdige har mange plager, men den som setter sin lit til Herren, omgir han med godhet. 11Dere rettferdige, gled dere og juble i Herren! Bryt ut i fryderop, alle oppriktige av hjertet!