Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Johannes

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21

Forrige kapittelNeste kapittel

DEN OPPSTADNE (Kap. 20–21)
Den tomme grava
20    Tidleg om morgonen første dagen i veka, medan det endå er mørkt, kjem Maria Magdalena til grava. Då får ho sjå at steinen er teken bort frå grava.  2 Ho spring av stad og kjem til Simon Peter og den andre læresveinen, han som Jesus hadde kjær, og seier til dei: «Dei har teke Herren ut av grava, og vi veit ikkje kvar dei har lagt han.»  3 Då tok Peter og den andre læresveinen ut og kom til grava.  4 Dei sprang saman, men den andre læresveinen sprang fortare enn Peter og kom først til grava.  5 Han bøygde seg inn og såg linkleda som låg der, men han gjekk ikkje inn i grava.  6 Simon Peter følgde etter, og han gjekk inn. Han såg linkleda som låg der,  7 og duken som Jesus hadde hatt over hovudet. Den låg ikkje saman med linkleda, men samanrulla på ein stad for seg.  8 Då gjekk den andre læresveinen òg inn, han som var komen først fram til grava. Han såg og trudde.  9 For endå hadde dei ikkje skjøna det Skrifta seier, at han måtte stå opp frå dei døde. 10 Så gjekk læresveinane heim.
Jesus syner seg for Maria Magdalena
11 Men Maria stod utanfor ved grava og gret. Som ho gråtande bøygde seg fram og såg inn i grava, 12 fekk ho auge på to kvitkledde englar som sat der Jesu kropp hadde lege, ein ved hovudet og ein ved føtene. 13 «Kvifor græt du, kvinne?» spurde dei. Ho svara: «Dei har teke bort Herren min, og eg veit ikkje kvar dei har lagt han.» 14 Då ho hadde sagt dette, snudde ho seg og såg Jesus stå der; men ho skjøna ikkje at det var han. 15 «Kvifor græt du, kvinne?» spør Jesus. «Kven leitar du etter?» Ho tenkte det var gartnaren, og sa til han: «Herre, er det du som har teke han bort, så sei meg kvar du har lagt han, så eg kan ta han med meg.» 16 «Maria», seier Jesus. Då snur ho seg til han og seier på hebraisk: «Rabbuni» – det tyder meister. 17 Jesus seier til henne: «Rør meg ikkje, for enno har eg ikkje stige opp til Far. Men gå til brørne mine og sei til dei at eg fer opp til min Far og dykkar Far, til min Gud og dykkar Gud.»
   
18 Då gjekk Maria Magdalena til læresveinane og sa til dei: «Eg har sett Herren!» Og ho fortalde dei kva han hadde sagt til henne.
Jesus syner seg for læresveinane
19 Det var om kvelden same dagen, den første dagen i veka. Læresveinane var samla og hadde stengt dørene, for dei var redde jødane. Då kom Jesus; han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!» 20 Då han hadde sagt det, viste han dei hendene sine og sida si. Læresveinane vart glade då dei såg Herren. 21 Igjen sa han til dei: «Fred vere med dykk! Som Far har sendt meg, sender eg dykk.» 22 Med desse orda anda han på dei og sa: «Ta imot Den heilage ande! 23 Tilgjev de nokon syndene deira, er dei tilgjevne. Held de syndene fast for nokon, er dei fasthaldne.»
Tomas
24 Tomas, ein av dei tolv, han som vart kalla Tvillingen, var ikkje saman med dei andre læresveinane då Jesus kom. 25 «Vi har sett Herren!» sa dei til han. Men han svara: «Det trur eg ikkje før eg får sjå naglemerket i hendene hans og leggja fingeren i det og stikka handa i sida hans.»
   
26 Åtte dagar etter var læresveinane hans igjen samla, og Tomas var med dei. Då kom Jesus, sjølv om dørene var stengde. Han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk.» 27 Så seier han til Tomas: «Kom med fingeren din, sjå her er hendene mine. Kom med handa di og stikk henne i sida mi. Og ver ikkje vantru, men truande!» 28 «Min Herre og min Gud!» sa Tomas. 29 Jesus seier til han: «Fordi du har sett meg, trur du. Sæle dei som ikkje ser, og endå trur.»
   
30 Jesus gjorde òg mange andre teikn for auga på læresveinane, teikn som det ikkje er skrive om i denne boka. 31 Men desse er nedskrivne for at de skal tru at Jesus er Messias, Guds Son, og for at de som trur, skal ha liv i hans namn.
Joh 20,17 viser til Joh 13,1+
Note: Rør meg ikkje: kan òg omsetjast «Hald meg ikkje att».
Note: anda: >3,8; 1 Mos 2,7.
Note: Åtte dagar etter: ▶tidsrekning.
Forrige kapittelNeste kapittel

27. juli 2021

Dagens Bibelord

Apostelgjerningene 20,17–24

Les i nettbibelen

17Fra Miletos sendte han bud til Efesos og kalte til seg menighetens eldste. 18Da de var kommet, talte han til dem:«Dere vet hvordan jeg har gått fram hos dere hele tiden, fra den første dagen jeg satte foten i Asia. ... Vis hele teksten

17Fra Miletos sendte han bud til Efesos og kalte til seg menighetens eldste. 18Da de var kommet, talte han til dem:«Dere vet hvordan jeg har gått fram hos dere hele tiden, fra den første dagen jeg satte foten i Asia. 19Jeg har tjent Herren i all ydmykhet og med tårer i alle de prøvelsene jødene har ført over meg med sine onde planer. 20Dere vet at jeg ikke har holdt noe tilbake som kunne gagne dere, men jeg har forkynt for dere og undervist dere både offentlig og i hjemmene. 21Jeg har vitnet for både jøder og grekere om omvendelsen til Gud og troen på vår Herre Jesus. 22Og nå drar jeg til Jerusalem, bundet av Ånden. Hva som skal møte meg der, vet jeg ikke, 23men Den hellige ånd vitner for meg i by etter by og varsler om lenker og forfølgelser som venter meg. 24Men for meg er ikke liv eller død verdt å snakke om, bare jeg kan fullføre løpet og den tjenesten jeg fikk av Herren Jesus: å vitne om evangeliet om Guds nåde.