Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Johannes

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21

Forrige kapittelNeste kapittel
3Det var ein mann som heitte Nikodemus. Han var farisear og sat i Rådet til jødane.  2 Han kom til Jesus om natta og sa: «Rabbi, vi veit at du er ein lærar som er komen frå Gud, for ingen kan gjera dei teikna du gjer, utan at Gud er med han.»  3 Jesus svara og sa til han: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd på nytt, kan ikkje sjå Guds rike.»  4 Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gammal, bli fødd? Ein kan vel ikkje koma inn i morslivet igjen og bli fødd andre gongen?»  5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike.  6 Det som er fødd av kjøt, er kjøt, og det som er fødd av Anden, er ånd.  7 Undra deg ikkje over at eg sa til deg: ‘De må fødast på nytt.’  8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem frå, eller kvar han fer. Slik er det med kvar den som er fødd av Anden.»  9 «Korleis kan dette gå til?» spurde Nikodemus. 10 Jesus svara: «Du er ein lærar for Israel og veit ikkje det? 11 Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Vi talar om det vi veit og vitnar om det vi har sett, men de tek ikkje imot vitneutsegna vår. 12 Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om dei jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? 13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen: Menneskesonen, *som er i himmelen•. 14 Og slik Moses lyfte opp ormen i øydemarka, slik må Menneskesonen lyftast opp, 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle dømma verda, men for at verda skulle bli frelst ved han. 18 Den som trur på han, blir ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd fordi han ikkje har trudd på namnet til Guds einborne Son. 19 Og dette er dommen: Lyset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn lyset, for gjerningane deira var vonde. 20 For den som gjer det vonde, hatar lyset og kjem ikkje til lyset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21 Men den som følgjer sanninga, kjem til lyset, så det skal bli klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.»
Døyparen Johannes vitnar om Jesus
22 Sidan drog Jesus og læresveinane hans til Judea. Der var han ei tid saman med dei og døypte. 23 Også Johannes døypte, i Ainon ved Salim. For det var mykje vatn der, og folk kom dit og lét seg døypa. 24 Dette var før Johannes vart kasta i fengsel. 25 Læresveinane til Johannes kom no i diskusjon med ein jøde om reinsinga. 26 Dei gjekk til Johannes og sa til han: «Rabbi, den mannen som var saman med deg på andre sida av Jordan, han som du vitna om, no døyper han, og alle går til han.» 27 Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det blir gjeve han frå himmelen. 28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias, men eg er send føre han. 29 Den som har brura, er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, han gleder seg stort når han høyrer røysta til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. 30 Han skal veksa, eg skal minka.
   
31 Den som kjem ovanfrå, er over alle. Den som kjem frå jorda, er av jorda og talar jordisk. Han som kjem frå himmelen, er over alle. 32 Han vitnar om det han har sett og høyrt, men ingen tek imot vitneutsegna hans. 33 Den som tek imot hans vitneutsegn, har skrive under på at Gud talar sant. 34 Han som Gud har sendt, talar Guds ord, for Gud gjev Anden i fullt mål. 35 Faderen elskar Sonen, og alt har han gjeve i hans hand. 36 Den som trur på Sonen, har evig liv. Den som er ulydig mot Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide er og blir over han.»
Joh 3,3 viser til Joh 1,13, Jak 1,18, 1 Pet 1,23, 1 Joh 5,1-18
Note: Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Vi finn uttrykket heile 25 gonger i Joh. Sanneleg: gjev att det hebr. ordet amen, «det står fast», «det er sikkert og sant». ▶amen. på nytt: kan òg omsetjast «ovanfrå». Jf. 3,31; 19,11.
Joh 3,8 viser til Fork 11,5
Note: Vinden: Både gr. og hebr. har same ordet for «vind», «pust», «ande» og «ånd».
Joh 3,13 viser til Ordt 30,4, Joh 6,62, Ef 4,9
Note: som er i himmelen: Orda manglar i dei eldste handskriftene.
Joh 3,14 viser til 4 Mos 21,8f
Note: lyftast opp: Det gr. ordet tyder både lyfta opp (krossfesta) og opphøgja. Jf. 8,28; 12,32.
Joh 3,19 viser til Joh 1,5-9ff
Joh 3,20 viser til Ef 5,13
Joh 3,22 viser til Joh 4,1f
Joh 3,26 viser til Joh 1,19ff
Joh 3,32 viser til Joh 3,11+
Forrige kapittelNeste kapittel

27. juli 2021

Dagens Bibelord

Apostelgjerningene 20,17–24

Les i nettbibelen

17Fra Miletos sendte han bud til Efesos og kalte til seg menighetens eldste. 18Da de var kommet, talte han til dem:«Dere vet hvordan jeg har gått fram hos dere hele tiden, fra den første dagen jeg satte foten i Asia. ... Vis hele teksten

17Fra Miletos sendte han bud til Efesos og kalte til seg menighetens eldste. 18Da de var kommet, talte han til dem:«Dere vet hvordan jeg har gått fram hos dere hele tiden, fra den første dagen jeg satte foten i Asia. 19Jeg har tjent Herren i all ydmykhet og med tårer i alle de prøvelsene jødene har ført over meg med sine onde planer. 20Dere vet at jeg ikke har holdt noe tilbake som kunne gagne dere, men jeg har forkynt for dere og undervist dere både offentlig og i hjemmene. 21Jeg har vitnet for både jøder og grekere om omvendelsen til Gud og troen på vår Herre Jesus. 22Og nå drar jeg til Jerusalem, bundet av Ånden. Hva som skal møte meg der, vet jeg ikke, 23men Den hellige ånd vitner for meg i by etter by og varsler om lenker og forfølgelser som venter meg. 24Men for meg er ikke liv eller død verdt å snakke om, bare jeg kan fullføre løpet og den tjenesten jeg fikk av Herren Jesus: å vitne om evangeliet om Guds nåde.