Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Johannes’ openberring

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Guds tenarar blir merkte med segl
7Deretter såg eg fire englar som stod på dei fire verdshjørna og heldt dei fire vindane på jorda, så det ikkje skulle blåsa nokon vind over jorda eller havet eller trea.  2 Og eg såg ein annan engel. Han steig fram i aust, der sola ris, og bar den levande Guds segl. Med høg røyst ropa han til dei fire englane som hadde fått makt til å føra skade over jorda og havet:  3 «Rør ikkje jorda eller havet eller trea før vi har merkt vår Guds tenarar med segl på panna.»
   
 4 Og eg høyrde talet på dei som fekk seglet: Det var 144 000, frå alle stammane i Israelsfolket.
          
   
 5 Av Juda-stammen var det 12 000 med segl,
          av Ruben-stammen 12 000,
          av Gad-stammen 12 000,
          
   
 6 av Asjer-stammen 12 000,
          av Naftali-stammen 12 000,
          av Manasse-stammen 12 000,
          
   
 7 av Simeon-stammen 12 000,
          av Levi-stammen 12 000,
          av Jissakar-stammen 12 000,
          
   
 8 av Sebulon-stammen 12 000,
          av Josef-stammen 12 000
          og av Benjamin-stammen 12 000 med segl.

Den store kvite flokken
 9 Deretter såg eg ein flokk så stor at ingen kunne telja han, av alle folkeslag og ætter, av alle folk og tungemål. Dei stod framfor trona og Lammet, kledde i kvite klede, med palmegreiner i hendene. 10 Og dei ropa med høg røyst:
          Sigeren kjem frå vår Gud,
          han som sit på trona, og frå Lammet.
11 Alle englane stod rundt trona og dei eldste og dei fire skapningane. Dei kasta seg ned framfor trona med andletet mot jorda og tilbad Gud 12 og sa:
          Amen.
          All lov og pris og visdom,
          takk og ære, makt og velde
          høyrer vår Gud til i all æve.
          Amen.
13 Då tok ein av dei eldste til orde og spurde meg: «Desse som er kledde i kvite klede, kven er dei, og kvar kjem dei frå?» 14 «Herre», svara eg, «du veit det.» Då sa han til meg:
          «Dette er dei som kjem ut av den store trengsla
          og har vaska kappene sine
          og gjort dei kvite i blodet frå Lammet.
          
   
15 Difor står dei for Guds trone
          og tener han dag og natt i hans tempel.
          Og han som sit på trona,
          skal reisa sin bustad over dei.
          
   
16  Dei skal ikkje lenger svelta eller tørsta,
           og sola skal ikkje falla på dei eller brennande hete.
          
   
17 For Lammet, som står midt på trona, skal vera gjetaren deira
           og føra dei til kjelder med livsens vatn,
           og Gud skal tørka kvar tåre frå auga deira
< Forrige kapittelNeste kapittel >

05. oktober 2022

Dagens bibelord

Salmene 106,43–48

Les i nettbibelen

43Mange ganger fridde han dem ut, likevel trosset de ham med sine planer og gikk under i synd. 44Men han så til dem i nøden da han hørte dem rope. 45Han husket pakten med dem og viste medynk i sin store kjærlighet. ... Vis hele teksten

43Mange ganger fridde han dem ut, likevel trosset de ham med sine planer og gikk under i synd. 44Men han så til dem i nøden da han hørte dem rope. 45Han husket pakten med dem og viste medynk i sin store kjærlighet. 46Så lot han dem finne barmhjertighet hos alle som holdt dem som fanger. 47Frels oss, Herre, vår Gud, sank oss inn fra folkene så vi kan prise ditt hellige navn og uredde lovsynge deg. 48Velsignet er Herren, Israels Gud, fra evighet til evighet! Og hele folket skal si: Amen! Halleluja!