Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Tilbake til oversikten

Apostelgjerningane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28

Forrige kapittelNeste kapittel

Timoteus
16Han kom òg til Derbe og Lystra. Der var det ein læresvein som heitte Timoteus. Han var son til ei truande jødisk kvinne, og faren var grekar.  2 Dei syskena som var i Lystra og Ikonium, hadde berre godt å seia om han.  3 Han ville Paulus ha med seg på ferda, og han tok og omskar han av omsyn til jødane som budde i dei traktene, for alle visste at far hans var grekar.  4 Som dei drog frå by til by, overleverte dei forskriftene som apostlane og dei eldste i Jerusalem hadde vedteke, med påbod om å retta seg etter dei.  5 No vart forsamlingane styrkte i trua og auka i tal dag for dag.
Paulus blir kalla til Makedonia
 6 Sidan fór dei gjennom det frygiske og galatiske området, for Den heilage ande hindra dei i å forkynna Ordet i Asia.  7 Då dei var komne nesten til Mysia, freista dei å fara til Bitynia, men Jesu Ande gav dei ikkje lov.  8 Så drog dei gjennom Mysia og kom ned til Troas.  9 Om natta hadde Paulus eit syn. Han såg ein makedonar som stod og kalla på han og bad: «Kom over til Makedonia og hjelp oss!» 10 Då han hadde hatt dette synet, prøvde vi straks å fara til Makedonia, for vi skjøna at Gud hadde kalla oss til å forkynna evangeliet der.
I Filippi
11 Vi la ut frå Troas og segla beint til Samotrake, og dagen etter kom vi til Neapolis. 12 Derifrå drog vi til Filippi, ein by som ligg i det første distriktet i Makedonia og er ein romersk koloni. Vi vart verande nokre dagar der i byen. 13 På sabbatsdagen gjekk vi utanfor byporten, bort til ei elv der vi meinte det var ein bønestad. Og vi sette oss og tala til dei kvinnene som var komne saman. 14 Der var det ei kvinne frå Tyatira som heitte Lydia og handla med purpurtøy. Ho var ei av dei som dyrka Gud. Ho høyrde på oss, og Herren opna hjartet hennar så ho tok til seg det Paulus sa. 15 Då ho og heile huslyden hennar var døypte, bad ho oss til seg og sa: «Så sant de held meg for ei kvinne som trur på Herren, så kom heim til meg og bli der.» Og ho overtala oss til det.
Paulus og Silas i fengsel
16 Ein dag vi var på veg til bønestaden, møtte vi ei slavekvinne som hadde ei spådomsånd i seg, og med spådomsord tente ho mange pengar til dei som eigde henne. 17 Ho følgde etter Paulus og oss andre og ropa: «Desse mennene er tenarar for Gud, Den høgste, og dei lærer dykk vegen til frelse.» 18 Dette heldt ho på med i mange dagar. Til slutt vart Paulus harm. Han snudde seg og sa til ånda: «Eg byd deg i Jesu Kristi namn: Far ut or henne!» Og ho fór ut i same stunda. 19 Men då eigarane skjøna at det ikkje var von om å tena meir pengar på henne, greip dei Paulus og Silas og drog dei med seg til styresmaktene på torget. 20 Dei førte dei fram for dei romerske dommarane i byen og sa: «Desse mennene skaper uro i byen vår. Dei er jødar 21 og lærer oss skikkar som vi ikkje har lov til å ta opp eller følgja, vi som er romerske borgarar.» 22 Folkehopen òg gjekk til åtak på dei. Dommarane reiv kleda av dei og baud at dei skulle piskast. 23 Dei fekk mange slag og vart sette i fengsel, og fangevaktaren fekk påbod om å vakta dei vel. 24 Då han hadde fått dette påbodet, sette han dei inn i det inste fangeholet og låste føtene deira fast i blokka.
   
25 Ved midnattstider heldt Paulus og Silas bøn og song lovsongar til Gud, og fangane høyrde på. 26 Brått kom det eit sterkt jordskjelv, så grunnvollen til fengselet riste. Med ein gong sprang alle dørene opp, og lenkjene losna av alle fangane. 27 Fangevaktaren fór opp av søvnen, og då han såg at fengselsdørene stod opne, drog han sverdet og ville drepa seg, for han trudde fangane hadde rømt. 28 Men Paulus ropa med høg røyst: «Gjer deg ikkje noko vondt! Vi er her alle.» 29 Då bad han om lys og sprang inn og kasta seg skjelvande ned for Paulus og Silas. 30 Og han leidde dei ut og sa: «Gode herrar! Kva skal eg gjera så eg kan bli frelst?» 31 Dei svara: «Tru på Herren Jesus, så skal du bli frelst, både du og huslyden din.» 32 Så tala dei Herrens ord til han og alle i huset hans. 33 Og i denne seine nattetimen tok han dei med seg og vaska såra deira. Straks etter vart han døypt med alle sine. 34 Sidan tok han dei med seg heim og gav dei mat, og han var hjarteglad fordi han og heile husstanden hans var komne til tru på Gud.
   
35 Då det vart dag, sende dommarane bod med rettstenarane: «Slepp desse mennene fri!» 36 Fangevaktaren melde det til Paulus og sa: «Dommarane har sendt bod om at de skal sleppast fri. Kom no ut og far bort i fred!» 37 Men Paulus sa til dei: «Endå vi er romerske borgarar, har dei utan lov og dom piska oss for auga på alle og kasta oss i fengsel. Og no vil dei jaga oss bort i løynd. Nei, dei får koma sjølve og føra oss ut!» 38 Rettstenarane bar dette svaret tilbake til dommarane, og då dei høyrde at dei var romerske borgarar, vart dei redde. 39 Dei kom og bad om orsaking og følgde dei ut og bad dei fara bort frå byen.
   
40 Då dei var komne ut av fengselet, gjekk dei heim til Lydia. Der møtte dei syskena og sette mot i dei. Så drog dei av stad.
Apg 16,1 viser til Apg 14,6
Note: Timoteus: Jf. 17,14f; 18,5; 19,22; 20,4; 1 Tim 1,2+. ▶Paulus' medarbeidarar.
Apg 16,4 viser til Apg 15,23ff
Note: Asia: den romerske provinsen Asia, den vestlege delen av Vesleasia. Jf. Rom 16,5; 1 Kor 16,19; 2 Kor 1,8.
Note: prøvde vi: Dette er den første av fire stader i Apg der Lukas går over til å skriva i første person. Jf. 20,5; 21,1 og 27,1. Grunnen kan vera at han sjølv var med desse stadene, eller at han har vove inn reiseskildringar frå ein annan som var med.
Note: det første distriktet: Provinsen Makedonia var inndelt i fire distrikt. romersk koloni: byar og område utanfor Roma som hadde vorte bustad for romerske borgarar og fått tildelt særskilde rettar.
Note: som dyrka Gud: >10,2.
Apg 16,17 viser til Mark 1,24-34
Note: Gud, Den høgste: gudsnamn som finst fleire gonger i GT: 1 Mos 14,18–22; Sal 78,35.56 og i NT: Mark 5,7; Luk 8,28; Hebr 7,1.
Forrige kapittelNeste kapittel

27. juli 2021

Dagens Bibelord

Apostelgjerningene 20,17–24

Les i nettbibelen

17Fra Miletos sendte han bud til Efesos og kalte til seg menighetens eldste. 18Da de var kommet, talte han til dem:«Dere vet hvordan jeg har gått fram hos dere hele tiden, fra den første dagen jeg satte foten i Asia. ... Vis hele teksten

17Fra Miletos sendte han bud til Efesos og kalte til seg menighetens eldste. 18Da de var kommet, talte han til dem:«Dere vet hvordan jeg har gått fram hos dere hele tiden, fra den første dagen jeg satte foten i Asia. 19Jeg har tjent Herren i all ydmykhet og med tårer i alle de prøvelsene jødene har ført over meg med sine onde planer. 20Dere vet at jeg ikke har holdt noe tilbake som kunne gagne dere, men jeg har forkynt for dere og undervist dere både offentlig og i hjemmene. 21Jeg har vitnet for både jøder og grekere om omvendelsen til Gud og troen på vår Herre Jesus. 22Og nå drar jeg til Jerusalem, bundet av Ånden. Hva som skal møte meg der, vet jeg ikke, 23men Den hellige ånd vitner for meg i by etter by og varsler om lenker og forfølgelser som venter meg. 24Men for meg er ikke liv eller død verdt å snakke om, bare jeg kan fullføre løpet og den tjenesten jeg fikk av Herren Jesus: å vitne om evangeliet om Guds nåde.