Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

Tilbake til oversikten

Paulus’ første brev til korintarane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16

Forrige kapittelNeste kapittel

Oppstoda
15Eg kunngjer dykk, sysken, det evangeliet som eg forkynte dykk, som de òg tok imot, som de òg står støe i.  2 Ved det blir de frelste, så sant de held fast på ordet slik eg forkynte det for dykk; elles blir det til inga nytte at de kom til trua.  3 For først og fremst overgav eg til dykk det som eg sjølv hadde motteke,
          at Kristus døydde for syndene våre, som skriftene har sagt,
          
   
 4 at han vart gravlagd,
          at han stod opp att tredje dagen, som skriftene har sagt,
          
   
 5 og at han synte seg for Kefas og deretter for dei tolv.
 6 Så synte han seg for meir enn fem hundre sysken på ein gong. Dei fleste av dei lever enno, men nokre har sovna inn.  7 Sidan synte han seg for Jakob, så for alle apostlane.  8 Og aller sist synte han seg òg for meg, eg som berre er eit ufullbore foster.  9 For eg er den minste av apostlane; eg er ikkje verdig til å kallast apostel, for eg har forfølgt Guds kyrkje. 10 Men av Guds nåde er eg det eg er, og hans nåde mot meg har ikkje vore bortkasta. For eg har arbeidd meir enn dei alle, det vil seia, ikkje eg, men Guds nåde som er med meg. 11 Anten det no er eg eller dei andre – dette forkynner vi, og dette har de teke imot i tru.
   
12 Men når det blir forkynt at Kristus har stått opp frå dei døde, korleis kan då somme av dykk seia at det ikkje finst noka oppstode frå dei døde? 13 For er det inga oppstode frå dei døde, så har heller ikkje Kristus stått opp. 14 Men har ikkje Kristus stått opp, er bodskapen vår tom, og tom er òg trua dykkar. 15 Då står vi som falske vitne om Gud. For då har vi vitna imot Gud når vi seier at han har reist Kristus opp, noko han ikkje har gjort dersom døde ikkje står opp. 16 For står ikkje døde opp, så har heller ikkje Kristus stått opp. 17 Men har ikkje Kristus stått opp, då er trua dykkar meiningslaus, og de er enno i syndene dykkar. 18 Då er òg dei fortapte som har sovna inn i Kristus. 19 Har vi berre for dette livet sett vårt håp til Kristus, då er vi ynkelegare enn alle menneske.
   
20 Men no er Kristus oppstaden frå dei døde. Han er førstegrøda av dei som har sovna inn. 21 Fordi døden er komen ved eit menneske, så er òg oppstoda av dei døde komen ved eit menneske. 22 For liksom alle døyr på grunn av Adam, skal alle få liv ved Kristus. 23 Men kvar til si tid: Kristus er førstegrøda, deretter følgjer dei som høyrer Kristus til, når han kjem. 24 Så kjem enden, når han overgjev kongsmakta til Gud, sin Far, etter at han har utsletta all makt og alt herredøme og alt velde. 25 For han skal vera konge til Gud har lagt alle fiendar under hans føter. 26 Den siste fienden som blir gjord til inkjes, er døden. 27 For alt har han lagt under hans føter. Når det heiter alt, er det klårt at Gud sjølv er unnateken frå dette. For det er Gud som har lagt alt under han. 28 Men når alt er han underlagt, skal òg Sonen sjølv gje seg inn under Gud, som har lagt alt under han, og Gud skal vera alt i alle.
   
29 Kvifor lèt somme seg døypa for dei døde? Dersom døde ikkje står opp, kvifor lèt somme seg då døypa for dei? 30 Og kvifor set vi oss i fare kvar time på dagen? 31 Ja, mine sysken, eg døyr kvar dag, det er like sant som at eg er stolt av dykk i Kristus Jesus, vår Herre. 32 Var det berre med eit reint menneskeleg håp eg kjempa mot villdyr i Efesos, kva godt hadde det tent til for meg? Dersom dei døde ikkje står opp att, så
           lat oss eta og drikka,
           for i morgon døyr vi!
33 Far ikkje vill!
          «Dårleg selskap øydelegg gode vanar.»
34 Vakn opp av rusen for alvor og synd ikkje! For somme av dykk kjenner ikkje Gud. Til skam for dykk må eg seia det.
   
35 Men no kunne nokon seia: «Korleis står dei døde opp? Kva slag kropp har dei?» 36 Å, uvituge menneske! Det du sår, gjev ikkje nytt liv utan at det døyr. 37 Og det du sår, er ikkje det akset som veks opp, men eit nake korn, anten det er av kveite eller av anna såkorn. 38 Men Gud lèt det få den skapnad som han har vilja, kvart slag korn sin eigen skapnad.
   
39 Ikkje alt kjøt er av same slag. Det er eitt slag kjøt i menneske, eitt i fe, eitt i fugl, eitt i fisk. 40 Og det finst himmelske kroppar og jordiske kroppar; ein glans har dei himmelske, ein annan dei jordiske. 41 Ein glans har sola, ein annan har månen og ein annan stjernene. Den eine stjerna lyser med klårare glans enn den andre.
   
42 Slik er det òg med oppstoda frå dei døde. Det som blir sådd, er forgjengeleg. Men det som står opp, er uforgjengeleg. 43 Det blir sådd i vanære, det står opp i herlegdom. Det blir sådd i vanmakt, det står opp i kraft. 44 Det blir sådd ein kropp som hadde sjel, det står opp ein åndeleg kropp.
        Så visst som det finst ein kropp med sjel, finst det òg ein åndeleg kropp.
45 Slik står det skrive: Det første mennesket, Adam, vart til ei levande sjel. Den siste Adam vart ei ånd som gjev liv. 46 Det åndelege var ikkje det første, men det sjelelege. Så kom det åndelege. 47 Det første mennesket var frå jorda og skapt av jord, det andre mennesket er frå himmelen. 48 Slik som det jordiske mennesket var, så er òg dei jordiske, og slik som den himmelske er, så skal òg dei himmelske vera. 49 Og liksom vi har bore biletet av det jordiske mennesket, så skal vi òg bera biletet av den himmelske. 50 Men det seier eg, sysken, at kjøt og blod kan ikkje arva Guds rike, og det som er forgjengeleg, skal ikkje arva det uforgjengelege.
   
51 Sjå, eg seier dykk ein løyndom: Vi skal ikkje alle sovna inn, men vi skal alle bli omskapte, 52 i hast, i ein augneblink, når den siste basunen lyder. For basunen skal lyda, og dei døde skal stå opp uforgjengelege, og vi skal bli omskapte. 53 For dette forgjengelege må bli kledd i uforgjengelegdom, og dette dødelege kledd i udødelegdom. 54 Men når dette forgjengelege er ikledd uforgjengelegdom og dette dødelege er ikledd udødelegdom, då blir det ordet oppfylt som står skrive:
           Døden er slukt og sigeren vunnen.
          
   
55  Død, kvar er din brodd?
           Død, kvar er din siger?
56 Brodden i døden er synda, og krafta i synda er lova. 57 Men Gud vere takk som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus! 58 Difor, mine kjære sysken, ver støe og urikkelege. Ta stadig rik del i Herrens gjerning! For de veit at i Herren er ikkje arbeidet dykkar nyttelaust.
1 Kor 15,1 viser til 1 Kor 11,23, Gal 1,9, Fil 4,9, 1 Tess 2,13, 2 Tess 3,6
Note: tok imot: >11,2; jf. 11,23.
1 Kor 15,5 viser til Luk 24,34-36, Joh 20,19ff
Note: Kefas: >1,12.
Note: ufullbore foster: Uttrykket seier at det var noko uvanleg med apostelkallet til Paulus. Han vart kalla til apostel etter at Jesus hadde døydd og stått opp att, og på ein heilt annan måte enn dei andre apostlane. Jf. Apg 9,3ff.
1 Kor 15,20 viser til Apg 26,23, Kol 1,18, Op 1,5
Note: førstegrøda: den første delen av avlinga. Jf. 5 Mos 18,4. Innhaustinga er eit vanleg bilete på fullendinga i Guds rike. Jf. Matt 13,39ff; Joh 4,35f.
Note: døypa for dei døde: Det kan sjå ut til at nokre i Korint praktiserte dåp på vegner av menneske som døydde før dei vart døypte. Ein slik praksis er elles heilt ukjend både i NT og i den tidlege kyrkja.
Note: Sitatet er frå Menander, gresk diktar i det 4. hundreåret f.Kr.
Note: levande sjel: kan òg omsetjast «levande skapning», jf. 1 Mos 2,7. Ordet står her for mennesket som heilskap. Same uttrykket er nytta om dyr og fiskar i 1 Mos 1,20f.24.30.
1 Kor 15,56 viser til Rom 7,7ff
Forrige kapittelNeste kapittel

27. juli 2021

Dagens Bibelord

Apostelgjerningene 20,17–24

Les i nettbibelen

17Fra Miletos sendte han bud til Efesos og kalte til seg menighetens eldste. 18Da de var kommet, talte han til dem:«Dere vet hvordan jeg har gått fram hos dere hele tiden, fra den første dagen jeg satte foten i Asia. ... Vis hele teksten

17Fra Miletos sendte han bud til Efesos og kalte til seg menighetens eldste. 18Da de var kommet, talte han til dem:«Dere vet hvordan jeg har gått fram hos dere hele tiden, fra den første dagen jeg satte foten i Asia. 19Jeg har tjent Herren i all ydmykhet og med tårer i alle de prøvelsene jødene har ført over meg med sine onde planer. 20Dere vet at jeg ikke har holdt noe tilbake som kunne gagne dere, men jeg har forkynt for dere og undervist dere både offentlig og i hjemmene. 21Jeg har vitnet for både jøder og grekere om omvendelsen til Gud og troen på vår Herre Jesus. 22Og nå drar jeg til Jerusalem, bundet av Ånden. Hva som skal møte meg der, vet jeg ikke, 23men Den hellige ånd vitner for meg i by etter by og varsler om lenker og forfølgelser som venter meg. 24Men for meg er ikke liv eller død verdt å snakke om, bare jeg kan fullføre løpet og den tjenesten jeg fikk av Herren Jesus: å vitne om evangeliet om Guds nåde.