Bibel 2011 - litterær utgåve i tre bind
Utgåve på nynorsk. Tre bind i samleboks
I dei seinare åra har vi sett ei fornya interesse for Bibelen som litteratur. Dei bibelske bøkene er heilage tekstar, men dei høyrer òg til dei klassiske tekstane i verdslitteraturen.
Ifølgje ei Norstat-undersøking svara 18 prosent at dei helst ikkje vil bli sett medan dei leste i Bibelen. Det er berre Se og Hør som er meir pinleg lesestoff i offentleg samanheng enn Bibelen.
No kan du likevel lese Bibelen overalt utan å bli flau. Bibelselskapets litterære trebindsverk gjer at du kan ha med deg Boka med stor B overalt. Utgåva ser ut som ein heilt vanleg roman - i tillegg har ho òg vunne prisen som årets vakraste bok 2012.
Omslaget er det same som for litteraturutgåva på bokmål som i mars 2012 vann Grafills designpris som den vakraste boka i si klasse.
Språk | Norsk - nynorsk |
ISBN | 9788254108512 |
Antall sider | 2520 |
Innbinding | Innbundet |
Dimensjoner | 130x210 |
Utgivelseår | 2012 |