Boka om boka

Nynorsk
299,-
Kundeklubb:
262,-
192 på lager
ISBN/varenummer: 9788254314050
Utgivelsesår: 2019
Språk: Norsk - nynorsk
Kvifor bruker vi bøker og ikkje skriftrullar? Kva har moderne lesebrett med antikkens skrifttavler å gjera? Og hadde dagens bøker sett heilt annleis ut om ikkje dyreskinn var avlange? Slike spørsmål tek Hans Johan Sagrusten opp i denne boka.

Boka om boka handlar om gamle skrivemateriale som papyrus og pergament, om vokstavler og skriftrullar - men òg om oss sjølve.

For historia om boka er samtidig historia om vår eigen kultur. Gjennom to tusen år har Bibelen påverka skriftkulturen og vore pådrivar for den teknologiske utviklinga i bokkunsten. I denne store boka har ein alltid brukt berre det beste av skrivematerialar, det vakraste av kunsten, det nyaste av teknologi - alt dette som har forma både bokkunsten og våre eigen kultur.
Hans Johan Sagrusten

Hans Johan Sagrusten

(f. 1970) er prest og teolog, bibelomsetjar og forfattar. Han har i ei årrekkje studert teksthistoria til Bibelen og har halde ei rekkje foredrag om bibelmanuskript og arkeologiske funn. Han har arbeidd i Bibelselskapet i ei årrekkje og var forlagssjef i Verbum Forlag i 2019-2020. Han var sokneprest i Lom i 2020-2023 og er i dag bibelbrukskonsulent i Bibelselskapet.

Les mer

Detaljer:

Språk Norsk - nynorsk
ISBN 9788254314050
Antall sider 224
Innbinding Innbundet
Dimensjoner 23x15
Utgivelseår 2019