Hebrearbrevet
Det nye testamentet - lydfil
Hebrearbrevet er skrive på eit litterært avansert gresk, med eit rikt ordforråd og med ulike grep frå talekunsten. Argumentasjonen kan likne på diskusjonar i gresk filosofi, mellom anna slik ein finn det hos den jødiske filosofen Filon i Alexandria.
I og med at brevet har så få konkrete detaljar om tid og stad, er det vanskeleg å datere. Det er sitert i 1. Klemensbrev, som dei fleste daterer til år 96. Nokre meiner at Hebreerbrevet kan ha vore skrive før øydeleggjinga av tempelet i Jerusalem i år 70. Det kan derfor ha blitt til når som helst i tidsrommet 60-95 e. Kr.
Forlag | Lydbokforlaget og Bibelselskapet |
Språk | Norsk - nynorsk |
ISBN | 9788242139665 |
Spilletid | 53 min |
Utgivelseår | 2009 |