Her vi går

Meditasjonar

Nynorsk
289,-
Kundeklubb:
253,-
Mer enn 200 på lager
ISBN/varenummer: 9788254314227
Utgivelsesår: 2020
Språk: Norsk - nynorsk

Oskar Stein Bjørlykke utforskar i denne boka grenselandet mellom det sansbare og det ugripelege. I ei nyskapande form opnar dikta hans ein mediterande dialog med enkeltståande bibelsitat. Slik kan tekstene vera utgangspunkt for meditasjon og stille ettertanke. Forfattaren fangar undringa over det skjøre, vakre og sårbare livet – Her vi går.

I ein glimt.
Dette må eg bera.
Det veit eg.
Ingen kan ta denne børa frå meg.
Om eg skal vera meg sjølv.
Då må eg bera dette.

Kom til meg, alle de som slit
og har tungt å bera;
eg vil gje dykk kvile!


du der
eg såg rett inn i meg sjølv
du der
eg kan leggja av meg børa
du der
eg kan bera kva som helst

Oskar Stein Bjørlykke

Oskar Stein Bjørlykke

(f. 1939) er oppvaksen på Fitjar i Sunnhordland. Han er utdanna teolog og har skrive ei lang rekkje bøker, dei fleste på Samlaget. Forfattarskapen dekkjer både dikt, forteljingar, romanar, barnebøker, barne- og meditasjonsbøker og eit musikkspel. Han var òg stilist i omsetjinga av Bibel 2011. Språket i bøkene er enkelt, vakkert og stilreint. Han skildrar miljø og menneske både varsamt og nært, og vik ikkje unna for vanskelege og sårbare tema. Bjørlykke bur i Oslo.
Les mer

Detaljer:

Språk Norsk - nynorsk
ISBN 9788254314227
Antall sider 100
Innbinding Heftet med klaffer
Utgivelseår 2020