Johannes' openberring

Ein samtidsvisjon

Nynorsk
349,-
Kundeklubb:
305,-
Mer enn 200 på lager
ISBN/varenummer: 9788254314869
Utgivelsesår: 2022
Språk: Norsk - nynorsk

Forfattar Hans Johan Sagrusten snur opp ned på vår lesing av Johannes' openberring, Bibelens siste bok. Med sin sterke biletbruk har boka spreidd håp, men òg frykt for det som skal koma. Ei vanleg tolking er at ho peikar framover mot ei endetid.
Men Openberringa handlar ikkje berre om ei tenkt framtid, ho handlar om oss, seier forfattaren. Det er ei bok vi kan spegle oss i. Her finn han dei mange krisene i vår tid: som klima, flyktningar og oppsmuldringa av den kristne kyrkja. I den same spegelen ser han òg eit glimt av noko nytt og større.

«Openberringa vil riste i oss. Ho vil dengje likesæla ut av oss», seier han. Forfattaren inviterer lesaren inn i ei verd der to tusen år gamle ord blir aktuelle og brennbare.

Hans Johan Sagrusten

Hans Johan Sagrusten

(f. 1970) er prest og teolog, bibelomsetjar og forfattar. Han har i ei årrekkje studert teksthistoria til Bibelen og har halde ei rekkje foredrag om bibelmanuskript og arkeologiske funn. Han har arbeidd i Bibelselskapet i ei årrekkje og var forlagssjef i Verbum Forlag i 2019-2020. Han var sokneprest i Lom i 2020-2023 og er i dag bibelbrukskonsulent i Bibelselskapet.

Les mer

Detaljer:

Språk Norsk - nynorsk
ISBN 9788254314869
Innbinding Innbundet
Utgivelseår 2022