Paulus: Breva til Filipparane og Kolossarane
Det nye testamentet - lydfil
Medan Filipparbrevet utan tvil høyrer til dei såkalla ekte paulusbreva har det i moderne forskning blitt stilt spørsmål ved forfattarskapen til Kolossarbrevet. Dette brevet skil seg på nokre område frå dei andre breva både i språk, stil og teologi. Nokre forskarar trur derfor at det er skrive av ein medarbeidar, elev eller tradisjonsbærar, enten på oppdrag frå Paulus eller få år etter at han døydde (70-80 e.Kr).
Kolossarbrevet er nært knytta til Paulus' brev til Filemon. Begge breva er skrivne i fengsel og fleire av dei same personane er omtala. Dersom dei to breva høyrer saman historisk, har brevet til Filemon óg hatt Kolossai som mottakarstad.
Forlag | Lydbokforlaget og Bibelselskapet |
Språk | Norsk - nynorsk |
ISBN | 9788242139634 |
Spilletid | 37 min |
Utgivelseår | 2009 |