Paulus: Breva til Galatarane og Efesarane
Det nye testamentet - lydfil
Det nye testamentet inneheld 13 brev som oppgir Paulus som avsendar, men nokre av desse breva er pseudepigrafar, det vil seie at dei er skrivne i Paulus sitt namn av ein annan forfattar.
Medan Galatarbrevet utan tvil er eit ekte Paulus-dokument er forfattarskapen til Efesarbrevet meir usikkert. Brevet til galatarane har spela ei viktig rolle gjennom den kristne historia, mellom anna framstillinga av tilhøvet mellom tru og gjerningar og forståinga av tilhøvet mellom den gamle og den nye pakta. Innan moderne teologi blir dette brevet ofte sett på som ei samanfatting av kjernepunkta i den kristne trua.
Til forskjell frå dei andre paulusbreva som er mest opptekne av dei lokale kyrkjelydane, fokuserer Efesarbrevet på den universelle kyrkja, ein fellesskap på tvers av tid og stad. Kyrkja blir her skildra som ein kosmisk storleik, "fylt av han som fyller alt i alle".
Forlag | Lydbokforlaget og Bibelselskapet |
Språk | Norsk - nynorsk |
ISBN | 9788242139627 |
Spilletid | 53 min |
Utgivelseår | 2011 |