Paulus: Breva til Tessalonikarane og Filemon
Det nye testamentet - lydfil
Ifølgje Apostelgjerningane kom Paulus frå aust og blei verande i byen Tessalonika ei kort tid. Han forkynte evangeliet i synagoga, og nokre jødar og mange ikkje-jødar tok i mot bodskapen. Andre protesterte og hissa opp folk. Det blei så mykje uro at Paulus og medarbeidaren hans, Silvanus måtte forlate byen i hast, men før dei drog rakk dei å grunnleggje ein kyrkjelyd.
1. Tessalonikarbrev blei til like etterpå, få månader etter at Paulus drog frå byen. Det hadde etter kvart oppstått nokre problem i kyrkjelyden, både mellom dei kristne og i tilhøvet til omverda. Då Paulus fekk høyre om dette, skreiv han brevet for å rettleie dei. 2. Tessalonikarbrev er truleg skrive berre nokre veker etter 1. Tessalonikarbrev og i dette brevet verkar det som om situasjonen har forverra seg.
Brevet til Filemon er nært knytta til Kolosserbrevet. Begge er skrivne i fengsel og fleire av dei same personane er omtala. Medan forfattarskapen til Kolossarbrevet er omstridd, blir brevet til Filemon rekna som eit ekte Paulusbrev.
Forlag | Lydbokforlaget og Bibelselskapet |
Språk | Norsk - nynorsk |
ISBN | 9788242139641 |
Spilletid | 29 min |
Utgivelseår | 2011 |