Paulus: Breva til Timoteus og Titus
Det nye testamentet - lydfil
Pastoralbreva skil seg frå dei andre paulusbreva mellom anna ved at instruksjonar om verksemda i kyrkjelyden og livsførselen til den einskilde blir tydeleg vektlagt. Åtvaringar mot framand lære har óg større plass enn elles. Desse breva har medverka til at Timoteus og Titus i ettertida har fått ein særeigen posisjon som Paulus' medarbeidarar.
Sjølv om Paulus er oppgitt som forfattar av desse breva, har mange forskarar peika på ei rekkje skilnader mellom pastoralbreva og dei andre paulusbreva. Dette gjeld mellom anna stil og omgrep, og skildringar som peikar i retning av seinare tid og ei meir utvikla kyrkjelydsordning.
Forlag | Lydbokforlaget og Bibelselskapet |
Språk | Norsk - nynorsk |
ISBN | 9788242139658 |
Spilletid | 47 min |
Utgivelseår | 2011 |