Guds løfte

I den eldgamle byen Ur budde slekta til Abram.
Gud sa til Abram: «Bryt opp!
Reis til det landet eg skal vise deg!
Eg vil gjere deg til eit stort folk.
I deg skal alle slekter på jorda bli velsigna.»

Det var rart, for Abram hadde ingen barn.
Kona hans Sarai kunne ikkje få barn.
Ho sørgde over at ho ikkje kunne føre slekta vidare.

Men Abram gjorde som Gud hadde sagt.
Då dei kom til Kanaan,
reiste Abram med folka sine gjennom landet
til han fann ein heilag stad.
Der bygde han eit alter for Gud
og takka for at han hadde ført dei trygt fram.

Men sidan sa Sarai: «Korleis skal det skje?
Korleis skal alle slekter bli velsigna i deg?
Det er ingen etter oss, vi er barnlause,
vi klarer ikkje å lage vår eiga slekt eingong!»

Abram kunne ikkje svare, så han spurde Gud:
«Kva vil du gi meg? Eg går barnlaus bort,
og ein av tenarane mine kjem til å arve alt.»

Då bad Gud han gå ut i ørkenen.
Det vrimla av stjerner på nattehimmelen.
«Sjå opp!» sa Gud. «Tel dei, om du kan!»

Abram prøvde, men kunne ikkje,
det var altfor mange stjerner.
«Så talrik skal slekta di bli»,
lova Gud, og Abram trudde.

Les historia i Bibelen

1Herren sa til Abram: «Dra bort frå landet ditt og frå slekta di og frå farshuset ditt til det landet som eg skal syna deg! 2Eg vil gjera deg til eit stort folk. Eg vil velsigna deg og gjera namnet ditt stort. Du skal bli til velsigning. 3Eg vil velsigna dei som velsignar deg, men den som forbannar deg, skal eg forbanna. I deg skal alle slekter på jorda velsignast.» 4Så tok Abram ut, som Herren hadde sagt han, og Lot drog med han. Abram var 75 år gammal då han braut opp frå Harran. 5Og Abram tok med seg Sarai, kona si, og Lot, brorson sin, og alle eigedelane dei hadde samla seg, og folka dei hadde skaffa seg i Harran. Dei braut opp for å dra til landet Kanaan.Då dei kom til Kanaan, 6drog Abram gjennom landet heilt til den heilage staden Sikem, til More-eika. Den gongen budde kanaanearane i landet. 7Herren synte seg for Abram og sa: «Eg vil gje dette landet til di ætt.» Og der bygde Abram eit altar for Herren, som hadde synt seg for han. 8Derifrå flytte han opp i fjellandet aust for Betel og slo opp teltet sitt mellom Betel i vest og Ai i aust. Der bygde han eit altar for Herren og kalla på Herrens namn. 9Sidan braut Abram opp og drog frå stad til stad mot Negev.

Les i nettbibelen

1Etter at dette hadde hendt, kom Herrens ord til Abram i eit syn: «Ver ikkje redd, Abram! Eg er ditt skjold. Løna di skal bli stor!» 2Men Abram svara: «Herre, min Gud, kva vil du gje meg? For barnlaus går eg bort, og Elieser frå Damaskus er arving til huset mitt.» 3Og Abram sa: «Du har ikkje gjeve meg etterkomarar. Sjå, ein av husfolket mitt skal arva meg.» 4Då kom Herrens ord til han: «Han skal ikkje arva deg, men ein av ditt eige kjøt og blod skal arva deg.» 5Så førte han Abram ut og sa til han: «Sjå opp mot himmelen og tel stjernene, om du kan telja dei!» Og han sa: «Så talrik skal ætta di bli.» 6Abram trudde Herren, og det vart rekna han til rettferd.

Les i nettbibelen